Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

USA-utfordring - Andreas Sørenson Ekrene (1860-1936) og hans to eller tre ekteskap i Amerika - vigselsdatoar og koner?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei utfordring som eg har slite med i årevis og som eg gjerne vil få dela med andre.  Fleire par auge ser som kjent betre enn eitt:

 

Andreas Sørenson Ekrene eller Kroken, i Amerika kjend som Albert S. ANDERSON, var son av husmann Søren Asbjørnson på plassen Ekrene under Kroken i Hafslo (1825-1877) og kona Anna Toresdotter frå Rikheim i Lærdal (1825-189?) og fødd i Hafslo 13.11.1860.  Han utvandra til Amerika i 1877.  Broren Anders Sørenson Ekrene eller Kroken (1854-1931), i Amerika kjend som Andrew SEVERSON, var utvandra året før til Vernon Co., WI, og truleg var det dit ogso Andreas «Albert» fór.

 

Men før 1883 flytte Andrew Severson med huslyden sin til Lebanon, Potter Co., SD og kring 1888 vidare til Oldham, Kingsbury Co., SD.

 

Albert Anderson flytte kan henda med bror sin til Potter Co., SD, men busette seg snart nær Oldham, men i Lake Co., SD, og der børjar «problemi»:

 

* Han skal ha gift seg 1ste gongen i SD 8.5.1886 med ei Anna.  Denne Anna var fødd 12.7.1862, men døydde i Lake Co., SD 26.7.1887.  Namn og datoar kjem visstnok frå ei gravstøtte, men denne fortel ikkje noko anna enn førenamnet og datoane.  I lag med mori er to born, tvillingar, òg gravlagde:

 

----- Sigvart Karinius Anderson, fødd 11.1.1887 og døydde 15.4.1887

 

----- Almar Gunerius Anderson, fødd 11.1.1887 og døydde 18.8.1887

 

* So skal Albert ha gift seg att, dato og stad ukjende, kan henda kring 1889, med ei Emma, men einaste fråsegni me har om ho, er eit dokument som familien har overlevert, ei kvittering som ein Daniel Hilton har utstede der han seier at Albert Anderson's KONE Emma vart bragt til sinnsjukeasylet i Yankton, SD - det vert synt til «Vol. 6-157-Reg. 9768 Jan. 10, 18..», men årstalet manglar!  Me kjenner ikkje til at Albert og Emma hadde born i lag, MEN, og dette er eit stort MEN, Albert hadde ei SØSTER Ingeborg, kjend som Emma, fødd i Hafslo 11.6.1867, som utvandra i 1888 og då reiste direkte til broren Albert i Oldham, SD!  Denne Emma Anderson døydde alt 27.11.1890, ugift.  Kanskje var det denne Emma som vart bragt til Yankton, SD!?  Ingen har so langt kunna svara på dette!!

 

* Derimot veit me at Albert gifte seg nok ein gong kring 1894/1895 med ei Nilla Andersdotter frå Skyberg i Vardal, i Amerika kjend som Nellie S. Erickson.  Ho var fødd i Vardal 22.10.1859, men utvandra med foreldri sine i 1867, visstnok til Monroe Co., WI.  Nellie hadde ei dotter:

 

----- Ida Erickson, fødd i Monroe Co., WI 13.4.1878, som i 1897 gifte seg i Cashton, Monroe Co., WI og vart buande der.

 

Men Albert og Nellie fekk òg tre born i lag:

 

----- Emma Amelia Anderson, fødd i Lake Co., SD 18.1.1896

 

----- Elmer Karinius Anderson, fødd i Lake Co., SD 15.9.1897

 

----- Anna Jonette Anderson, fødd i Lake Co., SD 25.10.1899

 

Nellie døydde i Madison, SD 19.2.1902, og som enkjemann flytte Albert med dei tre borni til ein farm i Webster township, Vernon Co., WI der han døydde 26.11.1936.

 

Dei konkrete utfordringane her er følgjande:

 

*** Stad for den første vigsli 8.5.1886 for Albert og Anna?

 

*** Identifikasjon av første kona Anna (1862-1887)?

 

*** Dato og stad for den eventuelle andre vigsli med Emma kring 1889?

 

*** Identifikasjon av den mogelege andre kona Emma med datoar for fødsel og død?

 

*** Dato og stad for siste vigsli kring 1894/1895 for Albert og Nellie?

 

Eg ville vorte kjempeglad om nokon greier løysa eitt eller fleire av desse spørsmåli, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Legger for ordens skyld inn lenke til US Census 1900 - South Dakota:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MMR4-C19

 

Name: A S Anderson
Titles and Terms:
Event Type: Census
Event Year: 1900
Event Place: Baduse, Concord & Wayne Townships Ramona town, Lake, South Dakota, United States
District: 212
Gender: Male
Age: 40
Marital Status: Married
Race: White
Race (Original): W
Relationship to Head of Household: Head
Relationship to Head of Household (Original): Head
Number of Living Children:
Years Married: 5
Birth Date: Nov 1860
Birthplace: Norway
Marriage Year (Estimated): 1895
Immigration Year: 1878
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway
Mother of how many children:
Sheet Number and Letter: 7B
Household ID: 104
Line Number: 53
Affiliate Name: The U.S. National Archives and Records Administration (NARA)
Affiliate Publication Number: T623
GS Film Number: 1241551
Digital Folder Number: 004120601
Image Number: 00018
 
Household Role Gender Age Birthplace
A S Anderson Head M 40 Norway
Nellie Anderson Wife F 41 Norway
Emma Anderson Daughter F 3 South Dakota
Elmer Anderson Son M 2 South Dakota
Anna Anderson Daughter F 1 South Dakota
 
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

Census 1905 - https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MM4V-86D

Name Alberd Anderson 
Age 44
Birth Year (Estimated) 1861
Gender Male
Race (Original) W
Birthplace Norway
Marital Status Widowed
Years in State 24
Arrival Year in State (Estimated) 1881
Event Place South Dakota, United States
Years in United States 27
Arrival Year in the United States (Estimated) 1878
Father's Birthplace Norway
Mother's Birthplace Norway
 
post-5105-0-96179000-1477514590_thumb.jpg
Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Egil for nye interessante innlegg!

 

Eg ser at Albert framleis i 1905 budde i SD, so han fór tydeleg ikkje attede til WI med ein gong han vart enkjemann.  Eg ser no at han i 1910 var i Christiana township, Vernon Co., WI, medan han i 1920 og 1930 var i Clinton township, Vernon Co., WI.  So fekk eg retta opp dette!

 

Elles er spørsmåli om konene hans framleis opne, og eg reknar ikkje med det skal verta noki enkel sak å løysa desse, men det et lov å vona at ein eller annan kan greia i alle fall delar av denne utfordringi...!

 

Eg takkar igjen for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vi i kveld gjerne få henta fram att denne saki deå i fjor haust, der eg framleis står «i stampe».

 

Eg er komen til den konklusjonen at Albert berre var gift to gongar og at denne Emma det vert referert til, må ha vore søsteri hans.  Men eg har vanskar med å identifisera den første kona hans, Anna NN.

 

Her er dåpen til den eine tvillingen frå 1887, Almer Gunnerius, frå ei kyrkjebok i Lake Preston, Kingsbury Co., SD:

 

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314925-00449?pid=1335466&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx3950%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26msT%3D1%26msbdy%3D1887%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D1%26msbpn__ftp%3DSouth%20Dakota,%20USA%26msbpn%3D44%26msbpn_PInfo%3D5-%7C0%7C1652393%7C0%7C2%7C0%7C44%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msfng%3DAlbert%26msfns%3DAnderson%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3DBMD_BIRTH%26h%3D1335466%26dbid%3D60722%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx3950&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Men fadrane seier meg ikkje noko, men kanskje nokon ser noko som eg har oversett?

 

Her er eit manuskript for denne huslyden slik han ser ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Andreas Sørenson, f. 13.11.1860,

Albert S. Anderson utvandra til Amerika i 1877 og gifte seg første gongen

 

¤¤¤¤¤ (place of his marriage? - in South Dakota!)

 

8.5.1886 med Anna

 

¤¤¤¤¤ (middle and maiden names?)

 

Ho var f.

 

¤¤¤¤¤ (place of her birth?)

 

12.7.1862.  Albert og Anna tok «homestead» i Wayne township, Lake Co., S.D. der Anna d. alt 26.7.1887.  Albert gifte seg so att

 

¤¤¤¤¤ (date and place of his 2nd marriage? - Monroe Co., Wis.? – about 1895?)

 

med Nilla Andersdotter frå Skyberg i Vardal, i Amerika kjend som Nellie S. Erickson.  Ho var dotter av husmann Anders Erikson på Lisætra under Skyberg i Vardal, opphavleg frå Hofseiget i Biri, og kona Johanna Hansdotter frå Engereiget i Biri og f. i Vardal 22.10.1859.  Ho utvandra til Amerika med foreldri sine i 1867.  Albert og Nellie heldt fram med farmingi i Wayne township, Lake Co., S.D., men Nellie d. i Madison, S.D. 19.2.1902.  Albert flytte nokre år etter til Wisconsin og farma ei tid i Christiana township, Vernon Co., Wis. før han slo seg ned på ein farm i Clinton township, Vernon Co., Wis.  Han d. i Vernon Co., Wis. 26.11.1936.  Albert fekk i alt fem born, to frå første ekteskapet og tre frå det andre; dessutan hadde andre kona Nellie ei dotter frå før:

a. Sigvart Karinius Anderson, tvilling, f. i Lake Co., S.D. 11.1.1887, d. i Lake Co., S.D. 15.4.1887.

b. Almar Gunerius Anderson, likeins tvilling, var f. i Lake Co., S.D. 11.1.1887, men d. i Lake Co., S.D. 18.8.1887.

c. Ida Erickson, dotter av Nellie, var f. i Monroe Co., Wis. 13.4.1878, d. i Jackson Co., Wis. 16.11.1941.  Ho gifte seg i Cashton, Wis. 22.6.1897 med Torger Erlandson frå Nordlibakken i Ringebu, i Amerika kjend som Thomas E. Anderson.  Han var son av husmann Erland Andersson i Nordlibakken, opphavleg frå Bakkeneiget I Sør-Fron, og kona Martha Torgersdotter frå Haverstadmoen i Sør-Fron og f. i Ringebu 24.4.1869 og utvandra til Amerika i 1891.  Han d. i Jackson Co., Wis. 28.11.1947.  Thomas var ei tid farmarbeidar («farm laborer»), og han og Ida budde då i Leon township, Monroe Co., Wis., men flytte snart til ein farm i Albion township, Jackson Co., Wis. der dei sidan budde levetidi ut.  Dei fekk åtte born i lag.

d. Emma Amelia Anderson, f. i Lake Co., S.D. 18.1.1896, d. i Viroqua, Wis. 19.2.1965.  Ho gifte seg i Vernon Co., Wis. 19.4.1913 med Leonard Larson, f. i Vernon Co., Wis. 15.5.1888.  Han d. i Viroqua, Wis. 27.3.1985.  Leonard var snikkar («carpenter»), og han og Emma farma mellom anna i Christiana township og sidan i Clinton township, båe i Vernon Co., Wis., men vart sidan skilde.  Dei fekk tre born i lag.

e. Elmer Karinius Anderson, f. i Lake Co., S.D. 15.9.1897, d. i Viroqua, Wis. 25.11.1990.  Han gifte seg i Westby, Wis. 15.4.1916 med Ottila H., kjend som Tillie Goplen, f. i Vernon Co., Wis. 31.12.1889.  Ho d. i Viroqua, Wis. 24.2.1981.  Elmer og Tillie farma i Clinton township, Vernon Co., Wis. og fekk tre born i lag.

f. Anna Jonette Anderson, f. i Lake Co., S.D. 25.10.1899, d. i Viroqua, Wis. 4.3.1971.  Annie gifte seg i Viroqua, Wis. 16.12.1916 med Melvin Julius Swenson.  Han var f. i Vernon Co., Wis. 28.5.1883 og d. i Viroqua, Wis. 11.7.1963.  Melvin og Annie slo seg ned som farmarar i Webster township, Vernon Co., Wis. og fekk ti born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Denne huslyden vert nok ikkje so enkel å finna ut av, men ekspertisen i Brukarforum går langt utover Noregs grenser, og eg lever i voni om at nokon kan ha tips å komma med, som eg vil setja svært stor pris på!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget!

 

Eg ser du har finne find-a-grave referansen til Albert Anderson, men diverre vart første kona hans gravlagd i South Dakota, og derifrå finst det ikkje noko hjå find-a-grave so vidt som eg kan sjå...

 

Eg har freista identifisera fadrane til den eine sonen fødd i 1887, Andrew og Mathilda Iverson samt Gustav Anderson.  Kanskje ein av dei kunne vera i slekt med Anna?  Men so langt utan resultat.  Gustav Anderson var nok ein svenske med ei kone Anna frå Elverum(?), som budde i nabolaget på den tidi:

 

https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/52358270/person/13808092778/facts

 

men Andrew og Mathilda er eg heilt «blank» på...

 

So har me òg utfordringi kring andre vigsli til Albert kring 1895 med Nellie Erickson!  Merkeleg at ikkje den skal vera mogeleg å finna nokon stad...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og vonar at «gullalderen» ikkje enno er heilt forbi...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no studert denne huslyden endå litt meir og TRUR eg kan ha finne ein god «kandidat» for denne Anna, første kona til Albert Anderson, fødd 12.7.1862:

 

Ser me på tvillingane som Albert og Anna fekk i 1887, fekk dei namni:

 

* Sigvart Karinius, og

* Almar Gunerius

 

Foreldri til Albert heitte Søren og Anna.  Dersom tvillingane vart oppkalla etter dei fire besteforeldri, kunne me kanskje venta at foreldri hennar heitte Gunder og Kari/Karen?

 

Og då har eg finne ein «super kandidat» i Ringebu:

 

* Anna Gundersdotter, tvilling, fødd i Ringebu 12.7.1862 av foreldri «ungkarl og tømmermann» Gunder Olson Lie frå Øier, for tiden i arbeid på Koppang i Storelvdalen, og «pigen» Karen Engebriksdotter Hage:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8947/26

 

Her er Anna med mor og besteforeldre på Hage i Ringebu i 1865:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0520&kenr=006&bnr=0026&lnr=000

 

og framleis i 1875:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=0520&kenr=006&bnr=0036&lnr=00

 

Og 19.9.1884 får Anna Gundersdotter og halvsøsteri Emma Andersdotter attest for å utvandra frå Fåvang sokn i Ringebu til Amerika:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/5040/144

 

og her er dei på passasjerlistene over Christiania:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIOSLO&gardpostnr=59505&merk=59505#ovre

 

Tre gode argument for at eg har finne «rett» Anna:

 

** Namnekombinasjonen til foreldri

 

** Fødselsdatoen

 

** Det faktum at ho var tvilling og sjølv fekk tvillingar - kjem ofte føre...

 

So, kva meiner de?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
7 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Tre gode argument for at eg har finne «rett» Anna:

 

** Namnekombinasjonen til foreldri

 

** Fødselsdatoen

 

** Det faktum at ho var tvilling og sjølv fekk tvillingar - kjem ofte føre...

 

En god kandidat absolutt - dessverre sier ikke ankomsten noe om hvor de skulle.....

Emma reiste under navnet Hæge og det er blitt til Hays (Hags hos FS) ! - hun står nederst på siden (# 324), Anna Gundersen på neste side som # 328

The New York, Passenger Lists, 1820-1957
Name: Emma Hays
Arrival Date:    18 Oct 1884
Birth Date:    abt 1864
Age:    20
Gender:    Female
Ethnicity/ Nationality:    Norwegian
Place of Origin:    Norway
Port of Departure:    Liverpool, England
Destination:    United States of America
Port of Arrival:    New York, New York
Ship Name:    Egypt

Lenke FS - https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:QVPF-H3W2

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for nytt innlegg!

 

Det er synd at ikkje passasjerprotokollen seier noko meir om reisemålet i Amerika.  Elles hadde det jo heilt klart vore ein fordel o me òg kunne ha finne lagnaden til Emma....

 

Ifølgje FT1865 var Emma fødd i Storelvdalen i 1865, men eg ser at ho vart døypt i Ringebu 19.2.1865 med fødselsdato 30.11.1864:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/9267/123

 

Kanskje er det denne jenta som i 1900 er ugift sales woman og bur i Minneapolis, MN, fødd i november 1864 og utvandra i 1884:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DHH9-Q57?i=13&cc=1325221

 

Men det hjelper oss jo lite for å finna Anna...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å spora opp denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.