Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Peder Christopherson Qvale (1799-1857) frå Luster via Kongsberg, Molde og Trondheim til Målselv - huslyden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Peder Christopherson Qvale vart døypt i Luster 24.1.1799, fødd utanfor ekteskap av foreldri Christopher Jørgenson Raaum og Christi Olsdotter Quale.  Peder voks opp på garden Kvale i Luster og skreiv sidan Qvale.

 

Han flytte tidleg frå Luster og har truleg alt i ung alder vore svært so «mobil».  Han fekk so to born med husmannsdotteri Ingeborg Olsdotter frå plassen Grønlien under Hauglum i Fresvik, Leikanger, fødd på Arnehus i Aurland 1802.  Ho vart 5.4.1845 avretta etter at ho i 1842 tok livet av far sin, Ole Gjertson: https://media.digitalarkivet.no/view/11570/258

 

Dei to borni var:

 

* Mari Pedersdotter, fødd i Aurland 24.9.1828

 

* Mons Pederson, fødd i Fresvik, Leikanger 1.10.1830

 

Desse borni flytte båe til Bergen, men om dei hadde kontakt med far deira, er uvisst...

 

So har eg fått greie på at Peder Christopherson Qvale i 1837 fekk pass på Kongsberg for å reisa til Trondheim i lag med kone og «eit lite barn».  Same mann fekk i 1838 pass i Molde for å reisa til Kongsberg!

 

Noko meir ser me ikkje til Peder Qvale før han står innført i kyrkjeboki for Målselv som avliden der som legdelem 10.6.1857 «ved at gaa ned i en Bark»: https://media.digitalarkivet.no/view/9694/158

 

Er det mogeleg å finna fleire detaljar om Peder Christopherson Qvale frå Luster?  Kven var han gift med og kva born fekk dei?  Eg står «bom fast» og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten og Turid for kjempemessige innlegg!  Eg lurer verkeleg på korleis du Carsten kom på sporet etter denne barnedåpen i Klepp?

 

Peder Christopherson Qvale var altso gift med ei Anna Marie Hansdotter og fekk dotteri:

 

* Christine, døypt i Klepp 26.1.1839.  I merknadsfeltet står det elles at barnet var født i Stavanger 3.1.1839.

 

Det er underleg at barnet er døypt i Klepp, og dette får meg til å undra på om kanskje Anna Marie var derifrå?  Eg ser ein av fadrane var ein Hans Isakson på Kleps prestegard, kan henda ein slektning?

 

Elles finn eg ikkje noki vigsli i heile landet som høver for Peder Christopherson og Anna Marie Hansdotter, og eg finn heller ingen fleire born fødde av desse foreldri!  Kan henda var dei «berre» sambuarar?  Eller var dei «reisande»?

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp med denne huslyden og vonar at fleire detaljar vil dukka opp...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Tonby

Kristine Pedersdt konfirmert i Trysil 11/10 1857 nr 18. Foreldrene står som omvandrende

SAH, Trysil prestekontor, Ministerialbok nr. 5, 1851-1865, s. 158

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070207670387

 

Kristine viet 15/5 1861

SAH, Trysil prestekontor, Ministerialbok nr. 5, 1851-1865, s. 237

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070207670450

 

Ft 1875

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052074002043

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jarleif Nordheim

Ved å søke etter Peder Christophersen Qvale på DAs generelle kilder, kommer det også opp pass for ham, kone og et lite barn i Kongsberg 18.7.38 og 5.9..38 i Molde.

 

Obs: dette lå visst allerede i innlegg #1..

 

Jarleif

Endret av Jarleif Nordheim

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Dag Thorsdalen

Lars, ingen Peder Christophersen, Peder Qvale e.l. er - så langt jeg kan se - registrert som inn- eller utflyttet i kirkebøkene for Kongsberg på 1830-tallet. Den eneste Peder Christophersen som hadde barn til dåpen der i 1820- og 1830-årene har jeg kontroll på, så han kan utelukkes.

 

Gjennom søk på FS finner jeg denne dåpen med samme navnekombinasjoner på foreldrene, men jeg har ingen formening om det faktisk er det samme paret:
Anne Grethe, f. utenfor ekteskap 21/6 1826, døpt i Moss 30/7 1826 (nr. 39 til høyre): https://media.digitalarkivet.no/kb20061024020412
Faren står oppført som arbeids- og enkemann og moren som enke.

 

Samme navnekombinasjon finner jeg også hos et par i Arnadal sogn i Stokke, Vestfold fra 1847 og utover, men de kan utelukkes siden de fortsette å døpe barn etter 1857.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne, Jarleif og Dag for nye spennande og interessante innlegg!

 

Eg er skikkeleg imponert over kva de greier å finna «der ute»; særleg likte eg opplysningane frå Anne om Kristine og både konfirmasjon og vigsel i Trysil!  Korleis i all verdi fann du det?

 

Elles tyder jo Passprotokollane på at Peder og Anna Marie må ha hatt minst eitt barn til født før 1839!  Og dei har altso vore «omreisande», men Peder var av «vanleg bondeætt», so dei er vel ikkje oppfanga av Eilert Sundt??  Og dotteri Christine er vel vorti «fastbuande» i Trysil...

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå hjelp med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jarleif for eit nytt interessant innlegg om Peder Qvale!

 

Og endeleg har me no eit YRKE på denne mannen, MURMEISTAR!  Han har med andre ord reist ikring som murmeistar der det har vore behov for det, og då er det ikkje å undrast på at han kan dukka opp nær sagt kvar som helst!!

 

Eg takkar igjen for framifrå dugnadsinnsats når det gjeld Peder Christopherson Qvale og vonar på fleire spennande oppdagingar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

???

Bergens Adressecontoirs Efterretninger 1826.10.04

 

Den Norske Rigstidende 1822.10.07

 

 

post-541-0-85506200-1486014015_thumb.jpg

post-541-0-75377100-1486014038_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg!

 

Det ser jamen santen ut til at Peder Qvale var i konflikt med loven i sine yngre år...

 

Det er i det heile utruleg kva som kan dukka opp av opplysningar når ein grev i kjeldene, og eg takkar endå ein gong for kjempefin hjelp for å kartleggja lagnaden til denne guten frå Luster!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Erik Lie

Æres den som æres bør, heter det gjerne Lars Øyane lurer flere ganger på hvordan opplysningene om Peder C. Qvale er funnet og det er nok mitt innlegg #133 i denne debatten som er kilden.https://forum.arkivverket.no/topic/155198-69838-aner-til-hanna-kristine-kvale-og-tore-paulsen-finnmark-troms-nordland/Peders svigersønn Martinus var nemlig en bror av min tipp-tippoldefar Anders Isaksen Neby i Søre Osen i Trysil.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Ein sein, men like hjarteleg, takk til Erik for siste innlegget frå sist veke!

 

Det var eit langt tema med mange spennande innlegg som du refererte til, og etter kvart som eg las igjennom, vert det meir og meir klart for meg at Peder Christopherson Qvale var ein «allsidig» kar som må ha hatt ymse «damekontaktar».  Om han var «sambuar» med nokon av dei, kan vera vanskeleg å dømma i ettertid, men det kan sjå ut som han aldri gifte seg med nokon av dei...

 

Eg lyt samla detaljane og komma attende til saki på eit seinare tidspunkt, men eg ville berre no seia ifrå om at meldingi var motteki og uttrykka takksemd for ho!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden til Peder Christopherson Quale og om damene og borni hans!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil gjerne få leggja til at eg har motteke ei melding frå Arnvid Lillehammer om Peder Qvale, der han mellom anna skriv følgjande:

 

«Han tok seg tydelegvis til Bergen for å søka arbeid truleg seint på året 1831, for 11. januar 1832 fekk han pass i Bergen til heimstaden Luster "formedelst mangel paa arbeide". Han er då sagt å vera 32 år, av middels vekst og med brune hår og brune auger. Man han ser ikkje ut til å ha reist heim, eller så har han kome tilbake til Bergen, for 1. juni same året (1832) leverte han passet tilbake.
Så har eg han med eit pass frå fogden i Namdalen frå 31. oktober 1836. Då sa han visstnok at han ville til Trondheim over Gauldal. Og så hamna han altså i Kongsberg der han var innom 3. juni 1837. Då er han sagt å vera 36 år og 64 tomar høg (d.e. ca 167-168 cm), og med brune auger og "sorte haar". Så hadde han eit arr på den venstre handa. Dette passet er svært fillete så det er vanskeleg å lesa kor han var innom og fekk det pråskrive. Frå Kongsberg for han nordvestover og var i Molde 24. april 1838 med kone og eitt barn, og han fekk då nytt pass tilbake til Kongsberg.  Men så må han i løpet av sommaren eller hausten ha tatt turen nordover att til Trøndelag der han vart verande ei tid, for frå 2. november 1838 til 2. mai 1842 sat han som slave (straffange) på Trondheim festning. Det er sikker ikkje vanskeleg å finna rettssaka mot han der han truleg har fortalt om livet sitt til då. Han var tatt inn for to gonger simpelt tjuveri, betleri og passlaus omstreifing.»

 

Peder Christopherson Qvale var tydeleg ein «fargerik» person...

 

Kanskje nokon i Brukarforum er interessert i å leita fram sakspapiri frå Trondheim?

 

Eg takker igjen for framifrå bistand med å kartleggja livet til denne borgaren litt utanom det «vanlege»!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Erik Lie

for en mann han må ha vært

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.