Gå til innhold
Arkivverket

Jacob Svendson av reisande ætt (1748- ) - frå Luster til Sogndal og/eller Vik og sidan?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne huslyden har utgangspunkt i følgjande tema frå 2014: http://forum.arkivve...i/#entry1613681

 

For å freista skaffa eit betre over oversyn over denne reisandeætti tek eg i fleire tema opp til drøfting dei einskilde greinene, og her følgjer huslyden til Jacob Svendson (1748-    ) som gifte seg med ei Anna og skal ha butt dels i Sogndal og dels i Vik, før dei «forsvinn»!

 

Eg attgjev frå eit nylig oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Jacob Svendson, døypt i Førde 2.7.1748,

Jacob Svendson gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli hans?)

 

med Anna

 

##### (farsnamnet hennar?)

 

##### (opphavet hennar?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

##### (busette i Sogndal? – 1787 hesteskjerar i Vik? – seinare lagnad?)

 

##### (dødsfalli deira?)

 

Me kjenner til ein son etter dei:

 

##### (fleire born? – oppl.?)

 

a. Ingebrigt Jacobson, døypt i Vik 16.7.1787,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det er ikkje mykje me veit om denne huslyden, men kanskje sit det ein eller annan der ute med interessante tilleggsopplysningar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dåpen til Ingebrigt:

 

Sogn og Fjordane fylke, Hoprekstad, Hove, Kvamsøy, Kyrkjebø, Arnafjord i Vik, Ministerialbok nr. A 5 (1787-1820), Fødte og døpte 1787, Side 2-3
Permanent bilde-ID: kb20070523640600
 
Sogn og Fjordane fylke, Hoprekstad, Hove, Kvamsøy, Kyrkjebø, Arnafjord i Vik, Ministerialbok nr. A 5 (1787-1820), Fødte og døpte 1787, Side 4-5
Permanent bilde-ID: kb20070523640601
 

En av fadderne er Anne Jacobsdatter "fra Sogndahl" - kan det være guttens mor? Bare en tanke....!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit spennande innlegg!

 

Denne dåpen i Vik er svært so interessant, ikkje minst òg på grunn av den siste fadderen, Anna Jacobsdotter «fra Sogndahl».  Det KAN sjølvsagt vera kona til Jacob, men når me veit at mor hans heitte Anna, vil eg kanskje heller tru at denne fadderen har vore DOTTER hans og f. kring 1770.

 

MEN, eg finn ikkje noki Anna Jacobsdotter mellom fødde, korkje i Sogn og Fjordane eller andre stader, som «jump out on me»!  Svært so anonymt denne huslyden ser ut til å ha levt!

 

Kan dei ha vore i Sverige??  Det var vel ein del omstreifarar som kryssa grensa på 1700-talet...?

 

Eg takkar på ny for kjempehjelp med denne huslyden og lever i voni...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kva m/ Jacob Svensen, omvandrende Betler, død på Gunnerud, 26.1.1816. Fødd ca 1756

Sjå Lier 0626, 1813-25, s. 202-203.

 

Du må nøya deg med dette, Lars, då kunnskapen om copyering på ein I-PAD diverre er Lite Godt !!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for eit svært so spennande innlegg!

 

Her er den nemnde sida frå kyrkjeboki: https://media.digitalarkivet.no/view/8444/98

 

Eg må berre tilstå eg er ganske so imponert!  Du, Jon, har ein eigen evne til å snusa opp einskilde «hardse nøtter», og sjølv om ikkje alderen er heilt rett, so er det mykje som tyder på at dette verkeleg KAN vera «vår» Jacob!

 

Elles finn me hjå FamilySearch følgjande «kandidatar» for Jacob Svendson gift med Anna i perioden 1765 til 1786:

 

Jacob Svendsen spouse: Anne Svensdr            marriage: 29 November 1767 Nesodden, Akershus,
Jacob Svendsen spouse: Anne Christensdr     marriage: 27 June 1777 Brunlanes, Vestfold
Jacob Svendsen spouse: Anne Olsdr                marriage: 29 October 1772 Ullensaker, Akershus,
Jacob Svendsen spouse: Anne Pedersdr          marriage: 28 January 1781Trogstad, Ostfold,
Jacob Svenson spouse: Anniken Madsdr        marriage: 28 December 1768 Hole, Buskerud,
Jacob Svensen spouse: Anna Grotmaal            marriage: 07 January 1768 Aremark, Ostfold,

 

men me har òg eit par «kandidatar» frå Sverige:

 

Jacob Swensson spouse: Anna Bjorensdr         marriage: 16 January 1780 Morlanda, Goteborg och Bohus,

Jacob Svensson spouse: Anne Nilsdr                marriage: 25 November 1771 Kola, Varmland,

 

Kan det vera ein av desse me leiter etter??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

"men når me veit at mor hans heitte Anna, vil eg kanskje heller tru at denne fadderen har vore DOTTER hans og f. kring 1770.".

 

Hvem er moren til Anna Jacobsdatter? 

 

Dåpen til Jacob i Førde - 1748 - Svend hesteskiærers b:? - venstre side:

 

Sogn og Fjordane fylke, Førde, Vevring, Holsen, Haukedalen, Naustdal i Førde, Ministerialbok nr. A 2 (1728-1748), Kronologisk liste 1748, Side 162
Permanent bilde-ID: kb20070227240656
 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!

 

Eg hadde gløymt å leggja inn den originale dåpshandlingi frå Førde, men no er denne «på plass».  So er det berre å vona at nokon greier å supplera med fleire opplysningar om Jacob og huslyden hans...

 

Eg takkar på ny for alle tips når det gjeld denne svært so «anonyme» omstreifaren...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du skriver i forbindelse med dåpen til Ingebrigt at Anna Jacobsen kan ha vært datteren til Jacob Svendsen, født omkring 1770. Det jeg lurte på, er hvem som er moren til Anna Jacobsdatter. Ble Anna seinere gift?

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg ser Jacob er nevnt helt til slutt i temaet fra 2014:

 

"So er dei fleste av greinene av denne spennande og interessante ætti tekne opp som eige emner, men eg vil gjerne få trekka merksemdi til ein son som eg IKKJE har vore borti nokon stad før:

 

** Jacob Svendson, døypt i Førde 2.7.1748 - far berre oppgjeven som Svend Hesteskjerar!

 

https://media.digita.../view/11403/162

 

Kvar kan det ha vorte av denne guten??

 

Eg takkar å ny for alle gode tips om denne huslyden!"

 

Jeg lurer som nevnt bare på om dette med datteren Anna Jacobsdatter. 

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye innlegg om denne utfordringi!

 

Eg seier meg lei for at kanskje har uttrykt meg uklart om huslyden til Jacob Svendson.  Han var altso fødd i Førde i 1748 og har truleg gift seg kring 1770 eller kort før med denne Anna som i 1787 - utan farsnamn - er nemnd vera mor til sonen Ingebrigt.  Den Anna Jacobsdotter, som er nemnd fadder i 1787, mistenker eg for å vera ei dotter av Jacob Svendson og kona Anna NN og fødd kring 1770 eller kort etter.  Kvar det vart av Anna Jacobsdotter, veit eg ikkje, men ho kan vera ein «lykjel» til løysingi av problemet...?

 

Altso kortfatta:

 

Jacob Svendson, fødd 1748 - gift kring 1770 med Anna NN - minst to born:

 

* Anna Jacobsdotter, fødd kring 1770

 

* Ingebrigt Jacobson, fødd 1787

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du har ikke uttrykt deg uklart, Lars!  :) Det var bare et spørsmål om hvem Anna kunne være. Hvis hun var fadder på lillebroren sin, må hun vel ha vært konfirmert...? Og hvis det er tilfellet, er spørsmålet hvor og når det skjedde. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet frå juleveka.  Kanskje er nokon attendekomne frå juleferie som kan sjå på denne utfordringi med friske nye auge?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips som kan kasta ljos over denne problemstillingi...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 10 måneder senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som har lege «i dvale» sidan siste årsskifte.

 

Diverre er det ikkje kome til nye opplysningar som kan bidra til oppklaring av huslyden slik han er skissert i innlegg #10 ovanfor, men «kandidaten» som Jon fann i innlegg #4 ovanfor, betler Jacob Svendson, som døydde på Gunnerud i Lier i 1816, tykkjer eg er ein svært so interessant «kandidat».  Eller kva meiner de?

 

Finst det kanskje gamle PASS for Jacob Svendson?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å freista spora opp denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi som har lege «aldri so lenge» utan at me er komne noko vidare...

 

Eg har diverre ikkje noko å tilføya om Jacob Svendson, utover dei detaljane som mellom anna kjem fram i innlegg #10 over, men vil gjerne få gjenta spørsmålet frå innlegg #13 om det kan finnast PASS for denne omstreifaren nokon stad?  Eller kanskje for borni hans?

 

Eg har framleis sterk tru på at det var han som døydde i Lier i 1816!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppsporing av Jacob Svendson og huslyden hans!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...

Eg tillet meg i kveld endå ein gong å henta fram att dette emnet som framleis «ligg og ulmar» bak i hovudet hjå meg!  Dette må jo vera ei kjempeutfordring for alle som er interesserte i forsking på reisande og omstreifarætter å finna ut meir om denne Jacob Svendson og huslyden hans, og eg legg inn den siste oppdaterte versjonen av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Jacob Svendson, døypt i Førde 2.7.1748,

Jacob Svendson gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli hans?)

 

med Anna

 

##### (farsnamnet hennar?)

 

##### (opphavet hennar?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

##### (busette i Sogndal? – 1787 hesteskjerar i Vik? – seinare lagnad?)

 

##### (dødsfalli deira? – Jacob truleg avliden som «omreisande betler» på Gunnerud i Lier 26.1.1816!?)

 

Me kjenner til ein son etter dei:

 

##### (fleire born? – oppl.? – truleg ei dotter Anna Jacobsdotter, f. kring 1770? – faddar for Ingebrigt!)

 

a. Ingebrigt Jacobson, døypt i Vik 16.7.1787,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...

Huslyden til omstreifaren Jacob Svendson og lagnaden deira er ein av dei største utfordringane som eg har slite meg på mange år, og eg ville vorte so lukkeleg om nokon kunne greia å løysa den nøtta det er å finna att desse folki.

 

Eg syner til manuskriptutdraget i føregåande innlegg og takkar og bukkar for nte gong for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 10 måneder senere...

Eg vil i kveld gjera ein ny freistnad på å henta fram denne reisande ætti.  «Hovudpersonen» Jacob var son av hesteskjærar Svend Svendson (Holsæth) (1720-1809) stamfar for ein av dei største omstreifarættene på Vestlandet, men Jacob er forbausande «stum».

 

Eg attgjev manuskriptet for Jacob og det vetle me veit om huslyden hans:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Jacob Svendson, døypt i Førde 2.7.1748,

 

Jacob Svendson gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli hans?)

 

med Anna

 

##### (farsnamnet hennar?)

 

##### (opphavet hennar?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

##### (busette i Sogndal? – 1787 hesteskjerar i Vik? – seinare lagnad?)

 

##### (dødsfalli deira? – Jacob truleg avliden som «omreisande betler» på Gunnerud i Lier 26.1.1816!?)

 

Me kjenner til ein son etter dei:

 

##### (fleire born? – oppl.? – truleg ei dotter Anna Jacobsdotter, f. kring 1770? – faddar for Ingebrigt!)

 

a. Ingebrigt Jacobson, døypt i Vik 16.7.1787,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg hadde vorte «hoppande glad» om nokon kunne fortelja meg litt om denne so anonyme omstreifaren og takar og bukkar so mykje for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Eg vil gjerne i dag freista endå ein gong å henta fram denne kjempeutfordringi som tydeleg er svært so vanskeleg å gjera noko med...

 

Det er då merkeleg at Jacob Svendson ikkje skal setja spor etter seg nokon stad...!?

 

Eg syner til manuskriptet i innlegg #17 og takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gode Lars. Det kan henda at Jakob hamna austpå. Me skal ikkje sjå bort frå at den Jakob Svendsen som i 1816 vart gravlagd i Lier, 60 år og som omvandrende betler, er den Jakob Svendsen du etterlyser.

Vennleg helsing

Arnvid L.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 minutter siden, arnvid lillehammer skrev:

Gode Lars. Det kan henda at Jakob hamna austpå. Me skal ikkje sjå bort frå at den Jakob Svendsen som i 1816 vart gravlagd i Lier, 60 år og som omvandrende betler, er den Jakob Svendsen du etterlyser.

 

Det er denne du mener da Arnvid

Det må være en god kandidat selv om fødselsår ikke stemmer helt.

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001216690

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det er han, og aldersoppgåver slik som dette 60-talet skal me alltid vera skeptiske til. Det synest svært avrunda av ein prest som knapt kjente vår mann frå Sogn?

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

56 minutter siden, arnvid lillehammer skrev:

Ja, det er han, og aldersoppgåver slik som dette 60-talet skal me alltid vera skeptiske til. Det synest svært avrunda av ein prest som knapt kjente vår mann frå Sogn?

 

Han var vel eigentleg sunnfjording 😉

Om han skulle ha funne på å gifte seg i Førde manglar det diverre kyrkjebok i perioden 1765-1781.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Arnvid, Ivar og Torbjørn for interessante kommentarar!

 

Eg er ganske so overtydd om at den omreisande betlaren Jacob Svendson som døydde i Lier i 1816 svært sannsynleg er mannen me leiter etter, men uansett er det store spørsmålet, kvar er huslyden hans?

 

Han kan ha gift seg nær sagt kvar som helst, og i tillegg til Førde manglar det jo òg vigselsprotokollar for Vik i Sogn mellom 1783 og 1787, som med tanke på at sonen Ingebrigt vart døypt i Vik i 1787, kanskje er ein vel so sannsynleg stad for denne vigsli som nokon annan.  Kanskje kona heitte Anna ingebrigtsdotter??

 

Ein ny kjempetak for framifrå bistand i freistnadane på å lokalisera denne omstreifarætti!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.