Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ole Monsson (1701-1787) og Guri Andersdotter (1700-1775?) - gardbrukarar på Mjelde i Lærdal - kvar vart det av borni deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Bygdeboki for Lærdal, band IV, nemner denne huslyden som gardbrukarar på Mjelde i Lærdal frå kring 1737 og til fram på 1760-talet (eg har lagt til diverse kommentarar!):

 

Ole Monsson frå Nedre Ljøsne, fødd kring 1701, døydde i 1787 (må vera identisk med Ole Monssn 86 år, som døydde i Tønjum sokn i Lærdal 22.12.1787), gifte seg i Lærdal 30.10.1736 med Guri Andersdotter (som eg har identifisert som fødd på garden Nes i Luster kring 1700!).  Ho skal vera avlidi i 1775 - dødsfallet er ikkje finne i Lærdal!  Tre born er nemnde:

 

* Inger Olsdotter, fødd 1737, døydde kring 1775 - døypt i Lærdal 23.9.1736! - dødsfallet er ikkje finne i Lærdal!

 

* Anders Olson, fødd 1739 - døypt 26.12.1739 - lagnad ukjend

 

* Mons Olson, fødd 1743 - døypt 23.6.1743 - lagnad ukjend

 

Eg er i første rekke på leiting etter følgjande detaljar om denne huslyden:

 

** Nøyaktig dato (og stad) for dødsfallet til Guri Andersdotter?

 

** Stadfesting av dødsfallet til Ole Monsson, og dødsstaden hans?

 

** Lagnadar for dei tre borni, Inger, Anders og Mons?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×