Gå til innhold
Arkivverket

Nils Johannesson (Krogen/Teigen/Volden) - fødd i Hafslo 1799 - konfirmert i Hafslo 1815 - kvar vart det av han? - ytre Sogn eller Bergen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for nytt interessant innlegg!

 

Eg las igjennom vigselslistene for Gulen i aftes fram til 1880, men fann ingen andre «høvelege» vigsler enn Kirstina med John Hansson på Høivik.  Me har fleire Johannes Andersson som er om lag jamgamle, og som attpåtil har Anders Johannesson som far, men eg er rimeleg sikker på at «vår» Johannes kkje er mellom dei som gifte seg i Gulen...

 

Elles, når det gjeld ugifte tenarar frå 1865 eller 1875, so er det svært vanskeleg å seia sikkert om det er den eller dei me leiter etter...

 

Eit spørsmål til deg, Ivar:  Har du finne denne huslyden til Anders Johannesson nemnd i bygdebøkene for Gulen som Ivar Kleiva har skrive?  Eg hadde venta å finna dei under Eivindvik prestegard som plassfolk, men der er dei ikkje...

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

f. Johanna Andersdotter, f. i Gulen 16.2.1844,

 

##### (konfirmert Gulen 1859 – lagnaden hennar?)

 

--------------------

 

Hvem er denne Johanne Andersdatter, f. 28.02.1844 i Gulen, enke og i tjeneste på Haveland i Nordgulfjorden?

Fra ft 1910:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036710001265

 

Og denne enka Johanne Andersdatter Eivindvik f. 1844?

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000575552

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for eit skikkeleg spennande innlegg!

 

Denne Johanna Andersdotter frå Haveland 1910 er nok «vår» Johanna.  Ho var på Nordgulen i 1900, men då utan farsnamn.

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037337000772

 

Og her er vigsli hennar 4.1.1884 med Ole Hansson - son av ein omstreifar og fødd på Ål i Hallingdal:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/4548/182

 

Og her er dødsfallet hans - eit ulukkeshende under lyngsanking i 1885:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/4548/219

 

Og det ser jo unekteleg ut til at det var ho som døydde på Steine i Brekke i 1937...

 

Eg vil be Statsarkivet sjekka ut dødsmeldingi hennar...

 

Nok ein gong takkar eg for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg tenker dette er spennende og utrolig utfordrende

 

Jeg finner lite i bygdebøkene, men mangler den fra nord Gulen (Sognefæst øyene)

 

Fantastisk bra av Randi.  Nå venter jeg i spenning på at mine favoritter.. Grethe F, Ann- Mary, Randi E.H. og Gisle  knuser til og løser denne saken.

Er det noen som kan fikse det så er det de.

 

Virker som denne familien "gikk i oppløsning" etter at Anders av en eller annen grunn måtte oppgi gjestgiverier på Songnefæst (Sygnefest) 

 

Mvh

Ivar

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kristine Andersdatter Høivik døde i 1919:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000574833

 

 

John Hansen Høivik døde i 1921:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000574857

 

John oppholdt seg på Steine da han døde, samme plass/gård som Kristinas søster Johanna, som døde på Steine i 1937?

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar og Randi Elisabeth for nye interessante innlegg!

 

Eg vart overraska over at Kirstina og John Høivik som kårfolk flytte til Steine i Brekke.  Difor kunne eg ikkje finna dei i Eivindvik hovudsokn...  Dette forklarar ogso at Johanna døydde på Steine..  Truleg budde ei av døtrene etter Kirstina og John på den garden...

 

Her er dødsfallet hans John:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=BREKKE82&gardpostnr=665&merk=665#ovre

 

Til Ivar har eg følgjande merknad:  Eg kan ikkje sjå at Ivar Kleiva nemner Anders Johannesson som gjestgjevar på Sognefest i det heile, og det var berre det eine barnet som vart fødd der, so lenge var dei uansett ikkje på Sognefest...

 

Ein ny kjempetakk går ut til dei mange gode hjelparane i Brukarforum som gjer kompletteringi av dette arbeidet mogeleg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for eit nytt utfordrande innlegg!  Og med utfordrande so meiner eg nettopp det, for sjå på vigsli deira frå 7.7.1875:  https://media.digitalarkivet.no/view/6861/98

 

Her er Olina oppgjevi vera 43 3/4 år med far Anders OLSON Evinvik!

 

Alderen ved vigsli stemmer «på ein prikk» med «vår» Olina, men so var det dette med Anders OLSON då...?

 

Ei Olina Andersdotter med far Anders Olson vart døypt i Gulen 1.2.1835, men ho var fødd på Halland: https://media.digitalarkivet.no/view/11451/90

 

Eg TRUR, Randi Elisabeth, at du har finne den «rette» Olina og takkar på ny for kjempemessig hjelp!  No må eg reinskriva desse opplysningane...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter dei mange nye oppdagingane i dag vil eg no gjerne få syna fram eit oppdatert manuskript for denne søskenflokken, som ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Nils Johannesson (Krogen), døypt i Luster 13.7.1799,

Nils Johannesson flytte i ung alder som tenestedreng til Fallebø i Gulen der han 3.7.1821 gifte seg med Christi Olsdotter frå Li i Gulen.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Otteson på Li, opphavleg frå Brandanger, og kona Johanna Olsdotter frå Sætenes og vart døypt i Gulen 25.4.1792.  Nils og Christi var først plassfolk i Flåteviki under Fallebø i Gulen, men flytte snart derifrå og pakta ei tid eit bruk på Rise, men var elles plassfolk både under Breivik og Brosvik i Gulen til dei kring 1833 hamna som husmannsfolk i Bakkane under Sande.  Der vart dei buande levetidi ut.  Christi d. som kårkone på Sande 13.12.1868, medan Nils d. som enkjemann og kårmann same staden på Sande 25.4.1869.  Dei fekk seks born i lag:

a. Ole Nilsson, f. i Gulen 8.8.1821, d. på Li i Gulen 25.11.1821.

b. Bertel Nilsson, f. i Gulen 20.2.1823, d. som kårmann på Sande 12.5.1901.  Bertel gifte seg første gongen i Gulen 27.12.1850 med Sygni Pedersdotter frå eitt av bruki på Sande, døypt i Gulen 24.3.1813.  Ho d. som husmannskone på Sande 21.12.1870, og Bertel gifte seg att i Gulen 22.6.1871 med Gjertrud Clausdotter frå Tveit i Gulen, f. i Gulen 30.12.1823.  Ho d. som kårenkje på Sande 7.1.1908.  Bertel tok over som husmann i Bakkane under Sande etter foreldri sine og fekk fire born, som alle var frå første ekteskapet.

c. Olina Nilsdotter, f. i Gulen 8.1.1826, d. på Sognefest i Gulen 9.5.1826.

d. Johanna Nilsdotter, f. i Gulen 26.3.1829,

 

     ¤¤¤¤¤ (konfirmert 1844 – lagnaden hennar?)

 

e. Ole Nilsson, f. i Gulen 26.2.1832, d. som husmann på Byrknes i Gulen 14.3.1919.  Ole gifte seg i Gulen 9.6.1868 med Helena Lucie, kjend som Elen Christensdotter frå Blidensol under Skjerjehamn i Gulen, f. i Gulen 13.8.1837.  Ho d. som enkje på Byrknes 18.12.1930.  Ole og Elen var ei tid paktarar på Presteneset under Eivindvik prestegard og frå kring 1876 på eit bruk på Byrknes, men Ole livnærte seg for det meste som fiskar, og han og Elen vart i 1880-åri plassfolk på Teigen under Byrknes i Gulen der dei budde levetidi ut.  Dei fekk seks born i lag.

f. Johannes Nilsson, f. i Gulen 30.10.1834, d. som husmann på Svardal 26.5.1886.  Johannes gifte seg i Gulen 3.7.1860 med Sygni Colbeinsdotter frå eit bruk på Sande, f. i Gulen 1.2.1838.  Ho d. på gamleheimen på Årstad i Bergen 8.12.1924.  Johannes og Sygni var husmannsfolk på Stranden under Svardal i Gulen til Sygni som enkje kort før hundreårsskiftet flytte til Årstad ved Bergen.  Dei fekk åtte born i lag.

 

~~~~~

 

Britha Johannesdotter (Krogen), døypt i Luster 2.7.1801,

Britha Johannesdotter flytte i svært ung alder til Gulen der ho 12.8.1827 gifte seg med Ole Hansson frå Fonden i Gulen.  Han var son av gardbrukar Hans Bertelson på Fonden og kona Elisabeth Olsdotter frå Glavær nordre og vart døypt i Gulen 2.3.1800.  Ole og Britha budde ei tid på Vetlebrandsdal og sidan som plassfolk under Eivindvik prestegard, men ser ut til i 1830-åri å ha teke over som plassfolk etter bror hennar i Flåteviki under Fallebø der Britha d. som husmannskone 10.12.1852.  Ole Hansson gifte seg 27.8.1855 att i Gulen med Kari Larsdotter frå Indrevær i Solund.  Ho var dotter av Lars Pederson på Indrevær og kona Ragnhild Iversdotter frå Fivelsdal og vart døypt i Solund, Gulen 31.5.1810.  Dei vart buande som plassfolk i Flåteviki under Fallebø der Ole d. som husmann 3.3.1875.  Kari d. som legdelem på Dingen i Gulen 27.11.1888.  Ole fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet med Britha:

a. Anna Olsdotter, f. i Gulen 1.5.1827,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – døydde ho ung?)

 

b. Bertha Olsdotter, f. i Gulen 15.10.1834,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – døydde ho ung? – tente truleg på Rutle i Gulen 1865 og på Nessehaugen under Nessa i Solund i 1875)

 

c. Elisabeth Olsdotter, f. i Gulen 23.1.1850, d.på Fallebø i Gulen 25.1.1850.

 

~~~~~

 

Anders Johannesson (Krogen), f. i Hafslo kring 1805,

Anders Johannesson flytte òg i svært ung alder til Gulen der han 22.3.1829 gifte seg med Johanna Olsdotter frå Nessa i Solund, Gulen.  Ho var dotter av husmann Ole Gregoriusson på Nessehaugen under Nessa i Solund, opphavleg frå Gylten, og kona Kirsti Didriksdotter frå Kråkenes søre og vart døypt i Solund, Gulen 1.1.1805.  Anders og Johanna var ei kort tid gjestgjevarfolk på Sognefest, men busette seg på 1830-talet som husmannsfolk på ein plass

 

¤¤¤¤¤ (kva for ein plass?)

 

under Eivindvik prestegard der Johanna d. etter barselseng 16.2.1844.  Anders gifte seg 24.8.1844 att i Gulen med Thora Eriksdotter frå Brekke indre i Brekke, Gulen.  Ho var dotter av husmann Erik Bendikson på ein plass

 

¤¤¤¤¤ (kva for ein plass?)

 

under Brekke indre i Brekke, Gulen, opphavleg frå Leirnes på Kyrkjebø, og kona Gunnhild Pedersdotter frå Sanden under Åkre, Kyrkjebø og vart døypt på Kyrkjebø, den gongen i Vik, 21.8.1802.  Anders og Thora flytte hauysten 1846 til Krakken i Askvoll og budde kan henda der nokre år, men kom sidan attende til plassen hans under Eivindvik prestegard der Anders d. som husmann 24.9.1862.  Thora flytte som enkje til Fonden i Gulen der ho er kalla spinnerske i 1865.  Sidan budde ho som legdelem på Kjelby i Gulen, men ho d. som legdelem på Kjellevoll i Gulen 7.3.1891.  Anders fekk i alt seks born, som alle var frå første ekteskapet med Johanna:

a. Anna Andersdotter, f. i Solund 20.12.1828,

 

     ¤¤¤¤¤ (konfirmert Gulen 1846 – lagnaden hennar?)

 

b. Olina Andersdotter, f. i Gulen 7.10.1831, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – etter 1913!)

 

     Olina gifte seg i Brekke, Gulen 7.7.1875 med enkjemannen Mikkel Clausson, opphavleg frå Storenes i Gulen.  Han var f. i Gulen 13.7.1828 og d. som møllearbeidar og legdelem på Instevik i Brekke sokn, Gulen 22.2.1913.  Mikkel var garnbindar og sidan møllearbeidar, og han og Olina budde som strandsitjarar på ein plass under Asheim i Brekke, Gulen.  Dei var barnlause, og ikkje hadde Mikkel born frå første ekteskapet sitt heller.

c. Johannes Andersson, f. i Gulen 14.2.1835,

 

     ¤¤¤¤¤ (konfirmert Gulen 1853 – lagnaden hans?)

 

d. Andreas Andersson, f. i Gulen 13.3.1838, d. på Krakken i Askvoll 10.12.1846.

e. Kirstina Andersdotter, f. i Gulen 24.8.1841, d. som kårkone på Steine i Brekke sokn, Gulen 6.12.1919.  Kirstina gifte seg i Gulen 1.7.1874 med John Hansson frå Høivik søndre i Gulen, f. i Gulen 11.8.1843.  Han d. som kårenkjemann same staden 20.1.1921.  John og Kirstina tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Høivik søndre i Gulen, men budde siste leveåri som kårfolk på Steine i Brekke sokn, Gulen.  Dei fekk to born i lag.

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka borni – Kleiva nemner Gjertine 1874 og Karoline 1877! - hadde dei fleire som døydde i ung alder?)

 

f. Johanna Andersdotter, f. i Gulen 16.2.1844, d. som enkje på Steine i Brekke sokn, Gulen 14.9.1937.  Johanna gifte seg i Gulen 4.1.1884 med Ole Hansson frå Velta i Heddal, Telemark, men f. på Ål 14.11.1858.  Han miste livet under lyngsanking på fjellet ved Nordgulen 9.6.1885.  Ole var innerst og arbeidar, og parfolket budde på Nordgulen i Gulen.  Dei var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar og bukkar nok ein gong for kjempefin innsats for å komplettera denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kristina Andersdatter og John Hansen Høiviks barn:

 

¤¤¤¤¤ (sjekka borni – Kleiva nemner Gjertine 1874 og Karoline 1877!)

 

----------

 

Karoline gift i Lindås:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000893150

 

Gjertine f. 1874, inderstkone på Høivik søndre i Gulen i 1910:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036710002158

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

d. Andreas Andersson, f. i Gulen 13.3.1838,

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

---------------------------------------

 

Utflytingen til Andreas Andersen, f. 1838, sammen ned far og stemor Thora, til hvor? Jeg klarer ikke å tyde det.

https://media.digitalarkivet.no/view/11452/338

 

Da vet vi det . . . .

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth og Gisle for nye spennande og nyttige innlegg!

 

Det er tydeleg at Anders Johannesson og andre kona Thora i 1846 flytte til Krakken i Askvoll, og det må vera son hans som døydde i desember same år på Krakken, sjølv om alderen ikkje stemmer heilt.  Det var rett nok ein Andreas Olai Andersson som var fødd i Askvoll 1.6.1841, men foreldri hans var gardfolk på Grimelid!

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8598/107

 

Elles lot eg spørsmålet om talet på born etter Kirstina og John Høivik med vilje stå ope.  Dei kan ha hatt born som døydde unge...  Eg kjente Ivar Kleiva godt og veit at han ofte utelet born som ikkje nådde konfirmasjonsalder...

 

Eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #35 ovanfor med dei nye funni, og som eion vil sjå...; no er det «berre» Anna og Johannes me ikkje har finne att etter dei vart konfirmerte, og samstundes er det eit aldri so lite «mysterium» kvar det vart av Olina etter ho vart enkje i 1913...?

 

Eg takkar på ny for kjempefin innsats og gler meg storligen over at manuskriptet for denne søskenflokken etter kvart er vorte nesten komplett!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra innlegg 22:

a. Anna Andersdotter, f. i Solund 10.12.1828,

 

##### (konfirmert Gulen 1846 – lagnaden hennar?)

 

Fra innlegg 35:

a. Anna Andersdotter, f. i Solund 20.12.1828,

 

¤¤¤¤¤ (konfirmert Gulen 1846 – lagnaden hennar?)

 

------------------------------------

Har en kandidat her, enken Anne Andersdatter, f. 10.10.1828 i Gulen, Stensund (Nesset) i Solund i 1910:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036711001360

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tja...  Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for eit interessant innlegg!

 

Eg veit sanneleg ikkje kva eg skal seia.  Eg ser ikkje nokon i FT1900 som direkte fell meg i auge, kan henda bortsett ifrå denne på Hop i Solund: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037338000319

 

men fødestaden hennar er oppgjeven til Solund!

 

Kan henda Gisle veit kven denne Anna er?

 

Eg takkar på ny for alle nye tanker og forslag!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegg!

 

Dersom det er den same Anna Andersdotter me finn att i alle teljingane, so synest ho vera fødd på Nautøy i Solund 30.9.1827 og døypt 23.3.1828 av foreldri Anders Amundson og Britha Bertelsdotter...

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11451/64

 

Bygdeboki for Solund nemner ho som kårenkje på Hop i 1875, men forfattaren har ikkje følgt ho vidare...

 

Problemet med Anna Andersdotter, er at ho har eit so vanleg namn...

 

Men ein eller annan stad MÅ ho jo vera...

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tja...  Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for eit interessant innlegg!

 

Eg veit sanneleg ikkje kva eg skal seia.  Eg ser ikkje nokon i FT1900 som direkte fell meg i auge, kan henda bortsett ifrå denne på Hop i Solund: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037338000319

 

men fødestaden hennar er oppgjeven til Solund!

 

Kan henda Gisle veit kven denne Anna er?

 

Eg takkar på ny for alle nye tanker og forslag!

 

Hei Lars,

Om Anne Andersdtr så har eg notert at ho vart f. 1828 på Nautøy, med dei foreldre du nevner. Eg har ikkje prøvd å finne ho etter 1875.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar og Gisle for nye innlegg!

 

Utan å ha undersøkt saki nærare har eg vel helst liti tru på at fødestaden til «vår» Anna kan vera oppgjeven so «feil» som Hyllestad...

 

Og diverre har ikkje heller Gisle noko meir på Anna Andersdotter enn kva me alt veit...

 

For å oppsummera kva som framleis manglar:

 

** Johanna Nilsdotter, fødd i Gulen 26.3.1829, konfirmert 1844 - lagnaden hennar?

 

** Anna Olsdotter, fødd i Gulen 1.5.1827 - konfirmert 1846 med «ringe evner» - lagnaden hennar?

 

NB: Konfirmasjonen hennar fann eg først no i kveld - samstundes med søskenbarnet Anna Andersdotter:

https://media.digitalarkivet.no/view/11452/183

 

** Bertha Olsdotter, fødd i Gulen 15.10.1834 - konfirmert 1850 - lagnaden hennar? - kan henda ho som i 1865 tente på Rutle i Gulen og i 1875 på Nessehaugen under Nessa i Solund?

 

NB: Konfirmasjonen hennar fann eg òg først no i kveld - konfirmert som Britha Olsdotter:

https://media.digitalarkivet.no/view/8391/147

 

** Anna Andersdotter, fødd i Solund 20.12.1828, konfirmert 1846 med «ringe evner» - lagnaden hennar? (jmf. innlegg #49)

 

** Oline Andersdotter, fødd i Gulen 7.10.1831, vart enkje på Asheim i Brekke i 1913 - lagnaden hennar? (jmf. innlegg #48)

 

** Johannes Andersson, fødd i Gulen 14.2.1835, konfirmert 1853 - lagnaden hans?

 

Nei, lett skal det ikkje vera å finna dei siste manglande detaljane om denne huslyden, men eg takkar på ny for alle dei framifrå freistnadane.

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for kjempefine innlegg!

 

At du har finne den «rette» Olina, er heilt klart, og eg trur du ogso har finne den «rette» Anna!  Alderen hennar er rett nok to år for høg, men det finst ingen andre fødde Anna Andersdotter i Gulen som kan høva, og bustaden Eivindvik høver jo òg med bustaden til far hennar, so eg trur at spørsmålet kring lagnaden til Anna Andersdotter med dette er løyst!

 

Soleis er to av dei seks personane som framleis stod som etterlyste (jmf. innlegg #47 ovanfor), no «på plass»!

 

Men kan dei siste fire ogso finnast...?

 

Eg takkar nok ein gong for framifrå hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.