Gå til innhold
Arkivverket

Ministerialbok A1 for Gaular 1755-1785


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

Hei!

 

I databasen frå Fylkesarkivet over døypte i Sogn og Fjordane finn eg følgjande:

26037 1430 26/1 1764 F k Anna Nielsd. e Niels Kvamme

 

Den aktuelle kyrkjeboka er i følgje soknehistorikken sterkt fuktskadd, og eg greier ikkje å finne oppføringa i den skanna utgåva. Eg antar at oppføringa skjuler seg i det mørke/utviska området i det øverste venstre hjørnet på venstre side:

Sogn og Fjordane fylke, Sande, Bygstad, Viksdalen (Vik) i Gaular (Indre Holmedal), Ministerialbok nr. A 1 (1755-1785), Fødte og døpte 1764, Side 5
 
Er det mogeleg å skaffe eit tydelegare bilete av kyrkjeboksida der det er mogeleg å lese oppføringa? I følgje soknehistorikken skal det vere gjort ei avskrift av kyrkjeboka ved Statsarkivet i Bergen i 1987. Finst denne dåpen i avskrifta, og er det i så fall mogeleg å få ein kopi av dette?
 
Mvh.
Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her kommer en fargeskannet utgave av øverste del av siden. Avskriften som vi (jeg) laget i 1987 er kommet til Fylkesarkivet, og det de gjengir fra denne boken er forhåpentligvis identisk med vår database.

post-286-0-08299200-1472363840_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for flott hjelp. Det fargeskanna utsnittet viser at kyrkjeboka er i atskilleg betre forfatning enn det eg trudde etter å ha sett på utgåva som er skanna frå mikrofilm. Databasen frå Fylkesarkivet/gamle Digitalarkivet er som alt anna ikkje feilfri, og eg håpar difor at det med tida kan la seg gjere for Digitalarkivet å få skanna heile denne kyrkjeboka på nytt slik at også dei mørke områda frå mikrofilmen vert lesbare.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Då er kyrkjeboka blitt skanna på nytt, og dei mørke områda er dermed leselege:

 

 

Derimot forsvann kyrkjebokdatabasane for Sogn og Fjordane med "Gamle" Digitalarkivet.

 

Eg lurer difor på om nokon ved Statsarkivet i Bergen kjenner til om avskrifta frå 1987 framleis finst. Er denne i papirform eller i form av ein database? Kunne det vere mogeleg å få lagt ut denne avskrifta som ein søkbar database i Digitalarkivet?

 

A 1 (1) 1755-1785 Hele prestegjeldet HF-927
1- 3 Dagsregister 1755-1760
4- 38 Døpte 1764-1776
39- 44 Fødte 1755-1760
45- 46 Fødte 1762-1763
47- 56 Forlovede 1764-1779
56- 76 Fødte 1777-1784
76- 78 Vigde 1755-1761
79- 90 Vigde 1764-1784
101B Døde 1756-1759
102-126 Dagsregister 1764-1780
102-134 Konfirmerte 1756-1758, 1764-1784
138-142 Dagsregister 1781-1784
153-162 Fødte, Forlovede, vigde og kommunikantar 1763
163-172 Døde 1764-1784
Sterkt fuktskadd. Avskrift. Har vært paginert fra 1 til over 649
(egentlig nummer på spaltar). Det ble i 1987 laget en avskrift til
denne boka ved Statsarkivet i Bergen.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.