Gå til innhold
Arkivverket

Erik Antoniusson (1728-1782) - frå Fortun i Luster til Lernes i Kyrkjebø - kvar vart det av borni hans, Britha (1755) og Johannes (1764)?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Den yngste sonen av gardbrukar Antonus Pederson på Fortun i Luster, Erik Antoniusson, har stått i manuskriptet mitt med ufullstendig biografi sidan 1980-talet, men kanskje er det no mogeleg å finna ut noko meir om lagnaden til denne huslyden?  Erik var gift og hadde tre born, men eine dotteri døydde ung og ugift, medan dei to andre berre forsvinn.  Kvar vart det av dei??

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Erik Antoniusson, f. i Luster kring 1728,

Erik flytte i ung alder til Kyrkjebø der han 16.4.1754 gifte seg med Kari Ellingsdotter frå Søreide i Kyrkjebø.  Ho var dotter av gardbrukar Elling Rognaldson på Søreide og kona Martha Johannesdotter frå Torvund og f. i Kyrkjebø kring 1721.  Erik og Kari busette seg som husmannsfolk på ein plass under Lernes i Kyrkjebø, og derifra vart Erik gravlagd 3.12.1782.  Kari kom sidan på legd på Osland i Kyrkjebø, og derifra vart ho gravlagd 26.2.1814.  Dei fekk tre born i lag:

a. Britha Eriksdotter, døypt i Kyrkjebø 5.9.1755,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

b. Martha Eriksdotter, døypt i Kyrkjebø 11.4.1758, ho d. ugift på Lernes i Kyrkjebø ?.12.1780.

c. Johannes Erikson, døypt i Kyrkjebø 12.2.1764,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som har lege nesten ei veke utan synberr merksemd.  Kan henda er det ei vonlaus oppgåve å finna svar på kvar det vart av Britha Eriksdotter og/eller Johannes Erikson frå Lernes i Kyrkjebø, men det er lov å vona, og ein veit jo aldri...  Kanskje einkvan sit med lykkjelen?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg vil i kveld gjerne òg få henta fram att denne kjempeutfordringi som har lege «i dvale» sidan februar 2017, utan at kommentarar er innkomne.

 

Eg veit at kjeldematerialet frå denne delen av Sogn er svakt og dels mangelfullt, men det er jo merkeleg at ikkje denne huslyden på eitt eller anna vis har sett spor etter seg?

 

Eg takkar endå ein gong for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 8.2.2017 den 1.24, Lars E. Øyane skrev:

c. Johannes Erikson, døypt i Kyrkjebø 12.2.1764,

 

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

Skudd i blinde:

Folketellingen 1801:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058392001754

 

Kildeinformasjon:

Folketelling 1801 for 1417P Vik prestegjeld

 

Bosted land: 0013 Nesse Yttre

024 Johannes Ericsen 05 36 - - Mand Begge i 1ste ægteskab Jordløs huusmand
025 Brita Andersdatter 05 30 - - Hans kone Begge i 1ste ægteskab -
026 Eric Johannesen 05 3 - - Deres søn - -

 

Siri, 1797 - se høyre side:

Sogn og Fjordane fylke, Hoprekstad, Hove, Kvamsøy, Kyrkjebø, Arnafjord i Vik, Ministerialbok nr. A 5 (1787-1820), Fødte og døpte 1797, Side 92-93
https://media.digitalarkivet.no/view/11756/48

 

Erik, 1798

Sogn og Fjordane fylke, Hoprekstad, Hove, Kvamsøy, Kyrkjebø, Arnafjord i Vik, Ministerialbok nr. A 5 (1787-1820), Fødte og døpte 1798, Side 104-105 - venstre side, nederst: 
https://media.digitalarkivet.no/view/11756/54

 

Gift 4. november 1798?

Sogn og Fjordane fylke, Hoprekstad, Hove, Kvamsøy, Kyrkjebø, Arnafjord i Vik, Ministerialbok nr. A 5 (1787-1820), Viede 1798-1799, Side 292-293
https://media.digitalarkivet.no/view/11756/136

 

Som sagt, et skudd i blinde, og du har kanskje allerede sjekket denne Johannes ut, Lars!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit «skòt i blinde» som verkeleg ser spennande ut.

 

Nei, eg har ikkje sjekka ut denne Johannes Erikson.  Nesse ligg rett nok i eit anna prestegjeld, men på same sida av fjorden, og det er ikkje so allverdi langt mellom Nesse og Lernes i Kyrkjebø!

 

Johannes heitte Nesse då Siri vart døypt i 1797, men han som brudgom ber namnet Vollevik.  Den nye bygdeboki for Balestrand nemner huslyden under plassen Skarpevoll under Nesse ytre (side 427), og der står det følgjande:

 

«Der budde det i 1805 ein Johannes Erikson.  Det året døydde kona Britha Andersdotter frå han og ein seks år gamal gut som heitte Erik.  Johannes flytte ut til plassen Sandviki under Lønne.»

 

Og under plassen Sandviki under Lønne (side 409) står det følgjande:

 

«Den første me veit budde der var Erik Lasseson Kaldestad som døydde i 1805 og hadde enkja og to born etter seg.  Enkja heitte Malena Bendiksdotter og var frå Kvamme, borni heitte Lasse og Mari..........  Mor deira, ho Malena, vart attgift med Johannes Erikson Ytre Nesse.  Dei fekk tre døtre: Guri, Malena og Hansina.  Johannes Erikson døydde i 1814, 50 år gamal, og kona døydde i 1836, 74 år gamal.»

 

Kan denne Johannes Erikson vera «vår» Johannes?

 

Eg veit ikkje.  Eg ser nemlig ein Johannes Erikson som er døypt i Kvamsøy 25.3.1764 av far Erik Ytre Nesse.  Mori kan ha heitt Siri (jmf. Bygdeboki s. 424):

 

Name: Johannes Eriksen
Gender: Male
Christening Date: 25 Mar 1764
Christening Place: KVAMSOY,SOGN OG FJORDANE,NORWAY
Father's Name: Erik Yttrenaesse

 

Dette er vel ein betre «kandidat» til han som sidan budde på Ytre Nesse og so på Lønne...?  Eller kva meiner de?

 

Denne utfordringi skal tydeleg ikkje vera so enkel å løysa, men eg har tru på at rette folki vil dukka opp, før eller sidan, og eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
På 21.8.2019 den 21.05, Lars E. Øyane skrev:

Johannes heitte Nesse då Siri vart døypt i 1797, men han som brudgom ber namnet Vollevik.  Den nye bygdeboki for Balestrand nemner huslyden under plassen Skarpevoll under Nesse ytre (side 427), og der står det følgjande:

 

«Der budde det i 1805 ein Johannes Erikson.  Det året døydde kona Britha Andersdotter frå han og ein seks år gamal gut som heitte Erik.  Johannes flytte ut til plassen Sandviki under Lønne.»

Hei! Et Par År Siden Denne Debatten Pågikk, Men Mulig Det Er Av interesse Likevel. Denne Gutten, Erik Johannesen Som Var 6 År Da Mor Døde - Havnet Visstnok På Værøy I Lofoten, Hvor Han Ble Gift Og Fikk Minst 8 Barn.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.