Gå til innhold
Nasjonalarkivet

LØYST: Lars Olson og Britha Sjursdotter på Hetletvedt i Nedstrand - til Amerika og/eller Stavanger 1837/1841? - kvar vart dei av? - bygdebokoppslag?


Recommended Posts

Utflyttelista frå Nedstrand frå 1841 (https://media.digitalarkivet.no/view/15838/174) syner mellom anna følgjande huslyd:

 

Lars Olson Hetletvedt, 31 år, husmann

Britha Sjursdotter, 39 år, kona hans

Britha Larsdotter, 9 år, dotter

Sjur Larsson, 8 år, son

Ole Larsson, 5 år, son

 

Eg meiner å lesa følgjande merknad ved utvandringi: «til America i 1837, men kom ikke lenger end til Stavanger»

 

MEN, huslyden finst på denne passasjerlista frå Stavanger frå 1837: http://www.norwayheritage.com/p_list.asp?jo=1759&ps=177

 

Kan dei vera attendekomne frå Amerika??

 

Finst det nokon med lokal kunnskap eller ei bygdebok for Nedstrand som har noko å fortelja om lagnaden til denne huslyden?

 

Eg er særleg interessert i sonen Sjur, som KAN vera identisk med ein Samuel Larsson som i 1858 dukka opp i Wisconsin (sjå tema: https://forum.arkivverket.no/topic/202497-samuel-larsson-f%C3%B8dd-i-noreg-kring-1834-til-wisconsin-f%C3%B8r-1858-kven-kan-han-ha-vore-to-vigsler-ei-skikkeleg-utfordring/?p=1729376).

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Hetletveit er på den delen av Ombo som nå hører til Finnøy, tidligere Sjernarøy sokn i Nedstrand prestegjeld.

Du treng altså bygdebok for Ombo/Sjernarøy/Finnøy.

Endret av Åsbjørg Susort

Sjekka bygdeboka for Nedstrand alikevel siden det sto at Sjur var fødd på Baustad - og fant dei der.

Etter kommentar om at dei berre kom til Stavanger i 1841 står det:

"Dei reiste likevel til Amerika kring 1850. Dei fekk fleire born etter at dei kom til Stavanger, og dei siste borna er nemnde i boka "The Sloopers" som Lavina, Sjur and Osmund."

Endret av Åsbjørg Susort

Hjarteleg takk til Åsbjørg for nyttige og interessante svar på dette emnet!

 

Særleg er det «pussig» å lesa at huslyden likevel utvandra til Amerika kring 1850, sidan Carsten i det andre emnet fann vigsli til Sjur (Sivert) i Stavanger i 1861: https://media.digitalarkivet.no/view/1672/50

 

Og her er Sivert i FT1865 for Stavanger med fødestad Stavanger: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038196016991

 

Dotteri hans vart døypt i Domkyrkja i Stavanger i 1860:

 

Name: Severine Bertine Sivertsdatter

Gender: Female

Birth Date: 15 Dec 1859

Birthplace: Domkirken, Stavanger, Rogaland, Norway

Christening Date: 15 Jan 1860

Father's Name: Sivert Larsen

Mother's Name: Berte Severine Rasmusen

 

Sidan spørsmålet om denne huslyden kom etter mistanke om samband med Samuel Larsson i Wisconsin, og dette ikkje er tilfelle, er problemet forsovidt løyst frå mi side.

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne utfordringi!

Endret av Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.