Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

A(a)mund Nilsson, fødd Luster 1753 - var 1780 soldat ved garnisonen i Rendsburg, Slesvig - lagnaden hans? - militære kjelder?ved soldat frå Luster

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg leiter sidan 1980-talet ganske so fortvila etter denne personen:

 

Aamund Nilsson, son av Nils Andersson (1726-1780) og kona Gjertrud Aamundsdotter (1724-1803), husmannsfolk i Haugen under Flahammar i Luster, vart døypt i Luster 7.10.1753.  Han vart konfirmert i Luster i 1774.

 

Men då faren døydde i 1780, får me greie på at Aamund då oppheldt seg ved garnisonen i Rendsburg, Slesvig: https://media.digitalarkivet.no/view/24142/4

 

Han kom aldri attende til Luster, og eg har personleg for mange år sidan vitja kyrkjearkivi i Rendsburg for å leita etter mannen, men kyrkjebøkene der, som rett nok inneheld mange norske namn, har ingen opplysningar om Aamund Nilsson!!  Forresten var dette første gongen eg vart avkrevd betaling for å sjå i bøkene!!

 

Er det i det heile mogeleg å finna ut kvar det vart av denne karen?  Finst det kanskje militære rullar frå sist på 1770-talet som innheld detaljar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne soldaten frå Luster!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.