Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Tvillingane Paul Ellingson og Anna Ellingsdotter - fødde på Krokasagi i Hafslo 1740 - levde i 1752 - men kvar vart det av dei - kanskje til ytre Sogn?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Sagemeister Elling Paulson og kona Eli Olsdotter budde som husmannsfolk på plassen Sagi under Kroken i Hafslo.  Elling døydde kring 1745, medan det vart halde skifte etter Eli Olsdotter i februar 1752 (https://media.digitalarkivet.no/view/24138/21).

 

Dei let etter seg to born, tvillingane:

 

* Paul Ellingson, døypt i Hafslo 18.9.1740 - oppheldt seg på Sagi hjå mori i 1752

 

* Anna Ellingsdotter, likeins døypt i Hafslo 18.9.1740 - oppheldt seg hjå «Madame Sal. Jonas Leyrdahl's» (Maren f. Wangensteen) i 1752

 

Maren Leyrdahl f. Wangensteen var på den tidi «husmor» på hovudbruket i Kroken, men flytte sist på 1750-talet til Lærdal.

 

Den store utfordringi her er å finna ut kvar det vart av desse tvillingane?  Eg ser ingen av dei gifte i Luster eller Hafslo, heller ikkje i Lærdal/Årdal, men FamilySearch har eit par alternativ for Anna Ellingsdotter andre stadar i Sogn - kan det vera ei av dei?

 

** Anna Ellingsdotter Uglene gift i Sogndal 5.11.1770 med enkjemannen Torsten Sjurson Haugen (https://media.digitalarkivet.no/view/11655/29)

 

** Anna Ellingsdotter Haukaasen gift i Kaupanger 16.10.1775 med Ingebrigt Hansson Rudsvig (https://media.digitalarkivet.no/view/11654/259) - ho budde 1801 på Amla 55 år

 

** Anna Ellingsdotter Slinde gift i Balestrand 8.5.1769 med Ole Endreson Torsnes (https://media.digitalarkivet.no/view/11566/164)

 

** Anna Ellingsdotter Losnen gift i Gulen 18.p. Trin. 1772 med Lars Olson Lændingen (https://media.digitalarkivet.no/view/11443/160)

 

** Anna Ellingsdotter Handalen gift i Gulen 23.6.1775 med Even Corporal (https://media.digitalarkivet.no/view/11443/182) - lite sannsynleg, for ei Anna Ellingsdotter Handalen vart døypt i Gulen 17.10.1739, og ho er 63 år i 1801: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058391004203

 

Dei beste alternativ etter mitt syn er:

 

*** Ho frå Losna gift 1772 - ho synest ikkje vera fødd i Gulen...

 

*** Ho frå Slinde gift 1769 - som i 1801 er 61 år og busett med (andre) mann sin på Torsnes: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058393002329

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips for å løysa utfordringi om lagnadane til Paul og Anna!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

Ho i Gulen / Solund;

Døde i 1784; http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000001733884.

--Eg har lurt litt på om ho kan ha vore frå Bjørnestad (Hyllestad) og dpt 17.3.1742 (foreldre er truleg; far Elling Olson og mor Ellen Mogensdtr).

 

Mannen hennes; http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000001733883.

--Han har eg notert er f. Hersvik og dpt 20.5.1744.

 

Eg har også notert ein sønn Jørgen Larsson Lændingen f. 1774, men det er kanskje fleire som ikkje levde opp.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg ser at Maren Owesdtr Wangensteen, Jonas Leirdahls enke, er innført i register over geistlige skifter i Bergen stift. Ser ut som det er for året 1775:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/27/pa00000000635184

 

Jeg kan ikke se at selve skiftene er skannet, men kan tvillingene ev være nevnt der?? Men det er vel svært liten sjanse for det, for jeg ser av Lampes bok om biskoper og prester i Bergen stift etter reformasjonen at Maren og Jonas hadde egne barn. 

 

Har ellers sett på konfirmantlistene i Lærdal, men kan ikke se tvillingene der... Kanskje jeg har oversett noe. 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle og Grethe for interessante innlegg!

 

Eg har i kveld òg motteke ei direktemelding om Anna Ellingsdotter Slinde, som lyder slik:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Denne Anna Ellingsdotter på Slinde i Norum skal iflg ei Årbok for Norum være datter av Elling Johanneson Slinde og kona Maria Olsdatter fra Meland i Balestrand.
 
Her, 8 mai 1769, gifter Anna Ellingsdotter Slinde seg med Ole Endresen Tosnes:
SAB, Leikanger Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 3, 1756-1770, s. 165
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070511620701
 
Her, 1 juli 1789. gifter enken Anna Ellingsdotter Torsnes med Guttorm Guttormsen, og da må det være Elling Johanneson Slindes datter Ann vi har her.
SAB, Leikanger Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 4, 1770-1791, s. 218
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070511630187

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So denne «kandidaten» frå Slinde kan me tydeleg sjå vekk ifrå, men kva med Anna Ellingsdotter som gift seg med Lars Olson i Gulen?  Du Gisle meiner ho kanskje er frå Bjørnestad i Hyllestad, men finst det noko prov for det?  Kva seier bygdeboki for Hyllestad?

 

Eg har òg vore inne på tanken at tvillingane kunne vera flytte til Lærdal, men som du Grethe òg har slege fast; der er det ikkje spor å finna etter dei.

 

For ordens skuld; ingen av dei vart konfirmerte korkje i Hafslo eller Luster, so dei må vera flytte før dei vart so gamle....

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om desse søskeni.  Kanskje let det seg gjera finna fleire detaljar om Anna Ellingsdotter frå Bjørnestad i Hyllestad?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

So denne «kandidaten» frå Slinde kan me tydeleg sjå vekk ifrå, men kva med Anna Ellingsdotter som gift seg med Lars Olson i Gulen?  Du Gisle meiner ho kanskje er frå Bjørnestad i Hyllestad, men finst det noko prov for det?  Kva seier bygdeboki for Hyllestad?

 

Eg har òg vore inne på tanken at tvillingane kunne vera flytte til Lærdal, men som du Grethe òg har slege fast; der er det ikkje spor å finna etter dei.

 

For ordens skuld; ingen av dei vart konfirmerte korkje i Hafslo eller Luster, so dei må vera flytte før dei vart so gamle....

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om desse søskeni.  Kanskje let det seg gjera finna fleire detaljar om Anna Ellingsdotter frå Bjørnestad i Hyllestad?

 

Det er ikkje så mykje som står i BB;

 

Elling Olson gbr 1731-45, g ca 1731 Ellen Mogensdtr. Elling budde her [bjørnestad] frå 1718.

Endret av Gisle Hersvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

Det ser ut til at Elling hadde følgande barn til dåp under Bjørnestad;

Kirsten 18 April 1736

"son" 21 September 1738

Mons 24 January 1742

Anne 17 MAR 1743

Men ingen er nevnd under Bjørnstad i BB.

 

Endret av Gisle Hersvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle for nye interessante innlegg om huslyden i Hyllestad!

 

Det er ikkje so godt å verta klok på den huslyden du nemner på Bjørnestad.  Om ikkje det står noko meir om dei enn dette, tyder vel det på at bygdebokskrivaren ikkje har greidd å finna ut noko meir.  Eg vil gissa på at Elling Olson og kona hans må ha hatt fleire born fødde før 1736, men kvar er dei?  Er det «lakuner» i kyrkjebøkene frå Askvoll?

 

Når me veit at det var ei viss flytting frå indre Sogn til Gulen, mellom anna til Losna, og me veit at Anna Ellingsdotter frå Kroken framleis levde i 1752, 11 år gamal, tykkjer eg ho er ein kanskje vel so god «kandidat» for Anna gift med Lars Olson i Gulen, som jenta frå Hyllestad.

 

Kanskje nokon greier å følgja denne ætti frå Bjørnestad i Hyllestad?  Ein eller annan stad må jo ogso dei ha vorte av...?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips kring denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette emnet der eg kan ha gjort ei spennande oppdaging når det gjeld lagnadane tilndei to tvillingane!

 

Det var ei visst flytting på 1700-talet mellom indre Sogn og Sunnmøre/Romsdalen, mellom anna til Borgund!

 

I Borgund var det ein Elling Paulson Wiig som 22.4.1736 gifte seg med ei Christi Jansdotter Wiig: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vi15311698&gardpostnr=741&personpostnr=1477&merk=1477#ovre

 

Elling og Christi får i perioden 1737-1753 sju born på Wiig i Borgund med meir eller mindre jamne mellomrom, men INGEN Paul!  Og sjekkar me konfoirmantlistyene for Borgund, finn me att fleire av de same borni, men framleis INGEN Paul!

 

Derimot ser eg at ein Paul Ellingson Uggedal gifte seg i Borgund 8.7.1764 med ei Inger Olsdotter: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vi15311698&gardpostnr=1669&personpostnr=3333&merk=3333#ovre

 

Paul og Inger får òg talrike born på Uggedal og bur framleis på Uggedal som kårfolk i 1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058419003350

 

Eg meiner denne Paul Ellingson Uggedal kan vera ein svært god «kandidat» til Paul Ellingson frå Hafslo og lurer veldig på om bygdeboki for Borgund har opplysningar som eventuelt kan stadfesta dette?  Han er tydeleg IKKJE konfirmert i Borgund!

 

Eg ser òg at det er ein Paul Ellingson som dukkar opp på Tandstad i Ørskog i 1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058418001530

 

men FamilySearch syner at han er fødd på Tandstad i 1738, so han er ikkje aktuell for oss.

 

Derimot ser eg ein tredje Paul Ellingson på Humlung i Norddalen i 1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058416001695

 

Men ifølgje FamilySearch vart han og kona Martha gifte so tidleg som i 1760, so sjølv om denne Paul ikkje synest vera fødd i Norddalen, er han kanskje litt i eldste laget for «vår» Paul?

 

Name Povel Ellingsen
Spouse's Name Marta Larsdr
Event Date 22 Jun 1760
Event Place Norddal,More Og Romsdal,Norway

 

Eg kan ikkje sjå noki Anna Ellingsdotter i Borgund som kan høva som søster til Paul, men eg vil gissa på at «våre» tvillingsøsken kanskje voks opp ein annan stad og at Paul først etter konfirmasjonen flytte vidare!?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Gjennom eit eige tema

https://forum.arkivverket.no/topic/223642-løyst-bygdebokoppslag-borgund-garden-uggedal-1700-talet/

har Grethe i kveld synt at Paul Elllingson på Uggedal i Borgund likevel IKKJE kan vera Paul Ellingson frå Hafslo.

 

Kanskje me då likevel skal sjå litt meir på Paul Ellingson på Humlung i Geiranger, Norddalen; https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002059097

 

Utifrå databasane som ligg ute for Norddalen, ser det ut til Paul og Martha på Humlung (Homlung) fekk to born i lag:

 

* Ole i 1764: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009640797

 

* Anna i 1768: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009640952

 

Kanskje ei bygdebok for Geiranger har noko å fortelja oss om denne Paul Ellingson?  Kan han vera fødd i Hafslo i 1740?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om lagnadane til tvillingane frå Kroken i Hafslo!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Finner dette dødsfallet - Elling Larsen Homlung, død 1767, 91 år gammel:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001731483

 

Men han er vel i eldste laget til å være far til en Paul Ellingsen, f. 1740. På geni er det også satt spørsmålstegn ved om Elling kan være far til Elling:

https://www.geni.com/people/Paul-Homlung/6000000014473018138

 

En Povel Ellingsen Homlung blir konfirmert i 1749 og det er jo altfor tidlig for din mann, Lars:

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000001308227

 

Dette er kanskje konfirmasjonen til denne Povels eldre søster:

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000001308214

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Leif B. Mathiesen

Fra  Sunnylven og Geiranger II

Gården Humlung

 

Humlung.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Leif for nye og avklarande innlegg!

 

Eg hadde alt i utgongspunktet ei kjensle av at denne Paul Ellingson på Humlung i Geiranger ville vera litt i «eldste laget» for «vår» Paul, og dette syner seg altso å halda stikk!

 

Då lyt me ut på ny leiting etter tvillingparet frå Kroken i Hafslo, men kvar skal me då leita...?

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips til oppklaring av denne kjempegåta!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.