Gå til innhold
Nasjonalarkivet

LØYST: Am(b)ling Hansen - døydde i Bergen i 1730 - gift med Cecilia Andersdotter Nagel - kven var han? - tilknytting til Amla i Sogndal?


Recommended Posts

Dette emnet er lagt ut som ein del av følgjande «hovudemne»: https://forum.arkivverket.no/topic/196236-bernt-berntson-nagel-1610-1679-til-kroken-i-hafslo-gift-med-metta-s%C3%B8rensdotter-heiberg-huslyden-deira/

 

Amling Hansen, øltappar i Bergen, vart gravlagd frå Domkyrkja 15.2.1730: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000726738

 

og skiftet etter han vart halde 22.3.1730: http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=solliedskift&sideid=71&storleik

 

Amling er nemnd første gongen i Bergen då han hausten 1713 var faddar for sonen til ein Lauritz Nagel: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000005767667

 

Amling Hansen må ha gift seg kring 1711 med Cecilia Andersdotter Nagel, fødd i Sogndal kring 1688, men kvar kan han vera komen ifrå?

 

Er det nokon som kjenner til dette spesielle førenamnet frå andre kjelder?  Kan han vera frå Amla i Sogndal og soleis fått «kallenamnet» Amling??

 

Den einaste eg i so fall ser som «aktuell», er Anders Hansson på 32 år som i 1701 tente hjå sorenskrivaren i Amla: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/206/pc00000000630928

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Eg har i dag gjort fleire spennande observasjonar etter at eg òg har søkt på namneformi Ambling:

* Cecilia Nagel vart alt i mai 1712 kalla for «Ambling Hansens»: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000005766174

* Ambling Hansen er alt i 1711 nemnd i ei sak i Bergen: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/241/pc00000000323189

* Mette Marie Ambling er nemnd som fadder i 1720, og ho høyrde tydeleg til same «ættekrinsen» som Nagel-ætti: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000006011959

* Peder Jensen Ambling og hans kone Kirsten er båe nemnde som fadrar i Bergen våren 1722.  Dette er Peder Jensson Klingenberg frå Amla, kjend som Peder Amble (1682-1763), og kona Kirstina Dominicusdotter Nagel, søskenbarn av Cecilie gift med Amling Hansen:
https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000006014036
https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000006013865

Ettrer mitt syn MÅ det vera ein samanhang mellom namnet Ambling (Amling) og garden Amble (Amla) i Sogndal, også når det gjeld Am(b)ling Hansen, so kanskje er ikkje tanken om denne Anders Hansson i Amla frå 1701 so heilt «borte vekk»??

 

Eg vonar at kanskje nokon har synspunkt på desse tankane og takkar på ny so mykje for alle gode tips!

I borgerboka for Bergen finner vi en Ammeling Hansen som får borgerbrev som kjøpmann i 1712. Under fødested er ført "2 mil fra Flensburg". Dette spesielle navnet finner vi ett sted til i borgerboka, nemlig i 1733 da Amling von Lengern fra Flensburg fikk borgerbrev som kjøpmann.

 

Navnet Amling, Ameling, Ammeling o.l. finnes her og der som fornavn i tyske og engelske kilder fra 1600- og 1700-tallet, men først og fremst som etternavn.

Hjarteleg takk til Knut for eit skikkjeleg spennande og interessant innlegg!

 

Denne opplysningi om borgarskap i Bergen veltar sjølvsagt alle andre teoriar om opphavet til Amling Hansen.  Ingen tvil om at dette er same mann, og han er altso komen til Bergen som kjøpmann.

 

Kvar opplysningi om at Amling Hansen var øltappar kjem ifrå, kan eg derimot ikkje gjera greie for...  Kanskje nokon veit?

 

Eg takkar på ny for kjempebra hjelp med denne karen, som altso ikkje har noko å gjera med Amla i Sogndal!

Hjarteleg takk til Knut for siste avklarande meldingi!

 

Med dette ser eg på problemet kring Amling Hansen som løyst.  Eg vil gissa på han var fødd kring 1680...

 

Nok ein kjempetakk for hjelpi!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.