Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Anna Marthine Jensen, f. Jacobsen eller Jansen, fødd i Bergen 1811, døydde etter 1857, men kva tid og kvar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Her vil eg gjerne få henta fram ei Bergens-utfordring som eg har jobba mykje med, men som eg ikkje har greidd å finna ei løysing på!

 

Samanhangen går fram av følgjande manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ Etter kjempefine opplysningar frå Grethe er dette mauskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #6 nedanfor!

 

Eg ser ikkje noko til korkje Anna Marthine eller dotteri Gjertrud i FT1865 for Bergen, men det KAN vera dotteri me finn som tenestejente i Skjerstad i 1865: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038370000511

 

Det hadde vore kjempebra om nokon greier finna dette dødsfallet, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Det ser ut som Anne Martine giftet seg på nytt i Skjerstad i 1858:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000002471496

 

Vielse nr. 25:

 

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, 852/L0738: Ministerialbok nr. 852A08, 1849-1865, s. 266
Permanent bilde-ID: kb20050421030801
 
Da er det nok datteren Gjertrud du har funnet i samme kommune/prestegjeld i 1865, Lars! 
Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Zacharias og Anne Martine og hennes datter er omtalt i 

Slektsbok for Skjerstad og Fauske. B. 3 : Fauske omegn (se vedlegg). 

 

F.t. 1865 Saltdal: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038369000402

 

F.t. 1875 Bodø landsokn: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052426003337

 

F.t. 1900 Bodin: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037525004583

 

 

post-541-0-48031300-1466658351_thumb.jpg

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Her kommer mor og datter flyttende til Skjerstad i 1858 - se nr. 15 og nr. 17:

 

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, 852/L0738: Ministerialbok nr. 852A08, 1849-1865, s. 371
Permanent bilde-ID: kb20050421030866
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Lurer på om dette er Sakarias i f.t. 1825 for Jølster:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01051101001925

 

I så fall må moren være gift på nytt. Hun heter Nikolaia Samuelsdatter. I FS finner jeg barn av Peder Eiksen og Nikolaia født mellom 1810 og 1816. 

 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg er imponert!  Hjarteleg takk til Grethe overraskande og svært interessante opplysningar om Anna Marthine frå Nordland!

 

Då var det ikkje so underleg at eg ikkje kunne finna ho att i Bergen etter 1857!

 

Eg har no sett opp eit revidert manuskript for denne huslyden som ser slik ut, til erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Nye spennande opplysningar er komne inn, og eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #10 nedanfor!

 

Eg har sete og leitt etter dåpen til Zacharias Jacob i Jølster, men finn ikkje denne.  Eg finn heller ikkje den yngre broren Johannes fødd kring 1822!  Er det kan henda «hòl» i kyrkjebøkene for Jølster på den tidi?

 

Elles lyt ein vel «bla» i kyrkjebøkene for Bodin/Bodø for å finna dødsfalli...

 

Eg takkar på ny for kjempemessige opplysningar om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Leif B. Mathiesen

En Zacharias Ludvig er født 27 des. 1819 med foreldre  Peder Eriksen og Nicolaia Samuelsdatter.

(Nederst på høyre side.)

 

Sogn og Fjordane fylke, Helgheim i Jølster, Ministerialbok nr. A 6 (1790-1821), Kronologisk liste 1820, Side 418-419
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Leif for interessant og nyttig innlegg!

 

Då er denne fødselsdatoen komen på plass, og eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #6 tilsvarande.

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Zacharias Berring i f.t. 1910: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036921005181

 

Enkemann, forpleiet av fattigvesenet. Ser han er én av flere og at bestyreren heter Conrad Larsen.  Bostedet var Seivaag (Skagen). 

 

Har du sett! Her fant jeg dødsfallet til Sakarias i Gravminner i Norge! 

 

3700336 Sakarias Jakob Ludvig  Bevring Stensø  Stensøya  1820  Jølster i Sogn  2302  1915  Seivåg aldershjem  0203  1915  m  A  1  15     Seivåg Bodø

 

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, 804/L0081: Ministerialbok nr. 804A02, 1901-1915, s. 246
Permanent bilde-ID: kb20050329030992
 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nyttig og interessant innlegg!

 

Med dette er dødsfallet til Zacharias kome på plass, og me manglar no berre dødsfallet til Anna Marthine.  Kanskje greier nokon å finna det ogso?

 

Eg takkar igjen for kjempefine opplysningar og legg med dette inn eit oppdatert manuskript til erstatnng for det som stod i innlegg #6 ovanfor!

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Jan Jensson (Krogen), døypt i Hafslo 13.11.1796,

Jan Jensen flytte i ung alder som soldat til Bergen der han 17.10.1824 gifte seg første gongen med Gjertrud Clausdotter frå Breivik i Ulstein.  Ho var dotter av gardbrukar Claus Rasmusson på Breivik, opphavleg frå Saunes, og andre kona Maria Rasmusdotter frå Midtflø og f. i Ulstein ?.8.1775.  Jan Jensen var dagarbeidar, og han og Gjertrud vart buande i Bergen der Gjertrud d. 16.7.1843.  Jan gifte seg so att i Bergen 27.10.1844 med Anna Marthine Jacobsdotter Jansen frå Bergen.  Ho var dotter av matros Jacob Olai Jansen og kona Christiane Nilsdotter og f. i Bergen 4.1.1811.  Jan var arbeidsmann og vart buande i Bergen, til sist i Baneveien, der han d. 14.8.1857.  Som enkje flytte Anna i september 1857 til Leivset i Skjerstad der ho 18.10.1858 gifte seg att med Zacharias Ludvig Pederson frå Befring i Jølster, kjend som Zacharias Befring.  Han var son av gardbrukar Peder Erikson på Befring og kona Nicolaia Samuelsdotter frå Ordal indre og f. i Jølster 27.12.1819.  Zacharias var murarbeidar, og han og Anna busette seg først på Setså i Saltdal og sidan på Strømvik i Bodø der Anna d. 23.1.1876.  Zacharias Befring d. på fattiggarden i Saltstraumen, Bodø 23.2.1915.  Anna og Zacharias fekk ikkje born i lag, men Jan fekk to born, som båe var frå andre ekteskapet med Anna:

a. Jensine Berntine Jansen, f. i Bergen 8.3.1845, d. i Bergen 12.12.1845.

b. Gjertrud Jansine Jørgendine Jansen, f. i Bergen 18.8.1848, flytte i 1857 med mor si til Leivset i Skjerstad og tente framleis der i 1865, men gifte seg i Bergen 10.7.1870 med Arne Olai Knudsen frå Bergen, f. i Bergen 18.7.1850.  Arne var dampskipstenar og restauratør, og han og Gjertrud budde i Bergen til dei i 1880 utvandra til Amerika.  Under namni Arne og Gertrude Knudsen finn me dei først att i Brooklyn, N.Y., men kring 1883 flytte dei til New Canada township nær St. Paul, Ramsey Co., Minn.  I 1891 busette dei seg so i Chicago, Cook Co., Ill. der Arne livnærte seg som bøkkar («cooper»).  Arne d. i Chicago, Ill. 25.5.1905, medan Gertrude Knudsen d. same staden 8.7.1915.  Dei fekk elleve born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Heisan!

 

Eg sette meg nettopp ned for å bla litt i listene over avlidne i Bodø 1876-1900 og var so heldig å finna Anna Marthine på første sida, avlidi på Strømvik 23.1.1876,

 

https://media.digitalarkivet.no/view/6646/216

 

so dermed er denne huslyden heilt komplett!  Nok eit problem er løyst!

 

Eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #10 og vil nytta høvet til på ny å få takka for framifrå hjelp til å løysa denne utfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.