Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Martha Johnsdotter - fødd i Luster 1751 - gift til plassen Ekrene under Nundal i Årdal - kven var mannen Ole Iverson - og kvar vart det av Martha?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ei ny utfordring frå Luster følgjer, som eg har stått fast på i mange år:

 

Martha Johnsdotter gifte seg i Luster i 1783, men flytte kort etter med mannen Ole Iverson til Årdal.  Han hadde vore gift før og hadde ein son Ole, men bortsett ifrå alderen hans er det svært vanskeleg å tyda skrifti i det korte skiftet etter Ole Iverson frå 1793 - venstre side, midtre spalte heilt øvst: https://media.digitalarkivet.no/view/24143/234?indexing=

 

Kvar Ole Iverson kom ifrå, er ei gåte, og eg er heller ikkje sikker på opm eg har finne det frette dødsfallet til Martha Johnsdotter...

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Martha Johnsdotter, døypt i Luster 12.10.1751,

Martha Johnsdotter gifte seg i Luster 3.7.1783 med enkjemannen Ole Iverson, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – skreiv seg Grov ved vigsli, men kan ikkje sjå at han hadde tilknytting til Grov i Jostedalen eller Hafslo – kan henda var han frå Grøv i Vang, Valdres?

 

Han var son av

 

##### (foreldri hans?)

 

og f.

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – kring 1736?)

 

Han gifte seg første gongen

 

##### (dato og stad for første vigsli hans? - kan henda gift i Årdal 30.6.1771 med Guro Halvorsdotter?)

 

##### (opplysningar om første kona?)

 

Ole og Martha flytte straks til Årdal der me finn dei att som plassfolk på Ekrene under Nundal, men Ole miste livet ved eit ulukkeshende i Årdal alt 18.7.1793.  Martha Johnsdotter

 

##### (seinare lagnad? – budde framleis under Nundal i 1801 som kårkone og «stemor» til Johannes Hermundson! – forklaring?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – kan det vera ho den husmannsenkja Martha Johnsdotter som 22.7.1838 døydde på Neset i Borgund sokn, 90 år gamal?)

 

Martha og Ole fekk ei dotter i lag, men Ole hadde òg ein son frå første ekteskapet sitt:

a. Ole Olson, f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – 22 år gamal i 1793!- formyndar frå Notsete i Sogndal!?)

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

b. Bertha Olsdotter, døypt i Luster 21.9.1783, d. som legdelem på Øvstetun i Årdal 15.7.1865.  Ho gifte seg i Årdal 16.11.1828 med Thomas Johnson frå Hestetun, f. i Årdal 11.3.1797.  Han d. som husmann på Øvstetun 20.12.1852.  Bertha og Thomas var husmannsfolk på

 

     ##### (kva plass under Øvstetun hadde dei?)

 

     under Øvstetun, men var barnlause.

 

     ##### (sjekka dette? – ho hadde heller ikkje born før ekteskapet?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×