Gå til innhold
Arkivverket

Bergmannsslekta Dichter (Digter, Ditscher), Kvikne/Meldal


Håvard Moe
 Del

Recommended Posts

Etter som det er fortalt (Ragnvald Støren, "Kvikne" (1951) og "Kvikne kobberverks historie" (1947)) fikk Kong Christian IV henta fagfolk frå Sangerhausen i Mansfeld-området i Sachsen-Anhalt til kopparverket på Kvikne i 1635. Desse skal mellom anna ha vore: "Det var hyttemeisteren Tobias Fogtman, garmakeren Frantz Francke, smeltarane Christian Haen, Lorentz Nickler og Hans Zisler og kolbrennarane Franz Jagow, Andreas Dichter og Jacob Tille" (Frå Ragnvald Støren i Kvikne (1951)). Eg har freista å finne ut av Andreas Dichter si slekt...

 

Andreas Dichter kom altså til Kvikne som utlært kolbrennar i 1635, og er nemnt der siste gong i samband med ein leveranse av kol 1682. Eg tenkjer ikkje å gå inn i diskusjonen kring teorien om Dichter/Prytz-slekta sitt opphav her, men har sett at ein son Christian Dichter er nemnt.

 

Støren nemner denne Christian Dichter i samband med flytting av ein del bergfolk frå Kvikne til Løkkenverket i Meldal:  "kullbrenneren Christian Ditscher, sønn av Andreas Ditscher fra Kvikne" (Støren (1947), s. 48). Eg kjenner ikkje til nokon kjelder som bekrefter slektskapet, men det er ikkje ein urimeleg teori at kolbrennaren "Christian Dichter" på 29 år som er lista på Grutsæter hytteplass i Meldal i 1664-manntalet er ein son av Andreas Dichter på Kvikne. Jacob Tille, som kom til Kvikne saman med Andreas er òg nemnt som kolbrennar ved Grutsæter i same liste ("Jacob Tille", 63 år). Christian Dichter er òg nemnt i ei skiftet etter Ollaug i 1763 er bevart. Her går det fram at Christian sitt patronym er Hansson, når han vert omtala som Christian Hansen Dicter.

 

Ut frå dette kan ein leite etter sambandet. I 1701-manntalet finn vi i oversikten over verket sine folk bergknekt Hans Christianss. Soldat, 37 år, oppført med sønane Anders Hanss. 7 år og Christian 2 år. For Meldal er vi så heldige å ha ei folketelling frå 1706, som på ein plass under Fagerli lister opp Hans, 50 år med q[vinde] Gunild 42 og borna Maret 16, Christian 8 og Casper 4 år gamle. Bortsett frå alderen på Hans (som ser ut til å ha vorten 13 år eldre på 5-6 år) stemmer namna, og ut frå dette og aldaren på Christian meiner eg at dette nok er same familie. I tillegg oppgir bygdeboka for Meldal at Christian Digter frå 1740-åra bygsla den same plassen under Fagerlia (Fagerlimoen, gnr. 29 bnr. 7) som Hans er nemnt på i 1706.

 

Min konklusjon/ forslag er dermed at:

1. Christian Dichter d.e. f. ca. 1635 har hatt sonen Hans f. ca. 1656 og muligens óg sonen Stephen. Han har kome frå Kvikne til Meldal som kolbrennar, og etter kvart slått seg til som bergknekt (med kol-leveransar som sidegesjeft?).

2. Hans Christiansson [Dichter] har hatt borna Marit, Anders (Andreas?), Christian d.y. og Casper, der det ser ut til at Christian har teke over heimplassen

 

Mitt spørsmål er om det er andre som har vore borte i den tidlege Dichter-slekta, og om det er informasjon her eg har gått glipp av...?

 

Endret av Håvard Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.