Gå til innhold
Arkivverket

Asmus Høyer - nemnd som gardeigar i Bergen i 1645 - døydde før 1671 - kven var han? - huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er lagt ut som ein del av følgjande «hovudemne»: https://forum.arkivverket.no/topic/196236-bernt-berntson-nagel-1610-1679-til-kroken-i-hafslo-gift-med-metta-s%C3%B8rensdotter-heiberg-huslyden-deira/

 

Ifølgje det nye «generalregisteret» frå Digitalarkivet var Asmus Høyer i 1645 eigar av ein eller annan eigedom i Bergen:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/199/pt00000000117300

 

Av andre kjelder går det fram at han var avliden før 1671

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000005923510

 

Kven var denne Asmus Høyer?

 

Han hadde minst ei dotter:

 

* Gretha Asmusdotter Høyer, skal ha vore gift 1ste gongen med ein Albert Lampe, truleg i Bergen, og sidan med ein Fredrik Jung, som det vart halde skifte etter i Bergen 22.1.1683:

 

http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=solliedskift&sideid=766&storleik

 

Fredrik og Gretha hadde ein son Asmus, men hadde truleg ogso ei dotter Wilmickie døypt i Nykyrkja i Bergen 6.1.1672, som vel døydde før 1683(?)

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000005923788

 

Som enkje etter Fredrik Jung gifte Gretha seg tredje gongen med Søren Berntson Nagel, fødd i Hafslo kring 1640.  Dei var i 1701 busette som husmannsfolk på Børknes i Gulen:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/206/pc00000000595549

 

Eg er interessert i fleire opplysningar ikkje berre om Asmus Høyer, men ogso om Gretha og dei tre ektemakane hennar og ville setja svært stor pris på om nokon kunne bidra med i alle fall noko...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner dette:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000142737

 

Bergen fylke, Nykirken i Nykirken, Ministerialbok nr. A 1 (1668-1820), Døde og begravede 1673, Side 21
Permanent bilde-ID: kb20070323640370
 

Ved dåpen til Wilmicke er en Albert Lampe, styrmann, fadder. Kan dette være skifte etter sammen styrmannen?

 

http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=solliedskift&sideid=1564&storleik

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er skifte etter ei Stine Høyer:

 

http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=solliedskift&sideid=1564&storleik

http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=solliedskift&sideid=767&storleik=

 

Arvinger: Jochum Høyer, Grete Høyer

Barnebarna til Stine Høyer: Hans Lampe og Mallena Albertsdatter Lampe - Lars Ingebrigtsen var formynder of Mallena. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for spennande nye innlegg!

 

Denne huslyden ser i mine auge svært so «innfløkt» ut!  Har det vore TO Albert Lampe i Bergen på same tid?  Då det i 1678 vart halde skifte etter styrmann Albert Lampe, hadde han ei heilt anna enkje, medan Fredrik Jung tydeleg var gift med Gretha Høyer då dotteri hans (deira?) vart lagd i gravi til bestefaren Asmus Høyer!?

 

Stina (Hansdotter) Høyer ser ut til å ha vore gift med Asmus Høyer, men kvifor er dei to Lampeborni etter Gretha nemnde i skiftet hennar når Gretha framleis levde?  Og kvifor er ikkje Asmus Jung nemnd i same skiftet??  Han var jo òg eit barnebarn av Stina!!

 

Kanskje nokon forstår denne samanhangen betre enn kva eg gjer?

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er skifte etter ei Stine Høyer:

 

http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=solliedskift&sideid=1564&storleik

http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=solliedskift&sideid=767&storleik=

 

Arvinger: Jochum Høyer, Grete Høyer

Barnebarna til Stine Høyer: Hans Lampe og Mallena Albertsdatter Lampe - Lars Ingebrigtsen var formynder of Mallena. 

 

Det ser ut som jeg har glemt å legge inn lenke til siden hvor du finner starten på skiftet etter Stine - på denne siden er Asmus Høyer nevnt i skiftet rett foran, som Grete Høyer. Her står det at Grete var enke etter Fredrik Jung:  

 

http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=solliedskift&sideid=766&storleik=

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye interessante innlegg!

 

So var altso Asmus Høyer borgar i Bergen frå 1641, og fødestaden hans var i Stralsund (Mecklenburg).

 

Dotteri Gretha Høyer må vera fødd på 1640-talet, for sonen Asmus, som var umyndig i 1683, men borgar frå 1695, må vera fødd kring 1670, seinast...

 

Elles har eg spekulert veldig på korleis slektssamanhangen her kan vera, og eg er komen til ein (førebels) konklusjon:

 

Albert Lampe var fadder til Wilmickie Jung i 1672, samstundes som dei to borni hans, Hans og Malene, var barneborn av Stine Høyer då ho døydde i 1683.  Då det i 1678 vart halde skifte etter styrmann Albert Lampe, heitte enkja Walborg Pedersdotter, men mor til Hans og Malene Lampe MÅ ha vore dotter av Stine Meyer.  Walborg må med andre ord vera andre kona til Albert Lampe, som først må ha vore gift med ei dotter av Asmus og Stine Høyer!

 

Dette tyder at Gretha Asmusdotter Høyer aldri var gift med Albert Lampe, slik det vert hevda i fleire skriftlege kjelder (og som sikkert har opphav i mistolking av skiftet etter Stine Høyer!?).

 

Korleis høyrest dette ut?

 

Men framleis står fleire konkrete problemstillingar opne:

 

* Kva yrke hadde Asmus Høyer i Bergen?

 

* Kva yrke hadde Fredrik Jung i Bergen?

 

* Veit ein noko om opphavet til denne Fredrik Jung? - Tok han borgarskap i Bergen (kanskje namnet er feilskrive..)?

 

* So er det spørsmålet om lagnaden til Gretha og Søren Nagel i Gulen - finst det noko skrive om dette?

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Slettet - Får ikke lagt inn link herifra

 

Men søker du på Lampe slekt i Bergen (Google) så får du opp siden : Lampe- Moldeglimt

Der står det mye interessant.

 

Mvh

Ivar

 

 

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for nytt innlegg!

 

No har eg freista å finna sida du nemner, men finn ikkje noko som liknar...  Kanskje google i Tyskland ikkje harmonerer med google i Noreg...?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ad 7.  Fridrich Jung og Margrethe Asmusdatter Høyer har ei datter Wilmiche til dåp i NK 6/1-1672. Etter at Freiderich dør 1683 har jeg notert at hun blir gift med Søren Berentsen Nagel.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for nytt innlegg!

 

No har eg freista å finna sida du nemner, men finn ikkje noko som liknar...  Kanskje google i Tyskland ikkje harmonerer med google i Noreg...?

 

 

Søker du på Bergen i Tyskland så antar jeg du blir møtt med " In den schönen Tiroler Bergen"  USW :)

 

http://moldeglimt.no/Slekt/lampe/lampe.html

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.