Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Mysterium i FT1870 for Wisconsin - kvar budde denne huslyden??


Recommended Posts

Denne utfordringi var ein del av følgjande tema, oppretta i februar: https://forum.arkivverket.no/topic/200703-ole-thomasson-f%C3%B8dd-i-hafslo-1751857-utvandra-1867-til-vernon-co-wi-kvar-vart-det-av-denne-karen-dobbeltgjengar-fr%C3%A5-flekkefjord/?hl=%2Bthomas+%2Bkvalen

 

Eg attgjev med basis i nemnde tema:

 

Thomas Nilsson (1817-1898) og kona Ingeborg Marie, kjend som Maria Sivertsdotter (Brinchmann) (1820-1867) var husmannsfolk på Kvalen under garden Urnes i Hafslo til dei i 1867 utvandra til Amerika med seks born:

 

* Guri Thomasdotter (1845-1867)

 

* Sjur Thomasson «Thompson» (1847-1929)

 

* Hans Thomasson «Thompson» (1849-1925)

 

* Anna Thomasdotter, fødd 19.9.1852

 

* Ole Thomasson ?«Thompson», fødd 17.5.1857

 

* Martha Thomasdotter (1861-1867)

 

Ein son var utvandra før:

 

* Nils Thomasson «Thompson» (1842-1914) - utvandra i 1862
 

Både mori Maria og dei to døtrene Guri og Martha døydde i Vernon Co., WI kort etter ankomsten i 1867.  Bortsett ifrå Ole og søsteri Anna har eg finna att alle dei andre i Amerika, Nils Thompson i Otter tail Co., MN og Sjur og Hans Thompson, båe i Vernon Co., WI.

 

MEN, eg har so langt ikkje vore i stand til å finna att denne huslyden i FT1870, endå dei MÅ ha vore i eller nær Vernon Co., WI der eldste sonen Nils Thompson gifte seg 6.12.1870 med Anna Andersdotter frå Vågå!  Og Sjur Thompson gifte seg i Vernon Co., WI 16.4.1872 med Olena Syverson.

 

Mysteriet består i å finna att denne Thomas og borni Nils, Sjur, Hans, Anna og Ole i FT1870!  Kvar kan dei ha gøymt seg??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!  Det hadde vore ein kjempemessig julepresang om nokon kunne greia å løysa denne!!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.