Gå til innhold
Arkivverket
Torbjørn Igelkjøn

Ministerialbok A1 for Gaular 1755-1785

Recommended Posts

Torbjørn Igelkjøn

Hei!

 

I databasen frå Fylkesarkivet over døypte i Sogn og Fjordane finn eg følgjande:

26037 1430 26/1 1764 F k Anna Nielsd. e Niels Kvamme

 

Den aktuelle kyrkjeboka er i følgje soknehistorikken sterkt fuktskadd, og eg greier ikkje å finne oppføringa i den skanna utgåva. Eg antar at oppføringa skjuler seg i det mørke/utviska området i det øverste venstre hjørnet på venstre side:

Sogn og Fjordane fylke, Sande, Bygstad, Viksdalen (Vik) i Gaular (Indre Holmedal), Ministerialbok nr. A 1 (1755-1785), Fødte og døpte 1764, Side 5
 
Er det mogeleg å skaffe eit tydelegare bilete av kyrkjeboksida der det er mogeleg å lese oppføringa? I følgje soknehistorikken skal det vere gjort ei avskrift av kyrkjeboka ved Statsarkivet i Bergen i 1987. Finst denne dåpen i avskrifta, og er det i så fall mogeleg å få ein kopi av dette?
 
Mvh.
Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

Her kommer en fargeskannet utgave av øverste del av siden. Avskriften som vi (jeg) laget i 1987 er kommet til Fylkesarkivet, og det de gjengir fra denne boken er forhåpentligvis identisk med vår database.

post-286-0-08299200-1472363840_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Takk for flott hjelp. Det fargeskanna utsnittet viser at kyrkjeboka er i atskilleg betre forfatning enn det eg trudde etter å ha sett på utgåva som er skanna frå mikrofilm. Databasen frå Fylkesarkivet/gamle Digitalarkivet er som alt anna ikkje feilfri, og eg håpar difor at det med tida kan la seg gjere for Digitalarkivet å få skanna heile denne kyrkjeboka på nytt slik at også dei mørke områda frå mikrofilmen vert lesbare.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.