Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Nils Johannesson (Krogen/Teigen/Volden) - fødd i Hafslo 1799 - konfirmert i Hafslo 1815 - kvar vart det av han? - ytre Sogn eller Bergen?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Johannes Johannessen (fødd 1797), som flytte frå Hafslo til Bergen/Laksevåg og drøfta i eit anna emne (https://forum.arkivverket.no/topic/172005-johannes-johannesson-fraa-luster-1797-og-maria-arnesdotter-fraa-aasane-hamre-1792-til-bergen-lagnad/#entry1713805), hadde ein einaste bror:

 

Nils Johannesson (Krogen/Teigen/Volden), døypt i Hafslo 13.7.1799, vart konfirmert i Hafslo i 1815, 17 år gamal, men vert so borte!

 

Foreldri var Johannes Johannesson (1769-1836) og kona Anna Nilsdotter (1775-1834), husmannsfolk under garden Kroken (ytre) i Hafslo, på ein plass som opphavleg vart kalla Teigen, men som sidan fekk namnet Volden!  Diverre finst det ikkje skifte etter nokon av foreldri!

 

Sidan broren Johannes flytte til Bergen, ser eg ikkje bort ifrå at ogso Nils fór dit, men noko prov på dette har eg so langt ikkje greidd å finna.  Han kan like gjerne vera flytt til ytre Sogn eller sogar til Nord-Noreg...?

 

Eg er heilt «blank» når det gjeld lagnaden til Nils og ville setja umåteleg stor pris på alle gode tips om denne karen!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg er i kveld vorten merksam på denne huslyden i FT1865 for plassen Bakkane under garden Sande i Gulen:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038250002484

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Berthel Nielsen  43  Evindvig  husfader  gift  husmand med jord

Sygni Pedersdastter  53  Evindvig  hans kone  gift

Peder Berthelsen  14  Evindvig  deres søn  ugift

Johan Berthelsen  8  Evindvig  deres søn  ugift

Nille Berthelsdatter  16  Evindvig  deres datter  ugift

Kristine Berthelsdatter  12  Evindvig  deres datter  ugift

Niels Johannesen  68  Lyster  gift  føderaadsmand

Kristi Olsdatter  75  Lyster  gift  føderaadskone

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Og her finn eg vigsli 3.7.1821 til:

https://media.digitalarkivet.no/view/11450/177

 

Niels Johannessen Falebøe, ungkar, 23 aar, tienestedreng

Christie Olsdatter Lie, pige, 29 aar, gaardmandsdatter

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ikkje mykje i denne vigsli fortel oss kven Nils var, og difor er eg heller ikkje vorten merksam på han den gongen eg las igjennom vigselsprotokollane for Gulen!

 

Ingen andre Nils Johannesson er fødd på den tidi korkje i Luster eller i Hafslo, so eg har ein sterk mistanke om at dette er «vår» Nils!  Men kan me prova det?

 

Ivar Kleiva i Gulen, bd. I, side 188 (garden Fallebø, plassen Flotevik) nemner at denne plassen «vart oppteken kring 1820 av ein Nils Johannesson f. 1798.  Nils vart g. 5.7.1821 m. Kristi Olsdtr. Li, f. 1792 (82-5, 36a).  Nils er då kalla Fallebø, men er neppe f. der.  Alt før 1832 forlet dei Flotevika, budde visst ei stund på Rise og i Brosvik.  Truleg var dei tenestfolk eller paktarar og flytte frå stad til stad.  Men dei enda sine dagar på Sande, og var då kårfolk.  Kristi døydde 13.12.1869, Nils 25.4.1869.  Dei hadde desse borna som levde opp, minst:

a. Bertel f. 23.2.1823, sjå 79-10, 1)

b. Ola f. 26.2.1832, g. på Nappen 9.6.1868 m. Helene Lusie Kristensdtr. L. Kvernøy, f. 13.8.1837, så (15-Neset, 4)

c. Johannes døypt 36.12.1834, sjå Svardal (66-«Stranden,» 1)»

 

Sonen Bertel (jmf. FT1865 ovanfor) er omskriven i bd. II, side 626 (garden Sande, bnr. 10 «Bakken») der han var husmann (sonen Johan fekk skøyte i 1879!)

 

Under Fallebø, plassen Flotevik nemner Kleiva som neste brukar ei som «visst var ei syster av Nils», Brita, f. 1802.  Ho var gift med ein Ole Hansson f. 1800, truleg innflyttar.  Desse flytte i 1841 inn på plassen «Storevik eller Flåtevikneset» der Brita Johannesdotter døydde 10.12.1852.  Ole Hansson gifte seg 27.8.1855 att med Kari Larsdotter Indrevær, f. 1810.  Han døydde 3.3.1875, medan Kari døydde på legd i Dingja 27.11.1888.  Ein fosterson er nemnd...

 

Dette tek til å verta skikkeleg spennande:

 

Denne vigsli fann stad i Gulen 12.8.1827:

https://media.digitalarkivet.no/view/11451/174

 

Ole Hansson Fonden, ungkar, 27 år - far: Hans Berthelson Fonden

Brithe Johannesdotter Yttrekrogen i Hafslo kald, pige, 21 år - far: Johannes Johannesson Krogen

 

Det er ingen Britha Johannesdotter fødd i Hafslo på den tidi. men derimot ser eg at Johannes Johannesson og Anna Nilsdotter, som frå 1802 var plassfolk i Teigen/Volden under Kroken i Hafslo, fekk ei ekstra dotter, medan dei budde på husmannsplassen Fiskasete under Berge i Luster, Britha, døypt 2.7.1801: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/248

 

Denne Britha vart IKKJE konfirmert i Hafslo, so ho bør nok finnast konfirmert i Gulen...(?)

 

Etter desse funni trur eg me kan konkludera med at både Nils og Britha busette seg i Gulen!  Eg lyt no gå gjennom kjeldene frå Gulen for å sjå kva eg kan finna av fleire detaljar, og so kjem eg attende....

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe

Hei Lars

 

Jeg kan ikke hjelpe deg her direkte, men tar kopi av innlegget ditt og sender ut til personer/bygder i Gulen som kanskje kjenner til noen i denne familien. 

Har røtter i Gulen og jobber der pr i dag.

 

Mvh

Ivar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for nytt innlegg, som er komme, medan eg har jobba med denne huslyden!  Eg set pris på at du vil hjelpa meg med denne huslyden, men då vil eg rå til at du tek utgangspunkt i det nye manuskriptet som følgjer lenger nede...

 

Eg har no sett opp eit manuskript for huslydane til dei to søskeni Nils Johannesson (1799-1869) og Britha Johannesdotter (1801-1852) frå Teigen/Volden under Kroken i Hafslo, so langt som eg kjem med føreliggjande kjelder og utan å leita i detalj etter eventuelle dødsfall og born som ikkje er nemnde korkje hjå Kleiva eller hjå FamilySearch.

 

Eg tykte nok det var «mistenkeleg» lange avstandar mellom borni til Britha Johannesdotter og Ole Hansson, men kanskje dei ikkje hadde fleire born enn dei tre eg har finne...?  Mori var forresten 49 år då yngste dotteri var fødd...

 

Her følgjer so manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Nils Johannesson (Krogen), døypt i Luster 13.7.1799,

Nils Johannesson flytte i ung alder som tenestedreng til Fallebø i Gulen der han 3.7.1821 gifte seg med Christi Olsdotter frå Li i Gulen.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Otteson på Li, opphavleg frå Brandanger, og kona Johanna Olsdotter frå Sætenes og vart døypt i Gulen 25.4.1792.  Nils og Christi var først plassfolk i Flåteviki under Fallebø i Gulen, men flytte snart derifrå og pakta ei tid eit bruk på Rise, men var elles plassfolk både under Breivik og Brosvik i Gulen til dei kring 1833 hamna som husmannsfolk i Bakkane under Sande.  Der vart dei buande levetidi ut.  Christi d. som kårkone på Sande 13.12.1868, medan Nils d. som enkjemann og kårmann same staden på Sande 25.4.1869.  Dei fekk fem born i lag:

a. Bertel Nilsson, f. i Gulen 20.2.1823, d. som kårmann på Sande 12.5.1901.  Bertel gifte seg første gongen i Gulen 27.12.1850 med Sygni Pedersdotter frå eitt av bruki på Sande, døypt i Gulen 24.3.1813.  Ho d. som husmannskone på Sande 21.12.1870, og Bertel gifte seg att i Gulen 22.6.1871 med Gjertrud Clausdotter frå Tveit i Gulen, f. i Gulen 30.12.1823.  Ho d. som kårenkje på Sande 7.1.1908.  Bertel tok over som husmann i Bakkane under Sande etter foreldri sine og fekk fire born, som alle var frå første ekteskapet.

b. Olina Nilsdotter, f. i Gulen 8.1.1826, d. på Sognefest i Gulen 9.5.1826.

c. Johanna Nilsdotter, f. i Gulen 26.3.1829,

 

     ¤¤¤¤¤ (konfirmert 1844 – lagnaden hennar?)

 

d. Ole Nilsson, f. i Gulen 26.2.1832, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910!)

 

     Ole gifte seg i Gulen 9.6.1868 med Helena Lucie, mkjend som Elen Christensdotter frå Blidensol under Skjerjehamn i Gulen, f. i Gulen 13.8.1837.  Ho d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910!)

 

     Ole og Sygni var ei tid paktarar på Presteneset under Eivindvik prestegard, men Ole livnærte seg sidan som fiskar, og han og Elen flytte til Byrknes i Gulen. 

 

     ¤¤¤¤¤ (budde der i 1910 – kva sidan?)

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – Kleiva nemner desse: Christian 1868 – n. 1900/1910, Bernt 1869, Elias 1870, Erling Benjamin 29.7.1874 – konf. Byrknes 1889)

 

e. Johannes Nilsson, f. i Gulen 30.10.1834, d. som husmann på Svardal 26.5.1886.  Johannes gifte seg i Gulen 3.7.1860 med Sygni Colbeinsdotter frå eit bruk på Sande, f. i Gulen 1.2.1838.  Ho d. på gamleheimen på Årstad i Bergen 8.12.1924.  Johannes og Sygni var husmannsfolk på Stranden under Svardal i Gulen til Sygni som enkje kring 1900 flytte til Bergen.  Dei fekk

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – Kleiva nemner ni born!)

 

~~~~~

 

Britha Johannesdotter (Krogen), døypt i Luster 2.7.1801,

Britha Johannesdotter flytte i svært ung alder til Gulen der ho 12.8.1827 gifte seg med Ole Hansson frå Fonden i Gulen.  Han var son av gardbrukar Hans Bertelson på Fonden og kona Elisabeth Olsdotter frå Glavær nordre og vart døypt i Gulen 2.3.1800.  Ole og Britha budde ei tid på Vetlebrandsdal og sidan som plassfolk under Eivindvik prestegard, men ser ut til i 1830-åri å ha teke over som plassfolk etter bror hennar i Flåteviki under Fallebø der Britha d. som husmannskone 10.12.1852.  Ole Hansson gifte seg 27.8.1855 att i Gulen med Kari Larsdotter frå Indrevær i Solund.  Ho var dotter av Lars Pederson på Indrevær og kona Ragnhild Iversdotter frå Fivelsdal og vart døypt i Solund, Gulen 31.5.1810.  Dei vart buande som plassfolk i Flåteviki under Fallebø der Ole d. som husmann 3.3.1875.  Kari d. som legdelem på Dingen i Gulen 27.11.1888.  Ole fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet med Britha:

a. Anna Olsdotter, f. i Gulen 1.5.1827,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – døydde ho ung?)

 

b. Bertha Olsdotter, f. i Gulen 15.10.1834,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – døydde ho ung?)

 

c. Elisabeth Olsdotter, f. i Gulen 23.1.1850, d.på Fallebø i Gulen 25.1.1850.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vil på ny få takka so mykje for alle gode tips når det gjeld desse søskeni og huslydane deira!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no bladd igjennom dei avlidne i Gulen frå 1826 til 1855.  Eg fann dødsfallet hennar Olina Nilsdotter, men ikkje til søsteri Johanna Nilsdotter eller til dei to borni hennar Britha, Anna og Bertha Olsdøttrer!  Merkeleg!

 

Eg kan sjølvsagt ha oversett dei, eller kanskje andre har betre auge enn eg....

 

Eg har forresten oppdatert innlegget ovanfor med dei funni eg har gjort!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

d. Ole Nilsson, f. i Gulen 26.2.1832, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910!)

 

     Ole gifte seg i Gulen 9.6.1868 med Helena Lucie, mkjend som Elen Christensdotter frå Blidensol under Skjerjehamn i Gulen, f. i Gulen 13.8.1837.  Ho d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910!)

 

     Ole og Sygni var ei tid paktarar på Presteneset under Eivindvik prestegard, men Ole livnærte seg sidan som fiskar, og han og Elen flytte til Byrknes i Gulen. 

 

     ¤¤¤¤¤ (budde der i 1910 – kva sidan?)

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – Kleiva nemner desse: Christian 1868 – n. 1900/1910, Bernt 1869, Elias 1870, Erling Benjamin 29.7.1874 – konf. Byrknes 1889)

 
Kan dette være dødsfallet til enka Elen Kristensdatter i 1930, gravlagt 1931? 
 
Og dette er kanskje Ole Nilsen, død 1919:
 
 
SAB, Gulen Sokneprestembete, Mjømna sokn, Klokkerbok nr. D 1, 1901-1924, s. 102
Permanent bilde-ID: kb20060815020516
 

Christian, 1868

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NHJG-NR8

 

Bernt Johan, 1869

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NCMX-Y8B

 

Elias Olai, 1872

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NCMX-YZQ

 

Elling Benjamin, f. 1874

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NCMX-T5P

 

Familien i 1875: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052297000140

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

I 1891 var husmann Ole Nilsen bosatt på Teigen:

 

RA, Folketelling 1891 for 1411 Gulen herred, 1891, s. 22
Permanent bilde-ID: ft20100129371051
 

Her er personsedlene - først Ole Nilsen:

 

RA, Folketelling 1891 for 1411 Gulen herred, 1891, s. 3243
Permanent bilde-ID: ft11214092920971
 
Her er kona Elen Lusie:
RA, Folketelling 1891 for 1411 Gulen herred, 1891, s. 3244
Permanent bilde-ID: ft11214092920972
 
Datteren Berthe Johanne Olsdatter, f. 1877
RA, Folketelling 1891 for 1411 Gulen herred, 1891, s. 3245
Permanent bilde-ID: ft11214092920973
 
Datteren Kathrine, f. 1881
RA, Folketelling 1891 for 1411 Gulen herred, 1891, s. 3246
Permanent bilde-ID: ft11214092920974
 
Se nr. 29
SAB, Gulen Sokneprestembete, Klokkerbok nr. B 2, 1867-1883, s. 79
Permanent bilde-ID: kb20070305360439
 
Se nr. 13
SAB, Gulen Sokneprestembete, Klokkerbok nr. B 2, 1867-1883, s. 88
Permanent bilde-ID: kb20070305360448
 
 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for kjempemessige innlegg!

 

Eg bladde gjennom Eivindvik hovudsokn på leiting etter desse dødsfalli, og der var dei sjølvsagt ikkje!  No fann du dei i Mjømma, og eg er skikkeleg glad for det!  Og i 1891 var dei tydeleg husmannsfolk på Teigen under Byrknes!

 

Ogso fann du to born i tillegg til dei me hadde frå før!

 

Greier du kanskje å finna ut kor mange born Johannes og Sygni fekk òg?  Problemet med FamiySearch er at dei listene sluttar først på 1870-talet, so me får ikkje med oss alle borni der...

 

Elles manglar me no berre opplysningar om lagnadane til Johanna Nilsdotter og dei to døtrene etter Britha, Anna og Bertha Olsdotter...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Nils Johannesson (Krogen), døypt i Luster 13.7.1799,

Nils Johannesson flytte i ung alder som tenestedreng til Fallebø i Gulen der han 3.7.1821 gifte seg med Christi Olsdotter frå Li i Gulen.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Otteson på Li, opphavleg frå Brandanger, og kona Johanna Olsdotter frå Sætenes og vart døypt i Gulen 25.4.1792.  Nils og Christi var først plassfolk i Flåteviki under Fallebø i Gulen, men flytte snart derifrå og pakta ei tid eit bruk på Rise, men var elles plassfolk både under Breivik og Brosvik i Gulen til dei kring 1833 hamna som husmannsfolk i Bakkane under Sande.  Der vart dei buande levetidi ut.  Christi d. som kårkone på Sande 13.12.1868, medan Nils d. som enkjemann og kårmann same staden på Sande 25.4.1869.  Dei fekk fem born i lag:

a. Bertel Nilsson, f. i Gulen 20.2.1823, d. som kårmann på Sande 12.5.1901.  Bertel gifte seg første gongen i Gulen 27.12.1850 med Sygni Pedersdotter frå eitt av bruki på Sande, døypt i Gulen 24.3.1813.  Ho d. som husmannskone på Sande 21.12.1870, og Bertel gifte seg att i Gulen 22.6.1871 med Gjertrud Clausdotter frå Tveit i Gulen, f. i Gulen 30.12.1823.  Ho d. som kårenkje på Sande 7.1.1908.  Bertel tok over som husmann i Bakkane under Sande etter foreldri sine og fekk fire born, som alle var frå første ekteskapet.

b. Olina Nilsdotter, f. i Gulen 8.1.1826, d. på Sognefest i Gulen 9.5.1826.

c. Johanna Nilsdotter, f. i Gulen 26.3.1829,

 

     ¤¤¤¤¤ (konfirmert 1844 – lagnaden hennar?)

 

d. Ole Nilsson, f. i Gulen 26.2.1832, d. som husmann på Byrknes i Gulen 14.3.1919.  Ole gifte seg i Gulen 9.6.1868 med Helena Lucie, kjend som Elen Christensdotter frå Blidensol under Skjerjehamn i Gulen, f. i Gulen 13.8.1837.  Ho d. som enkje på Byrknes 18.12.1930.  Ole og Elen var ei tid paktarar på Presteneset under Eivindvik prestegard og frå kring 1876 på eit bruk på Byrknes, men Ole livnærte seg for det meste som fiskar, og han og Elen vart i 1880-åri plassfolk på Teigen under Byrknes i Gulen der dei budde levetidi ut.  Dei fekk seks born i lag.

e. Johannes Nilsson, f. i Gulen 30.10.1834, d. som husmann på Svardal 26.5.1886.  Johannes gifte seg i Gulen 3.7.1860 med Sygni Colbeinsdotter frå eit bruk på Sande, f. i Gulen 1.2.1838.  Ho d. på gamleheimen på Årstad i Bergen 8.12.1924.  Johannes og Sygni var husmannsfolk på Stranden under Svardal i Gulen til Sygni som enkje kring 1900 flytte til Bergen.  Dei fekk åtte born i lag.

 

~~~~~

 

Britha Johannesdotter (Krogen), døypt i Luster 2.7.1801,

Britha Johannesdotter flytte i svært ung alder til Gulen der ho 12.8.1827 gifte seg med Ole Hansson frå Fonden i Gulen.  Han var son av gardbrukar Hans Bertelson på Fonden og kona Elisabeth Olsdotter frå Glavær nordre og vart døypt i Gulen 2.3.1800.  Ole og Britha budde ei tid på Vetlebrandsdal og sidan som plassfolk under Eivindvik prestegard, men ser ut til i 1830-åri å ha teke over som plassfolk etter bror hennar i Flåteviki under Fallebø der Britha d. som husmannskone 10.12.1852.  Ole Hansson gifte seg 27.8.1855 att i Gulen med Kari Larsdotter frå Indrevær i Solund.  Ho var dotter av Lars Pederson på Indrevær og kona Ragnhild Iversdotter frå Fivelsdal og vart døypt i Solund, Gulen 31.5.1810.  Dei vart buande som plassfolk i Flåteviki under Fallebø der Ole d. som husmann 3.3.1875.  Kari d. som legdelem på Dingen i Gulen 27.11.1888.  Ole fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet med Britha:

a. Anna Olsdotter, f. i Gulen 1.5.1827,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – døydde ho ung?)

 

b. Bertha Olsdotter, f. i Gulen 15.10.1834,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – døydde ho ung?)

 

c. Elisabeth Olsdotter, f. i Gulen 23.1.1850, d.på Fallebø i Gulen 25.1.1850.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Nok ein stor takk for framifrå opplysningar!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Hei igjen!

 

Denne setningen her skjønner jeg ikke helt, fordi det står Ole og Sygni, men Ole var da gift med Helene/Elen?

 

"Ole og Sygni var ei tid paktarar på Presteneset under Eivindvik prestegard, men Ole livnærte seg sidan som fiskar, og han og Elen flytte til Byrknes i Gulen. "

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Berthe Johanne ble konfirmert i 1892 - se nr. 38

 

SAB, Gulen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. B 1, 1881-1905, s. 156
Permanent bilde-ID: kb20060621060387
 
 
Katrine ble konfirmert i 1895 - se nr. 31:
 
SAB, Gulen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. B 1, 1881-1905, s. 163
Permanent bilde-ID: kb20060621060394
 
Men har du funnet familien i f.t. 1900?

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye interessante innlegg!

 

Sygni var ein prenteleif!  Båe brørne var gifte med Sygnis...  Dette er no retta opp ovanfor!

 

Her er huslyden i FT1900: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037337002862

 

Nok ein kjempetakk foir framifrå innsats!


Hjarteleg takk til Grethe for nye interessante innlegg!

 

Sygni var ein prenteleif!  Båe brørne var gifte med Sygnis...  Dette er no retta opp ovanfor!

 

Her er huslyden i FT1900: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037337002862

 

Nok ein kjempetakk for framfrå innsats!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

e. Johannes Nilsson, f. i Gulen 30.10.1834, d. som husmann på Svardal 26.5.1886.  Johannes gifte seg i Gulen 3.7.1860 med Sygni Colbeinsdotter frå eit bruk på Sande, f. i Gulen 1.2.1838.  Ho d. på gamleheimen på Årstad i Bergen 8.12.1924.  Johannes og Sygni var husmannsfolk på Stranden under Svardal i Gulen til Sygni som enkje kring 1900 flytte til Bergen.  Dei fekk

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – Kleiva nemner ni born!)

 

Her er vel Sygni som enke i 1891 - tellingskrets 5, husliste nr. 24 

 

RA, Folketelling 1891 for 1411 Gulen herred, 1891, s. 14
Permanent bilde-ID: ft20100129371043
 

Personsedlene: 

Sygni

RA, Folketelling 1891 for 1411 Gulen herred, 1891, s. 1794
Permanent bilde-ID: ft11214092919522
 
Sønnen Nils, f. 1870
RA, Folketelling 1891 for 1411 Gulen herred, 1891, s. 1795
Permanent bilde-ID: ft11214092919523
 
Datteren Karoline Marie, f. 1883
RA, Folketelling 1891 for 1411 Gulen herred, 1891, s. 1796
Permanent bilde-ID: ft11214092919524
 
----------------------------------------------
 
1. Claus, 1860
 
2. Elen Kristine, 1863
 
Johannes og Sygni med de to eldste barna i 1865: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038250001614
 
3. Malene, 1866
 
4. Nils, 1870
 
5. Johannes, 1873:
 
Johannes og Sygni i 1875:
 
Ser ut som sønnen Claus var fostersønn på Storenæs i 1875:
 
Elen ser ut til å være fosterdatter på Sande i 1875:
 
Her er konfirmasjonen til 1. Klaus:
SAB, Gulen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 23, 1870-1880, s. 151
Permanent bilde-ID: kb20070111350127
 
2. Elen, nr. 24
SAB, Gulen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 23, 1870-1880, s. 164
Permanent bilde-ID: kb20070111350141
 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

3. Malene - nr. 5

SAB, Gulen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. B 1, 1881-1905, s. 132

Permanent bilde-ID: kb20060621060362
 

4. Nils - nr. 26

SAB, Gulen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 23, 1870-1880, s. 164
Permanent bilde-ID: kb20070111350141
 
5. Johannes - nr. 18
SAB, Gulen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. B 1, 1881-1905, s. 145
Permanent bilde-ID: kb20060621060375
 
6. Gjertine Serine - nr. 22
SAB, Gulen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. B 1, 1881-1905, s. 153
Permanent bilde-ID: kb20060621060383
 
7. Arentine Oline - nr. 25
SAB, Gulen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. B 1, 1881-1905, s. 161
Permanent bilde-ID: kb20060621060392
 
8. Karoline Marie - nr. 17
SAB, Gulen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. B 1, 1881-1905, s. 167
Permanent bilde-ID: kb20060621060398
 
Da har jeg vel 8 barn og nå har jeg funnet bygdeboka på www.bokhylla. no. 
 
Gulen i gammal og ny tid : gards- og ættesoga. 2

 

s. 421: Her finner jeg som første barn: Sygni, født 16/6 1853, konfirmert på Fivelsdal i 1869.

 

Jeg mener å finne ei Sygni, født 16/6-1853 - se nr. 35 - men hun er datter Johannes Eriksen og Synnøve Larsdatter Svardal:

 

SAB, Gulen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 22, 1859-1869, s. 150
Permanent bilde-ID: kb20070305620638
 
Du får se nærmere på dette, Lars!

 

 
 
 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for overtydande og nyttige innlegg!

 

Eg hadde òg lagt merke til denne eldste guten som Kleiva hadde plassert under barneflokken hans Johannes og kunne ikkje heilt forstå òrsaki til det.  Elles ser eg at du har gått grundig gjennom kyrkjebøkene på leiting etter born, og eg godtek talet på åtte!  Soleis set eg òg barnetalet hjå Ole Nilsson til seks!  Manuskriptet iinnlegg #8 ovanfor er retta opp tilsvarande.

 

Då står me i denne huslyden berre att med oppsporing av Johanna Nilsdotter og Anna og Bertha Olsdøttrer...

 

Men dei vert sikkert vanskelege å finna att...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå innsats for å komplettera denne nyoppdaga huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for eit nytt interessant og lovande innlegg!

 

Denne Bertha Olsdotter kan so absolutt vera eit «blinkskòt».  Det finst ingen andre Bertha Olsdotter døypte i Gulen 1834-1836!

 

Elles har eg i dag gjort ei anna svært so spennande oppdaging:

 

Nils Johannesson og Britha Johannesdotter hadde endå ein bror i Gulen, som eg ikkje har visst om, sjå konfirmant #24:  Anders Johannesson Tungaadden, 18 1/2 år, son av Johannes Johannesson og Anna Nilsdotter «i Leirdals kald»:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11450/237

 

Eg finn ingen Anders Johannesson med desse foreldri døypte i Lærdal mellom 1803 og 1809!  Han er ikkje døypt i Hafslo og heller ikkje i Luster!

 

So har me denne vigsli frå Gulen 22.3.1829: Anders Johannesson, 28 år, fødd på Stønjum i Lærdal av far Johannes Johannesson, med Johanna Olsdotter Næssen, 23 år, dotter av Ole Gregoriusson Næssen:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11451/177

 

Det finst ikkje nokon Johannes Johannesson på Stønjum i Lærdal 1801!

 

Eg finn ikkje Anders Johannesson i 1865, men her er nok kona hans, Johanna Olsdotter, som enkje og innerst på Li i Gulen:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038250002575

 

I dag er FamilySearch nede, og det er tidkrevjande å sjekka ut slike huslydar, men eg har so absolutt god tru på at det er denne Anders som høyrer til søskenflokken frå Teigen/Volden under Kroken i Hafslo!  Her ser eg i alle fall tre born:

 

* Anna Andersdotter, fødd Homledal 10.12.1828 (eller 10.11.?) (Britha Johannesdotter Rise er fadder): https://media.digitalarkivet.no/view/11451/67

 

* Olina Andersdotter, fødd Sognefest 7.10.1831 (Nils Johannesson Brosvig er fadder): https://media.digitalarkivet.no/view/11451/76

 

* Johannes Andersson, fødd Evindvig 14.2.1835 (Britha Johannesdotter Evindvig er fadder): https://media.digitalarkivet.no/view/11451/43

 

So vil eg på ny få takka so mykje for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

 

Nils Johannesson (Krogen), døypt i Luster 13.7.1799,

Nils Johannesson flytte i ung alder som tenestedreng til Fallebø i Gulen der han 3.7.1821 gifte seg med Christi Olsdotter frå Li i Gulen.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Otteson på Li, opphavleg frå Brandanger, og kona Johanna Olsdotter frå Sætenes og vart døypt i Gulen 25.4.1792.  Nils og Christi var først plassfolk i Flåteviki under Fallebø i Gulen, men flytte snart derifrå og pakta ei tid eit bruk på Rise, men var elles plassfolk både under Breivik og Brosvik i Gulen til dei kring 1833 hamna som husmannsfolk i Bakkane under Sande.  Der vart dei buande levetidi ut.  Christi d. som kårkone på Sande 13.12.1868, medan Nils d. som enkjemann og kårmann same staden på Sande 25.4.1869.  Dei fekk fem born i lag:

....

a. Bertel Nilsson, f. i Gulen 20.2.1823, d. som kårmann på Sande 12.5.1901.  Bertel gifte seg første gongen i Gulen 27.12.1850 med Sygni Pedersdotter frå eitt av bruki på Sande, døypt i Gulen 24.3.1813.  Ho d. som husmannskone på Sande 21.12.1870, og Bertel gifte seg att i Gulen 22.6.1871 med Gjertrud Clausdotter frå Tveit i Gulen, f. i Gulen 30.12.1823.  Ho d. som kårenkje på Sande 7.1.1908.  Bertel tok over som husmann i Bakkane under Sande etter foreldri sine og fekk fire born, som alle var frå første ekteskapet.

....

 

Hei Lars,

Nils og kona hadde også ein son Ole Nilsson, f. 8.8.1821 på Lie/Lid. Det er muligens han som er d. 25.11.1821 på Lie/Lid.

 

Endret av Gisle Hersvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

So har me denne vigsli frå Gulen 22.3.1829: Anders Johannesson, 28 år, fødd på Stønjum i Lærdal av far Johannes Johannesson, med Johanna Olsdotter Næssen, 23 år, dotter av Ole Gregoriusson Næssen:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11451/177

 

...............

 Her ser eg i alle fall tre born:

 

* Anna Andersdotter, fødd Homledal 10.12.1828 (eller 10.11.?) (Britha Johannesdotter Rise er fadder): https://media.digitalarkivet.no/view/11451/67

 

* Olina Andersdotter, fødd Sognefest 7.10.1831 (Nils Johannesson Brosvig er fadder): https://media.digitalarkivet.no/view/11451/76

 

* Johannes Andersson, fødd Evindvig 14.2.1835 (Britha Johannesdotter Evindvig er fadder): https://media.digitalarkivet.no/view/11451/43

 

So vil eg på ny få takka so mykje for kjempefin hjelp med denne huslyden!

 

Hei Lars,

Ole Gregoriussen Gylten, 1772-1823 er omskreven på s. 127 og 182 i Solund BB, Band 2. Kona hans var fra søre Kråkenes.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

 Her ser eg i alle fall tre born:

 

* Anna Andersdotter, fødd Homledal 10.12.1828 (eller 10.11.?) (Britha Johannesdotter Rise er fadder): https://media.digitalarkivet.no/view/11451/67

 

* Olina Andersdotter, fødd Sognefest 7.10.1831 (Nils Johannesson Brosvig er fadder): https://media.digitalarkivet.no/view/11451/76

 

* Johannes Andersson, fødd Evindvig 14.2.1835 (Britha Johannesdotter Evindvig er fadder): https://media.digitalarkivet.no/view/11451/43

 

Hei Lars,

Det er mulig 3 til som skal høyre til denne familien;

  • Andreas f. 1838
  • Kirstine f. 1841
  • Andreas f. 1838

 

Anne f. 1828 er kun lista på s. 235 i Solund BB, Band 2. Humledal/Homledal finnes under Humlevåg.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

Anders Johannesson, 62 år, døde i Eivindvik, 24.9 1862, gr. 1.10.1862 (KLOK B1 1854-1866, s. 271)

Endret av Gisle Hersvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

b. Bertha Olsdotter, f. i Gulen 15.10.1834,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – døydde ho ung?)

 

Et skudd i blinde:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038250000660 

 

Det er vel den samme Berthe Olsdatter vi finn under Nessehaugen ved FT 1875 (tjenestepige)? Nessehaugen under Nessa i Solund.

Endret av Gisle Hersvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle for fleire spennande og svært nyttige innlegg!

 

Eg har no oppgradert manuskriptet mitt og teke med Anders som yngste son i denne huslyden.  Eg har òg teke med dei opplysningane me so langt har samla om huslyden til Anders, men der manglar det sjølvsagt mykje om borni...

 

Det ser forresten ut som om Anders og Johanna må ha vore plassfolk under Eivindvik prestegard, men underleg er det då at dei ikkje er nemnde hjå Ivar Kleiva...  Kanskje han har plassert dei ein annan stad...?  Her er forresten dødsfallet til Johanna Olsdotter på Li:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/6857/217

 

Eg finn forresten ikkje den yngste sonen Andreas som Gisle nemner....

 

Her kjem so manuskriptet mitt pr. i kveld:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Nils Johannesson (Krogen), døypt i Luster 13.7.1799,

Nils Johannesson flytte i ung alder som tenestedreng til Fallebø i Gulen der han 3.7.1821 gifte seg med Christi Olsdotter frå Li i Gulen.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Otteson på Li, opphavleg frå Brandanger, og kona Johanna Olsdotter frå Sætenes og vart døypt i Gulen 25.4.1792.  Nils og Christi var først plassfolk i Flåteviki under Fallebø i Gulen, men flytte snart derifrå og pakta ei tid eit bruk på Rise, men var elles plassfolk både under Breivik og Brosvik i Gulen til dei kring 1833 hamna som husmannsfolk i Bakkane under Sande.  Der vart dei buande levetidi ut.  Christi d. som kårkone på Sande 13.12.1868, medan Nils d. som enkjemann og kårmann same staden på Sande 25.4.1869.  Dei fekk seks born i lag:

a. Ole Nilsson, f. i Gulen 8.8.1821, d. på Li i Gulen 25.11.1821.

b. Bertel Nilsson, f. i Gulen 20.2.1823, d. som kårmann på Sande 12.5.1901.  Bertel gifte seg første gongen i Gulen 27.12.1850 med Sygni Pedersdotter frå eitt av bruki på Sande, døypt i Gulen 24.3.1813.  Ho d. som husmannskone på Sande 21.12.1870, og Bertel gifte seg att i Gulen 22.6.1871 med Gjertrud Clausdotter frå Tveit i Gulen, f. i Gulen 30.12.1823.  Ho d. som kårenkje på Sande 7.1.1908.  Bertel tok over som husmann i Bakkane under Sande etter foreldri sine og fekk fire born, som alle var frå første ekteskapet.

c. Olina Nilsdotter, f. i Gulen 8.1.1826, d. på Sognefest i Gulen 9.5.1826.

d. Johanna Nilsdotter, f. i Gulen 26.3.1829,

 

     ¤¤¤¤¤ (konfirmert 1844 – lagnaden hennar?)

 

e. Ole Nilsson, f. i Gulen 26.2.1832, d. som husmann på Byrknes i Gulen 14.3.1919.  Ole gifte seg i Gulen 9.6.1868 med Helena Lucie, kjend som Elen Christensdotter frå Blidensol under Skjerjehamn i Gulen, f. i Gulen 13.8.1837.  Ho d. som enkje på Byrknes 18.12.1930.  Ole og Elen var ei tid paktarar på Presteneset under Eivindvik prestegard og frå kring 1876 på eit bruk på Byrknes, men Ole livnærte seg for det meste som fiskar, og han og Elen vart i 1880-åri plassfolk på Teigen under Byrknes i Gulen der dei budde levetidi ut.  Dei fekk seks born i lag.

f. Johannes Nilsson, f. i Gulen 30.10.1834, d. som husmann på Svardal 26.5.1886.  Johannes gifte seg i Gulen 3.7.1860 med Sygni Colbeinsdotter frå eit bruk på Sande, f. i Gulen 1.2.1838.  Ho d. på gamleheimen på Årstad i Bergen 8.12.1924.  Johannes og Sygni var husmannsfolk på Stranden under Svardal i Gulen til Sygni som enkje kort før hundreårsskiftet flytte til Årstad ved Bergen.  Dei fekk åtte born i lag.

 

~~~~~

 

Britha Johannesdotter (Krogen), døypt i Luster 2.7.1801,

Britha Johannesdotter flytte i svært ung alder til Gulen der ho 12.8.1827 gifte seg med Ole Hansson frå Fonden i Gulen.  Han var son av gardbrukar Hans Bertelson på Fonden og kona Elisabeth Olsdotter frå Glavær nordre og vart døypt i Gulen 2.3.1800.  Ole og Britha budde ei tid på Vetlebrandsdal og sidan som plassfolk under Eivindvik prestegard, men ser ut til i 1830-åri å ha teke over som plassfolk etter bror hennar i Flåteviki under Fallebø der Britha d. som husmannskone 10.12.1852.  Ole Hansson gifte seg 27.8.1855 att i Gulen med Kari Larsdotter frå Indrevær i Solund.  Ho var dotter av Lars Pederson på Indrevær og kona Ragnhild Iversdotter frå Fivelsdal og vart døypt i Solund, Gulen 31.5.1810.  Dei vart buande som plassfolk i Flåteviki under Fallebø der Ole d. som husmann 3.3.1875.  Kari d. som legdelem på Dingen i Gulen 27.11.1888.  Ole fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet med Britha:

a. Anna Olsdotter, f. i Gulen 1.5.1827,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – døydde ho ung?)

 

b. Bertha Olsdotter, f. i Gulen 15.10.1834,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – tente truleg på Rutle i Gulen 1865 og på Nessehaugen under Nessa i Solund i 1875)

 

c. Elisabeth Olsdotter, f. i Gulen 23.1.1850, d.på Fallebø i Gulen 25.1.1850.

 

~~~~~

 

Anders Johannesson (Krogen), f. i Hafslo kring 1805,

Anders Johannesson flytte òg i svært ung alder til Gulen der han 22.3.1829 gifte seg med Johanna Olsdotter frå Nessa i Solund, Gulen.  Ho var dotter av husmann Ole Gregoriusson på Nessehaugen under Nessa i Solund, opphavleg frå Gylten, og kona Kirsti Didriksdotter frå Kråkenes søre og vart døypt i Solund, Gulen 1.1.1805.  Anders og Johanna busette seg på 1830-talet som husmannsfolk på ein plass

 

##### (kva for ein plass?)

 

under Eivindvik prestegard der Johanna d. etter barselseng 16.2.1844.  Anders gifte seg 24.8.1844 att i Gulen med Thora Eriksdotter frå Brekke indre i Brekke, Gulen.  Ho var dotter av husmann Erik Bendikson på ein plass

 

##### (kva for ein plass?)

 

under Brekke indre i Brekke, Gulen, opphavleg frå Leirnes på Kyrkjebø, og kona Gunnhild Pedersdotter frå Sanden under Åkre, Kyrkjebø og vart døypt på Kyrkjebø, den gongen i Vik, 21.8.1802.  Anders og Thora vart buande på plassen hans under Eivindvik prestegard der Anders d. som husmann 24.9.1862.  Thora flytte som enkje til Fonden i Gulen der ho er kalla spinnerske i 1865.  Sidan budde ho som legdelem på Kjelby i Gulen, men ho d. som legdelem på Kjellevoll i Gulen 7.3.1891.  Anders fekk i alt seks born, som alle var frå første ekteskapet med Johanna:

a. Anna Andersdotter, f. i Solund 10.12.1828,

 

     ##### (konfirmert Gulen 1846 – lagnaden hennar?)

 

b. Olina Andersdotter, f. i Gulen 7.10.1831,

 

     ##### (konfirmert Gulen 1850 – lagnaden hennar?)

 

c. Johannes Andersson, f. i Gulen 14.2.1835,

 

     ##### (konfirmert Gulen 1853 – lagnaden hans?)

 

d. Andreas Andersson, f. i Gulen 13.3.1838,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

e. Kirstina Andersdotter, f. i Gulen 24.8.1841, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910! – Kleiva refererer ho til Fonnevika og ein plass under Byrknes – kan ikkje sjå nokon samanhang der??)

 

     Kirstina gifte seg i Gulen 1.7.1874 med John Hansson frå Høivik søndre i Gulen, f. i Gulen 11.8.1843.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910! – Kleiva seier 5.7.1901!)

 

     John og Kirstina tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Høivik søndre i Gulen og budde der levetidi ut.  Dei fekk to born i lag,

 

     ##### (sjekka borni – Kleiva nemner Gjertine 1874 og Karoline 1877!)

 

f. Johanna Andersdotter, f. i Gulen 16.2.1844,

 

     ##### (konfirmert Gulen 1859 – lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dette manuskriptet vert berre betre og betre, og eg takkar på ny for alle nye inspel!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

Angåande Andreas; f. 13.3.1838, dp. 18.3.1838

 

http://www.fylkesarkiv.no| Våre tenester | Databasar

 

Namn År Foreldre Gard/bustad Kjelde

Andreas Anderss. 1838 Anders Johanness. Evindvig, Johanne Olsd. Eivindvik  

Anne Andersd. 1828 Anders Johanness. Homledal, Johanne Olsd. Humlevåg  

Johanne Andersd. 1844 Anders Johanness. Evindvig, Johanne Olsd. Eivindvik  

Johannes Anderss. 1835 Anders Johanness. Evindvig, Johanne Olsd. Eivindvik  

Kirstine Andersd. 1841 Anders Johanness. Evindvig, Johanne Olsd. Eivindvik  

Oline Andersd. 1831 Anders Johanness., Johanne Olsd. Sognefest

 

Johanne f. 16.2.1844, dp.18.2.1844 har du gløymd i manuskriftet ditt :-)

Endret av Gisle Hersvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle for nytt interessant innlegg!

 

Eg har no sete med kyrkjebøkene for Gulen og søkt etter desse borni som konfirmantar og vigde.  Eg fann fem av dei seks konfirmerte, men berre ei dotter som gift, nemlig Kirstina, men dei referansane som Kleiva oppgjev, ser ikkje ut til å stemma...!  Eg finn ikkje resten av huslyden omskriven...

 

Eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #22 og takkar nok ein gong for alle nye innspel!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har eg oppdaga at eg hadde feil Johanna Olsdotter som enkje etter husmann Anders Johannesson under Eivindvik prestegard.  «Vår» Johanna døydde i barselseng då yngste dotteri Johanna vart fødd, og Anders gfte seg att same året med ei jente frå Brekke, Thora Eriksdotter.

 

Desse nye opplysningane har eg ført inn i manuskriptet i innlegg #22 ovanfor, som no skulle vera komplett pr. dags dato, bortsett ifrå at det framleis manglar ein del detaljar, særleg om borni til Anders...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.