Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ole Wedscher (Widekiær?) - fødd kring 1700, budde i Årdal og Luster i Sogn, men døydde på Eidsvoll 1766? - kven var han? - huslyden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i over 30 år, men aldri har eg greidd å komma noko nærare ei løysing.  Kanskje nokon i Brukarforum kan sjå på dette med friske auge?

 

Ole WEDSCHER er første gongen nemnd i 1730 då han gifte seg i Årdal med Maren, ei av døtrene til den velståande Hans Andersson Ørbech i Natvik i Årdal, men aldri ser me noki utsegn om opphavet hans, og aldri er han nemnd med farsnamn!  Ole KAN vera av same ætt som Samson Ingebrigtson WIDEKIÆR som først på 1600-talet budde på Fjnden i Vik, men noko meir enn namnelikskap har me ikkje å halda oss til!

 

Me kjenner til to døtrer etter Ole og Maren, som båe voks opp, men den eldste, som òg heitte Maren Ørbech, forsvinn for oss.  Kan det finnast opplysningar på Eidsvoll som hjelper oss vidare?  Kanskje eldste dotteri reiste dit med far sin?

 

Manuskriptet for denne huslyden ser i dag slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Wedscher, opphavleg frå

 

     ##### (kvar kan denne mannen vera komen ifrå??)

 

     var f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli hans? – kring 1700?)

 

     og gifte seg i Årdal 18.10.1730 med Maren Hansdotter Ørbech frå Natvik i Årdal.  Ho var dotter av gardbrukar Hans Anderss0n Ørbech i Natvik (1675-1752), opphavleg skrivarson frå Talle.  Ho var f. i Årdal kring 1706.

Ole og Maren budde først nokre år i Årdal,

 

##### (kvar i Årdal budde dei? – hjå foreldri hennar i Natvik?)

 

Men 9.4.1739 og 11.5.1739 fekk Ole Wedscher bygsel på heile bruket på Fuhr i Luster, først hjå Peder Lemvig og sidan hjå Jens Mariager på vegne av Krosskyrkja i Bergen, og truleg var det på same tidi at han og Maren flytte til Luster.  Men kring 1750 vart Ole borte frå bygdi.

Ole Wedscher reiste austafjells, og i 1752 dukkar han opp på Eidsvoll som huslærar hjå prosten Hans Leganger.  Ole skal vera avliden på Eidsvoll 3.6.1766. 

 

##### (sjekka denne opplysningi? – skifte??)

 

Kona Maren vart visstnok buande i Luster nokre år åleine, men flytte sidan med dotteri Maria til Ramsøy i Aurland, og derifrå vart ho gravlagd 27.2.1780.

Ole Wedscher og kona Maren fekk minst to døtrer i lag:

 

##### (fleire born? – opplysningar?)

 

 1. Maren Ørbech Olsdotter, døypt i Årdal 19.7.1733, vart konfirmert i Luster i 1748.

Maren Ørbech flytte

 

##### (flytte frå Luster kring 1750 – lagnaden hennar?)

 

 2. Bertha Marie, kjend som Maria Olsdotter, f. i Årdal kring 1737, vart konfirmert i Luster i 1755.

Maria Olsdotter Wedscher gifte seg i Årdal 2.4.1755 med Mons Andersson frå Ramsøy i Aurland.  Han var son av gardbrukar Anders Hansson på Ramsøy, opphavleg frå Bakka, og kona Elsa Jørgensdotter frå Ramsøy og vart døypt i Aurland 2.2.1730.  Mons og Maria vart buande som gardbrukarar på Ramsøy i Aurland, og derifrå vart Mons gravlagd 25.7.1801.  Maria Wedscher vart gravlagd i Aurland 26.2.1811.  Dei fekk ni born i lag:

a. Maria Monsdotter, døypt i Aurland 14.1.1756, d. på Ramsøy i Aurland 29.4.1839.  Ho gifte seg i Aurland 3.7.1780 med Elling Hansson frå Loven i Aurland, døypt i Aurland 18.9.1745.  Han d. som kårmann på Ramsøy 27.3.1826.  Maria og Elling var gardbrukarar på Ramsøy i Aurland og fekk fem born i lag.

b. Anders Monsson, døypt på Voss 28.1.1758, vart gravlagd frå Ramsøy i Aurland 17.7.1779, ugift.

c. Ole Wedscher Monsson, døypt i Aurland 25.6.1760, d. som kårmann på Tveite i Oppheim sokn, Voss 2.3.1829.  Han gifte seg første gongen i Sogndal 16.6.1796 med Kari Nilsdotter frå Fimreite i Sogndal, døypt i Sogndal 30.1.1768.  Men Kari d. i barselseng og vart gravlagd frå Ramsøy 17.2.1802.  Ole gifte seg so att på Voss 17.10.1803 med Inga Larsdotter frå ein plass

 

     ##### (kva for ein plass?)

 

     under Kvamme på Voss, døypt på Voss 11.8.1771.  Ho d. som kårkone på Tveite på Voss 26.3.1829.  Ole Wedscher Monsson var først gardbrukar på Ramsøy i Aurland, men gjorde 1803 makebyte med ein brukar på Tveite i Oppheim sokn, Voss og var sidan gardbrukar der.  Han fekk i alt seks born, to frå første ekteskapet og fire frå det andre.

d. Elsa Monsdotter, døypt i Aurland 11.3.1763, tente visstnok i Bergen i mange år, men kom attende til Aurland og d. som legdelem på Ramsøy 24.8.1846.  Ho var ugift, men fekk ein son.

e. Hans Monsson, d.e. (1765-1839), vart gift med gardbrukardotteri Synneva Sjursdotter frå Bollingberg (1765-1834) (s.d.).

f. Hans Monsson, d.y., døypt i Aurland 23.11.1767,

 

     ##### (lagnadf? – var i 1812 busett på Bakka i Aurland – kalla omreisande handelsmann – d. barnlaus før 1844!)

 

g. Anna Nagel Monsdotter, døypt i Aurland 31.8.1771, d. hjå broren Mons på Osland i Kyrkjebø 22.10.1842.  Anna gifte seg i Aurland 7.7.1799 med Ole Gjertson frå

 

     ##### (opphavet hans? – Leknessund i Askvoll og døypt der 8.2.1767?)

 

     Ole vart myrda i Fresvik, Leikanger 19.12.1842 av dotteri Ingeborg som i 1845 vart avretta for ugjerningi.  Anna og Ole var ei tid gjestgjevarar på Arnehus i Aurland, men flytte so til Ramsøy og kring 1820 vidare til husmannsplassen Grønlien under Hauglum i Fresvik, Leikanger.  Dei fekk seks born i lag, mell0m anna sonen:

‑ Mons Olson (1810‑1894), flytte til Luster og vart gardbrukar på Nes (s.d.).

h. Mons Monsson, døypt i Aurland 29.7.1775, d. som kårmann på Osland i Kyrkjebø 4.9.1844.  Han gifte seg i Kyrkjebø 28.5.1815 med enkja Kari Ingebrigtsdotter, opphavleg frå Østerbø i Kyrkjebø, døypt i Kyrkjebø 23.10.1768.  Ho d. som kårkone på Osland 27.11.1848.  Kari gifte seg første gongen

 

     ##### (dato og stad for første vigsli hennar? – kring 1786)

 

     med enkjemannen Lasse Einerson frå Osland i Kyrkjebø, døypt i Kyrkjebø 22.2.1747.  Han vart gravlagd frå Osland 29.5.1814.  Lasse Einerson var gardbrukar på Osland i Kyrkjebø, og dette bruket tok Mons over då han gifte seg med enkja.  Kari fekk i alt seks born, men dei var alle frå første ekteskapet hennar med Lasse.

i. Britha Monsdotter, døypt i Aurland 10.10.1784,

 

     ##### (lagnaden hennar? – tydeleg avlidi barnlaus før 1812!)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Bryn

Siden han i alle fall i én kilde er nevnt som "skoleholder", kan jo Ole Wedscher ha kommet til Årdal for å være huslærer, - f.eks. hos Ørbech-ene i Natvik. Siden navnet åpenbart ikke er særlig utbredt i Norge, er det fristende å tro at han kan ha kommet fra Danmark. Jeg har skummet noen danske kilder og funnet en student i Odense fra tidlig 1700-tall der navnet skrives Wedscher, en degn i Magleby som døde i 1771 der navnet skrives Waedscher, og en professor og dikter som skriver navnet Waedskier, Wadskjær o.l. Her er altså mange muligheter. Navnet Wescher ser dessuten ut til å ha hatt en viss utbredelse i Tyskland.

 

Jeg vet ikke hvor i Årdal Ole og Maren bodde, men synes det virker rimelig at de kan ha bodd hos hennes familie.

 

Kirkebøkene for Årdal gir ingen spesielt interessante opplysninger om Ole Wedscher. Kanskje bortfra at da Ole og Maren giftet seg, så var Hans Ørbech og Hans Urdahl kausjonister. Sistnevnte var vel enten sognepresten selv eller sønnen som var gjestgiver i Lærdal. Kan det være presten som har skaffet denne huslæreren? Ikke så mye som en hypotese, men kanskje en syltynn tråd man kan forsøke å følge?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Knut for eit interessant og absolutt spennande innlegg!

 

Eg har ikkje tenkt so mykje på Danmark eller Tyskland når det gjeld ættenamnet Wedschier, men du kan ha rett!  Eit søk på FamilySearch syner fleire interessante «førekomstar» i Danmark, og eg har no lagt ut eit emne på DIS-Danmark om denne ætti.  Kanskje det hjelper vidare?

 

https://www.slaegtogdata.dk/forum/index.php/topic,120179.0.html

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Agnes Hadland Engan

Fann dette i MyHeritage:

 

Maren Hansdatter Bjork (født Orbeck), 1706 - 1780
Maren Hansdatter Bjork (født Orbeck) ble født i 1706, i fødested, til Hans Anderson Orbeck Natvik og Anna Dominikusdatter Natvik (født Nagel).
Hans ble født på 4 januar 1674/75, i Luster, Sogn, Norway.
Anna ble født i 1682.
Maren hadde 10 søsken: Torborg Hansdatter Maristova (født Orbeck), Dominikus Hansson Orbeck og 8 søsken i tillegg.
Maren giftet seg med Ola Wedscher Bjork.
Maren avgikk med døden i 1780, i en alder av 74.
 
Ola Wedscher Bjork er sagt å vera fødd i Bjørk i Luster (Lyster).
 
 
 
Denne sida omtaler Ole som Ole Wecher Fuhr.
 
 
 
Maren Ørbech Fuhr (1733 - 1750)
 
Det er sagt at både Ole og Maren døydde i "Luster, Fuhr" og dei er kalla familien Fuhr.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Agnes og Knut for nye interessante innlegg!

 

Nok ein gong må me diverre slå fast at My Heritage og ogso ancestry er ute på «kopieringsferd» utan å gå nærare i detalj.  Eg dreg kjensel på opplysningane hjå ancestry frå boki mi for Luster (band II, 1986) der desse årstali og bustaden på Fuhr er referert, men dei har jo ikkje fått med seg alt...

 

Det same er tydeleg tilfelle med My Heritage.  Ein stad er det referert til Bjørk i Luster som bustaden deira, men om dei i det heile budde der, so var det berre i svært kort tid, og Ole har definitivt ikkje noko samband til den garden når det gjeld slekt og opphav!

 

Då er nok Ole Larsen Vasker som fadder i Bergen 1724 mykje meir spennande, men som Knut seier, det kan vera ei yrkesnemning.  Ikkje godt å seia, men eg vil ha denne opplysningi i «bakhovudet» i den vidare forskingi...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Bøe Wikstrøm

Spørsmål om linje etter søsteren til Maren Ørbech flyttet til egen tråd

Mvh
kjersti

 

Endret av Kjersti Wikstrøm

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg er no komen i kontakt med ein person i Danmark som har forska mykje på Wedscher/Wadscher-ætti (eller ættene), og han ber meg om å skaffa fram originalkjelder frå 1700-talet for å sjå ulike skrivemåtar av namnet.

 

Eg har no lagt ut ein del av dei originale kjeldene på DIS-Danmark (https://www.slaegtogdata.dk/forum/index.php/topic,120179.0.html), og ved framleitingi av desse har eg oppdaga ein par feil i det gamle manuskriptet mitt!

 

Ole og Maria VEDSCHIER hadde so vidt eg kan sjå berre den eine dotteri Maren fødd i Årdal i 1733.  Ho er døypt berre Maren, men kalla Maren Olsdotter Ørbech då ho vart konfirmert i Luster i 1748. Ved vigsli i Årdal i 1755 er ho kalla Maren Olsdotter Vescher!

 

I pante- og tingbøkene for indre Sogn finst det nok fleire original skriveformer av namnet, men dei har eg i kveld ikkje søkt etter...

 

Men det som forundrer meg meir, er opplysningane om at han ni 1752 skal ha vore huslærar på Eidsvoll hjå prosten Hans Leganger, og at han skal vera avliden der i 1766.

 

** Veit nokon kva kjelda/kjeldene kan vera for desse opplysningane?

 

Dødsfallet er ikkje innført i den «rekonstruerte» kyrkjeboki for Eidsvoll der berre dei «prominente» synest vera medtekne: https://media.digitalarkivet.no/view/4924/24

 

For ordens skuld; her følgjer eit korrigert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Vedscher, opphavleg frå

 

     ##### (kvar kan denne mannen vera komen ifrå??)

 

     var f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli hans? – kring 1705?)

 

     og gifte seg i Årdal 18.10.1730 med Maria Hansdotter Ørbech frå Natvik i Årdal.  Ho var dotter av gardbrukar Hans Anderss0n Ørbech i Natvik (1675-1752), opphavleg skrivarson frå Talle.  Ho var f. i Årdal kring 1706.

Ole og Maria budde først nokre år i Årdal, truleg hjå foreldri hennar i Natviki.

Men 9.4.1739 og 11.5.1739 fekk Ole Wedscher bygsel på heile bruket på Fuhr i Luster, først hjå Peder Lemvig og sidan hjå Jens Mariager på vegne av Krosskyrkja i Bergen, og truleg var det på same tidi at han og Maria flytte til Luster.  Men kring 1750 vart Ole borte frå bygdi.

Ole Wedscher reiste austafjells, og i 1752 dukkar han opp på Eidsvoll som huslærar hjå prosten Hans Leganger.  Ole skal vera avliden på Eidsvoll 3.6.1766. 

 

##### (sjekka denne opplysningi? – skifte??)

 

Kona Maria vart visstnok buande i Luster nokre år åleine, men flytte sidan med dotteri Maren til Ramsøy i Aurland, og derifrå vart ho gravlagd 27.2.1780.

Ole Wedscher og kona Maria fekk visstnok berre den eine dotteri i lag:

 

##### (fleire born? – opplysningar?)

 

 1. Maren Olsdotter Vedscher, døypt i Årdal 19.7.1733, vart konfirmert i Luster i 1748 under namnet Maren Olsdotter Ørbech.

Maren Vedscher flytte nok attende til Årdal der ho 2.4.1755 gifte seg med Mons Andersson frå Ramsøy i Aurland.  Han var son av gardbrukar Anders Hansson på Ramsøy, opphavleg frå Bakka, og kona Elsa Jørgensdotter frå Ramsøy og vart døypt i Aurland 2.2.1730.  Mons og Maren vart buande som gardbrukarar på Ramsøy i Aurland, og derifrå vart Mons gravlagd 25.7.1801.  Maren Vedscher vart gravlagd i Aurland 26.2.1811.  Dei fekk ni born i lag:

a. Maria Monsdotter, døypt i Aurland 14.1.1756, d. på Ramsøy i Aurland 29.4.1839.  Ho gifte seg i Aurland 3.7.1780 med Elling Hansson frå Loven i Aurland, døypt i Aurland 18.9.1745.  Han d. som kårmann på Ramsøy 27.3.1826.  Maria og Elling var gardbrukarar på Ramsøy i Aurland og fekk fem born i lag.

b. Anders Monsson, døypt på Voss 28.1.1758, vart gravlagd frå Ramsøy i Aurland 17.7.1779, ugift.

c. Ole Vedscher Monsson, døypt i Aurland 25.6.1760, d. som kårmann på Tveite i Oppheim sokn, Voss 2.3.1829.  Han gifte seg første gongen i Sogndal 16.6.1796 med Kari Nilsdotter frå Fimreite i Sogndal, døypt i Sogndal 30.1.1768.  Men Kari d. i barselseng og vart gravlagd frå Ramsøy 17.2.1802.  Ole gifte seg so att på Voss 17.10.1803 med Inga Larsdotter frå ein plass

 

     ##### (kva for ein plass?)

 

     under Kvamme på Voss, døypt på Voss 11.8.1771.  Ho d. som kårkone på Tveite på Voss 26.3.1829.  Ole Vedscher Monsson var først gardbrukar på Ramsøy i Aurland, men gjorde 1803 makebyte med ein brukar på Tveite i Oppheim sokn, Voss og var sidan gardbrukar der.  Han fekk i alt seks born, to frå første ekteskapet og fire frå det andre.

d. Elsa Monsdotter, døypt i Aurland 11.3.1763, tente visstnok i Bergen i mange år, men kom attende til Aurland og d. som legdelem på Ramsøy 24.8.1846.  Ho var ugift, men fekk ein son.

e. Hans Monsson, d.e. (1765-1839), vart gift med gardbrukardotteri Synneva Sjursdotter frå Bollingberg (1765-1834) (s.d.).

f. Hans Monsson, d.y., døypt i Aurland 23.11.1767,

 

     ##### (lagnadf? – var i 1812 busett på Bakka i Aurland – kalla omreisande handelsmann – d. barnlaus før 1844!)

 

g. Anna Nagel Monsdotter, døypt i Aurland 31.8.1771, d. hjå broren Mons på Osland i Kyrkjebø 22.10.1842.  Anna gifte seg i Aurland 7.7.1799 med Ole Gjertson frå

 

     ##### (opphavet hans? – Leknessund i Askvoll og døypt der 8.2.1767?)

 

     Ole vart myrda i Fresvik, Leikanger 19.12.1842 av dotteri Ingeborg som i 1845 vart avretta for ugjerningi.  Anna og Ole var ei tid gjestgjevarar på Arnehus i Aurland, men flytte so til Ramsøy og kring 1820 vidare til husmannsplassen Grønlien under Hauglum i Fresvik, Leikanger.  Dei fekk seks born i lag, mell0m anna sonen:

‑ Mons Olson (1810‑1894), flytte til Luster og vart gardbrukar på Nes (s.d.).

h. Mons Monsson, døypt i Aurland 29.7.1775, d. som kårmann på Osland i Kyrkjebø 4.9.1844.  Han gifte seg i Kyrkjebø 28.5.1815 med enkja Kari Ingebrigtsdotter, opphavleg frå Østerbø i Kyrkjebø, døypt i Kyrkjebø 23.10.1768.  Ho d. som kårkone på Osland 27.11.1848.  Kari gifte seg første gongen

 

     ##### (dato og stad for første vigsli hennar? – kring 1786)

 

     med enkjemannen Lasse Einerson frå Osland i Kyrkjebø, døypt i Kyrkjebø 22.2.1747.  Han vart gravlagd frå Osland 29.5.1814.  Lasse Einerson var gardbrukar på Osland i Kyrkjebø, og dette bruket tok Mons over då han gifte seg med enkja.  Kari fekk i alt seks born, men dei var alle frå første ekteskapet hennar med Lasse.

i. Britha Monsdotter, døypt i Aurland 10.10.1784,

 

     ##### (lagnaden hennar? – tydeleg avlidi barnlaus før 1812!)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Bøe Wikstrøm

Hei,

Jeg lette etter noe helt annet da jeg fant følgende info I Bygdebok Hafslo: På side 248 (det står 16 nederst på siden på originalen) står det under Sjerve Bruk 1 at gården ble arvet fra Mads Nagel til Maren Hansdatter Ørbech gift med Ole Wedscher. Gåren ble solgt igjen av Ole Wedscher i 1739. Dette vet du jo helt sikkert allerede, men da det ikke figurerer i opplysningene over skriver jeg det likevel for en sikkerhets skyld. 

Mvh

kjersti

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Bryn

Opplysningen om at Ole Wedscher flyttet til Eidsvoll finnes bl.a. i Labergs bygdebok for Årdal (s. 197):

 

Wedscher var ellers «for nogle år siden bortreist, og siges nu at opholde sig hos prost Leganger paa Eidsvold som skoleholder».

 

Laberg skriver som vanlig ikke noe om hvor han har funnet denne opplysningen, men det kan kanskje se ut som om det er fra et skifte eller en tingbok? Kanskje opplysningen er hentet fra saken om odelsretten til For som Ole indirekte var involvert i på 1750-tallet? Siden skrivemåten for navnet er av interesse, så ser jeg at Laberg i bygdeboka for Luster bruker skrivemåten Wedskjer.

 

 

Endret av Knut Bryn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Asbjørn Ramsøy

Eg meiner dette Wedscher-namnet forekom i samband med ei odelssag på garden Ramsøy i Aurland rundt 1760,

som gjekk heilt til overhofretten, utan at eg har fleire detaljar i minnet. Det hadde vore moro å få nøsta opp i det

ein gong.

 

Venleg helsing

Asbjørn Ramsøy

Gudvangen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kjersti, Knut og Asbjørn for nye innlegg i debatten kring Ole Wedscher!

 

Eg kjenner ikkje til odelssaki frå Ramsøy, men dotteri til Ole Wedscher vart jo gift til den garden på 1750-talet, og mori flytte òg dit frå Luster...

 

Når det gjeld odelssaki på Fuhr i Luster, har eg nok i si tid skumlese dei dokumenti, men det er lenge sidan, og eg har ikkje dei papiri der eg no sit.  Kanskje me kan finna dei på Digitalarkivet!?

 

Elles stemmer det at Ole Wedscher var «innom» garden Skjervo på Hafslo som eigar sist på 1730-talet, men me kjenner ikkje til at han nokon gong budde der.  I so fall var det berre ein svært periode (1738-1739?).

 

Eg takkar endå ein gong for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Arnstein Rønning

Det nevnes ei odelssag over her. Kan det være så enkelt som at han var "vedskjærer" og ble hengende ved navnet? Det het jo f.eks. "bartskjær/bartskjer" (take it or leave it :-))

Endret av Arnstein Rønning

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik
Quote
 

g. Anna Nagel Monsdotter, døypt i Aurland 31.8.1771, d. hjå broren Mons på Osland i Kyrkjebø 22.10.1842.  Anna gifte seg i Aurland 7.7.1799 med Ole Gjertson frå

 

     ##### (opphavet hans? – Leknessund i Askvoll og døypt der 8.2.1767?)

 

     Ole vart myrda i Fresvik, Leikanger 19.12.1842 av dotteri Ingeborg som i 1845 vart avretta for ugjerningi.  Anna og Ole var ei tid gjestgjevarar på Arnehus i Aurland, men flytte so til Ramsøy og kring 1820 vidare til husmannsplassen Grønlien under Hauglum i Fresvik, Leikanger.  Dei fekk seks born i lag, mell0m anna sonen:

‑ Mons Olson (1810‑1894), flytte til Luster og vart gardbrukar på Nes (s.d.).

Har du informasjon som tilseier at denne Ole Gjertson var frå Leknessund?

 

Familien hans er ikkje så lett å spore opp ordentlig, men det er mykje som kan tyde på at Harald og Ole var dei einaste av søskena som er å finne ved FT1801.

 

Mora hans har eg ikkje funne som død, og det er vel ikkje noko skifte etter henne som kan gi svar.... Eller?

 

Endret av Gisle Hersvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

2017-02-07_23-32-41.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Arnstein og Gisle for nye spennande innlegg!

 

Du er langt frå den første som assosierar Wedscher med vedskjerar, og eg ser ikkje bort ifrå at det kan vera opphavet til namnet langt attende.  I Danmark finn me tidleg på 1700-talet mange slike yrkesnemningar som vert ættenamn, til dømes jenta frå Jostedalen som sist på 1730-talet gifte seg med Nils Jensson Hjulmand i Skelskør på Sjælland!  I København finn me Kællermand, Destillerer og andre liknande ættenamn!

 

MEN, eg har mine tvil om namnet direkte kan avleiast til Ole Wedscher.  Ole synest vera av eit litt «høgare» sosialt lag då han kjem som huslærar og gifte seg med dotteri til Ørbech!  Men påfallande er det sjølvsagt at han aldri vert nemnd med patronymikon!!

 

Med omsyn til Ole Gjertson, so er det Anders Ohnstad som i den gamle Ætteboki for Aurland kallar Ole for Leknes, og ser me på alder og forekomsten av namnekombinasjonen Ole Gjertson, samt at dotteri Ingeborg truleg er oppkalla etter bestemori i Askvoll, tykkjer eg at dette ættesambandet høyrest svært so rimeleg ut...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle for siste innlegget.

 

Eg har lese med skrekk og gru kva som skjedde i Fresvik den gongen.  Hendingane frå 1840-åri stemmer nok, men artikkelen inneheld fleire opplagde feil, og ein av dei er tydeleg «linken» til Lindås!  Kvar Arne Inge Sæbø har opplysningane sine ifrå, kan eg ikkje gjera greie for...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.