Gå til innhold
Arkivverket

Eli Nilsdotter, fødd i Luster 1761 - flytte frå Luster i 1780-åri - kan henda til Bergen? - eller til Romsdalen? - lagnaden hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein person som eg har søkt etter sidan 1980-talet og som eg vonar det no vil vera mogeleg å finna ut av:

 

Eli Nilsdotter, dotter av Nils Andersson og Gjertrud Aamundsdotter, plassfolk i Haugen under Flahammar  Luster, vart døypt i Luster 12.9.1761 og konfirmert same stad i 1779.  Ho budde framleis heime i 1780, men forsvinn so frå bygdi!

 

Det var ei stor flyttestraum frå Luster til Bergen på 1780-talet, og eg mistenkjer Eli for å ha vore ein del av denne.  Det næraste eg kjem i første omgongen er denne barnedåpen i Nykyrkja i Bergen 23.1.1789: Ole fødd 15.1.1789 som «uekte» son av «pige» Elen Nilsdotter og ungkar Per (Peder) Jensen, bondedreng i Nordland:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8715/81

 

Eg ser ikkje noko meir til denne Eli/Elen Nilsdotter i Bergen, og heller ikkje sonen.  Kvar kan dei ha vorte av?  Og er det i det heile «vår» Eli?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter meir søking i dei digitale kjeldene våre er eg vorten merksam på ein annan etter mitt syn svært so god «kandidat» for Eli Nilsdotter:

 

Mor til «vår» Eli heitte Gjertrud, og i FT1801 for Øvrebøen i Rødvin sokn i Veøy finn eg mellom anna denne huslyden_

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058422002877

 

Anders Olson, 33, jordlaus husmann, gift 1ste gong

Eli Nilsdotter, 38, kona hans, gift 2dre gong

Gjertrud Andersdotter, 5, dotter deira

Anna Andersdotter, 1, dotter deira

 

Anders Olson Hammervold og enkja Ellen Nilsdotter Holmem gifte seg i Veøy 29.12.1794: https://media.digitalarkivet.no/view/16043/225

 

Gjertrud Andersdotter var fødd på Monsås i Grytten 11.6.1796 og døypt dagen etter: https://media.digitalarkivet.no/view/2266/157

 

Kan henda er det nokon som sit med lokal kunnskap for dette området eller som kan finna noko meir ut gjennom til dømes ei lokal bygdebok?

 

Eg takkar endå ein gong for alle gode tips om Eli Nilsdotter!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som vel er gått i «gløymeboki» sidan det vart presentert i februar i fjor.

 

Eg har framleis ganske so god tru på at det er «vår» Eli som i 1801 budde i Veøy i Romsdalen og vonar på lokal ekspertise for å prova dette...?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i kveld sett litt meir på kyrkjebøkene i Veøy og finn noko som kanskje var første ekteskapet til Eli Nilsdotter:

 

Christen Johannesson Hammervoldnæset og Elen Nilsdotter Bakke gifte seg i Veøy 23.10.1791: https://media.digitalarkivet.no/view/16043/198

 

Samstundes ser eg òg ei «farleg» «motkandidat» til Eli i Veøy:

 

Æli, døypt i Veøy 31.12.1762 av far Nils Johnson Mættit(?): https://media.digitalarkivet.no/view/16042/247

 

MEN eg kan ikkje sjå at denne Eli Nilsdotter Mættit vart konfirmert i Veøy!!

 

Eg er skikkeleg spent på kva ei eventuell bygdebok for Veøy har å seia om denne huslyden og takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

To bygdebøker for Holm sokn  i Veøy er digitalisert.

 

Jeg har såvidt sett på gården Øvrebø i bind 2.

Anders Olsen Hammervoldnes og Eli Nilsdatter fra ft. 1801 står nevnt under husmenn. Ingen opplysninger om hvor Eli kommer fra, det står enke Eli Nilsdatter Holmem, f. 1766, d. 1806

 

Har ikke sett under Holmem eller Hammervold eller Mittet.

 

 

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Husmenn under Hammervold, Hammervoldneset, i bind 2 for Holm, s. 439.

Kristen J. Hammervold, 1762-1792, husmann, fiskar, omkom i Julsundet 8.7.92 saman med 2 andre, gift 1791 med Eli Nilsdtr. Bakke, f. 17?, husmor, utan barn.

 

 

Altså ingen opplysninger om hvor Eli kommer fra og fødselsår.

Ikke noe om at hun gifter seg på nytt.

 

Har ikke klart å finne noen Eli Nilsdatter under Holmem.

 

 

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for fleire skikkeleg spennande og interessante innlegg!

 

So vidt eg tolkar bygdeboki frå Veøy (Holm), er opphavet til Eli Nilsdotter heilt ukjent, men i den samanhangen ville det vore ineressant å få greie på om bygdebokskrivaren kjenner opphavi til dei to ektemakane hennar, Christen Johannesson og Anders Olson?

 

Dersom fødselsåret til Christen er rett - 1762, KAN han vera identisk med denne karen:

 

Name Christen Johansen
Gender Male
Christening Date 30 Jul 1762
Christening Place , VEOY, MORE OG ROMSDAL, NORWAY
Father's Name Johan Christensen

 

Og den originale innførsli syner faktisk fødestaden Hammervoldneset, so då er Christen identifisert: https://media.digitalarkivet.no/view/16042/244

 

Kva so med andre mannen Anders Olson og opphavet hans?

 

Elles hadde det jo òg vore interessant å sjå kva bygdebokskrivaren skriv om Nils Johnson Mittet og dotteri hans...?

 

Her er forresten skiftet etter Nils Andersson Fladhammerhaugen i Luster frå 1780 som syner fire born, sonen Aamund var i garnisonen i Rendsborg, medan tre døtrer Martha, Eli og Anna var heime: https://media.digitalarkivet.no/view/24142/4

 

Anna døydde ugift i Luster i 1786, medan mori Gjertrud og eldste dotteri Martha flytte til Skideimshaugen i Luster.  Martha døydde som ugift legdelem i Luster i 1833, men ho hadde ein son Peder Johannesson (1780-1827).  Denne sonen er utgongspunktet for dette emnet i Brukarforum:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/216893-eit-mord-i-aker-november-1848-og-følgjene-av-dette-huslydane-som-var-involverte/?tab=comments#comment-1829247

 

Og som det går fram der, flytte eldste sonen Nils Pederson i svært ung alder til Aukra!  Kan det ha vore kontakt med slekt etter Eli Nilsdotter??

 

Dette kan syna seg å verta ei skikkeleg spennande huslyd, og eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å spora opp Eli og huslyden hennar!  Kanskje kan me finna ut kvar det var av borni hennar, Gjertrud og Anna?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  Holm bind 2, s. 277

Fra Husmenn på Seljevold, Seljevoldrabben frå bnr. 2, no bnr. 3.

 

Anders Olsen, 1768-1830, var husmann utan jord på Øvrebøen i 1801, gift 1794 med enke Eli Nilsdtr. Holmem, 1766-1806, husmor.

Barn:

Gjertrud Andersdatter, f. 1796

Anne Andersdatter, f. 1800

Begge levde i 1831.

Gjertrud og Anne har ukjent lagnad.

Brit Andersdatter, 1801-1803

Brit Andersdatter, 1804.

 

Brit Andersdatter 1804, tjenestejente, er mor og Lars Sæbø, f. 1796, korporal, Bøgarden, er far til Eli Larsdatter Seljevold, 1828-1912, husmor, gift 1861 med Elling Sivertsen Buvik, 1828-1892, husmann på nedre Buvikhaug, Solemdal, 

Store etterslekter står i Solemdalsboka s. 318.

 

Brit Andersdatter 1804 ble gift 1845 med Jørgen Jørgensen Farkvam, f. 1809, gardmannsson, truleg husmann på Straume. Barn er ikke kjent.

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Litt til, 

Anders Olsen giftet seg på nytt etter at han kom til Seljevoldrabben, i 1807 med Kari Kolbeinsdatter Folkestad, 1764-1754, frå Volda. 

De fikk en sønn, Ole Andersen, f. 1808. 

Ole, 1808-1874, ble gift i 1832 med Brit Olsdatter Seljevold, 1793-1869.

ole og Brit fikk to døtre, Marit, 1831, og ukjent lagnad og Kari, f. 1834, død 1883.

 

Denne Kari ble i 1866 gift med Arnfinn Lassesen Dale, 1822-1895, fra Leikanger i Sogn. Anfinnsen far kjøpte N Holmem gnr. 167-3.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for nye spennande innlegg.

 

Dette vert jo berre meir og meir spennande!  Eg finn dødsfallet til husmann Anders Olson Selgevold 30.12.1830, 62 år: https://media.digitalarkivet.no/view/16048/53

 

Alderen ved dødsfallet høver godt med alderen frå 1801, men opphavet hans er altso ikkje nemnt i bygdeboki...?  Elles tolkar eg det slik at dei først budde på ein plass under Øvrebøen, men då Eli døydde i 1806, budde ho på Holmem: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001629252

 

Altso må Anders først seinare ha vorte husmann på Seljevoldrabben under Seljevold.  Kanskje var det Anders som flytte dit med andre kona si...?

 

Eg går ut ifrå det må liggja føre eit skifte etter han som har opplysningar om borni, men likevel er altso dei to eldste døtrene «borte»... Let det seg gjera finna dettre skiftet for å sjå om det KAN stå noko meir om Gjertrud og Anna...?  Eg ser båe søstrene vart konfirmerte i lag i 1816, då busette på Seljevold: https://media.digitalarkivet.no/view/16044/187

 

Men Randi Elisabeth, for å vera heilt sikker, har du sjekka Mittet for å sjå om Eli Nilsdotter derifrå i det heile voks opp??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja huslyden til Eli Nilsdotter!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har ikke lett etter Anders Olsen i kirkebøkene. Eller i bygdeboka. Men under omtalen av Anders på Øvrebøen står det at hans bestefar var husmann på I Holmem, altså Indre Holmem.

 

Og det står i bygdeboka at Anders kom til Seljevoldrabben ca. 1807. Beklaget at jeg ikke tok det med i første omgang.

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Æli, døypt i Veøy 31.12.1762 av far Nils Johnson Mættit / Mittet.

En av fadderne er Æli  Nilsdatter Herje.

 

Holm, bind 2. Under gården Indre Herje, bnr.157:

Enkemann Jon Halvorsen Herje, 1690-1794, i sitt andre ekteskap med Eli Nilsdatter.Frøyset.

Ekteparet hadde sønnen Nils Johnsen Herje, gift 1761 med  Marit Iversdatter Ytre Sandnes, 1732-1812.

 

Nils og Marit bygsla Jogarden i Ytre Mittet i 1761. De hadde 5 barn.

 

Da er det farmor Æli/Eli Nilsdatter som er fadder til Eli i 1762.

 

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så var det Jogarden i Ytre Mittet.

Nils Jonson og Marit Iversdatter omskrevet her. 

 

Men opplysningene stemmer på noen punkter ikke overens med det som er oppgitt under Herje.

Herje: Nils og Marit gift 1761. 5 barn

Jogarden: Nils og Marit gift 1766. 5 barn. Eldste barn, Gjertrud, f. 1766,  nr. 3 Eli, f. 1771, ikke nevnt i ft 1801, ikke gift eller død i Veøy.

 

 

Her er vielsen fra Familysearch:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWHC-G7M

 

Så bygdebokforfatteren  har ikke fått med seg Eli født 1762, eller så har Eli 1771 fått feil fødselsår.

 

Eli på Mittet i 1762 er funnet med foreldre.

 

Men hvem er Eli i ft. 1801?

 

 

 

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth og Inge for nye spennande innlegg.

 

Av skiftet etter Anders Olson Seljevold i 1831 kjem det fram at ingen av døtrene var gifte på den tidi.

 

So ser eg at Nils Johnson Mittet var gift med ei Marit, og ingen av døtrene til Eli Nilsdotter på Øvrebøen hadde dette namnet.  MEN Nils og Marit hadde ei dotter Gjertrud som teoretisk kan vera avlidi før eldste dotteri til Anders Olson og Eli Nilsdotter var fødd i 1796 og soleis vera bakgrunn for oppkalling!?

 

Ikkje so enkelt å verta klok på dette...

 

Er namnet på mor til Anders Olson Seljevold (1768-1830) kjent?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja lagnaden til Eli Nilsdotter frå Luster!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for siste innlegget!

 

So vidt eg kan sjå, har heller ikkje Osvald Rydjord finne ut av opphavet til Eli Nilsdotter, og sidan me ikkje kan finna nokon konfirmasjon til Eli Nilsdotter Mittet, og namnet til mor hennar ikkje finst i oppkallingane til Eli Nilsdotter sine born, børjar eg verkeleg å få meir og meir tru på at det er jenta frå Luster som har «forvilla seg» til Romsdalen.  Ho var jo ikkje åleine som sogning i Romsdalen på den tidi...!  Det hadde likevel vore interessant å høyra kva Osvald eventuelt har å leggja til om denne huslyden...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadame på å finna lagnaden til Eli Nilsdotter frå Luster!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er skifte etter Nils Jonsen Mittet 24.mars 1797 https://www.digitalarkivet.no/sk20090129680287

Litt vanskelig å lese, men jeg mener datteren Elie Nielsdatter (26?)står der, og Lars kan nok tyde det nærmere. Siden Eli, som kom til Øverbøhjellen, ble gift i 1794, ville vel Eli, i skiftet, stått som gift?

 

 
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eli,  28 år , som er nevnt i skiftet etter sin far, Nils Johnsen, i 1897, må være denne Eli, født og døpt i 1773:

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 547/L0600: Ministerialbok nr. 547A02, 1765-1799, s. 112-113
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070904660539

 

Her døpes Nils Johnsen Mittets sønn Jon,  i 1769:

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 547/L0600: Ministerialbok nr. 547A02, 1765-1799, s. 70-71
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070904660518

 

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Osvald og Randi Elisabeth for nye spennande og forsovidt avklarande innlegg!

 

Skiftet etter Nils Mittet frå 1797 seier heilt tydeleg at dotteri hans var 26 år gamal og representert av ein formyndar, so ho MÅ ha vore ugift på den tidi!

 

Dette tyder samstundes at «vår» Eli Nilsdotter ikkje har nokon lokale «motkandidatar», og eg meiner oppkallingi av eldste dotteri Gjertrud saman med alderen til Eli, at ho forsvinn frå Luster på 1780-talet samt det faktum at det var ei viss flytting frå indre Sogn til Romsdalen på den tidi, er svært sterke og overtydande argument for at Eli på Øvrebøhjellen, som Osvald kallar ho, godt kan vera frå Luster....!?

 

Då vert neste spørsmål endå meir aktualisert:

 

* Kvar vart det av dei to eldste døtrene til Eli, Gjertrud og Anna?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å spora opp denne huslyden frå Luster!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I skiftet etter Nils Jonsen Mittet i 1797, nevnes enken Marit Iversdatter, og barna Jon myndig, Gjertrud 30, Eli 26, Alet 21og Anne 18 år. Ingen av jentene er ført gift, og det kan ikke være denne Eli som blir gift med Anders Olsen Hammervoldnes, og kommer til Øverbøhjellen. Jeg tror Lars har funnet første mannen til Eli. Christen Johannssen Hammervold omkommer på sjøen mindre enn et år etter at omkommer på sjøen. Hun kalles Eli Nilsdatter Bakke, men det er ingen Bakke i Veøy, så hun må ha kommet utenfra. Så langt har jeg ikke funnet hvor hun kommer fra. Hammervold og Øverbøen ligger tvers over for hverandre på hver sin side av Rødvenfjorden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Osvald for siste innlegget!

 

Dette Bakke-namnet er ikkje so lett å plassera.  I Sogn finst det Bakke og Bakken over «kvar einaste haug», og til dømes var mor hennar Eli, Gjertrud Aamundsdotter, fødd på Eidsbakken under Eide i Skjolden, Luster, men denne ætti var borte frå Eidsbakken lenge før Eli voks opp...

 

Eg har i kveld vågd meg på å setja opp eit manuskript for Eli Nilsdotter og huslyden hennar, og i samband med denne «jobben» oppdaga eg at Gjertrud, eldste dotteri til Anders og Eli, var fødd på Monsås i Grytten, og då er me jo midt i «smørauget» for Haugianarrørsla og innflytte lustringar!  Dei fleste kom der nok litt seinare enn 1796, men det var nok samband også på 1780- og 1790-talet utan at eg i dag har fullt oversyn over dette...

 

Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i kveld:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #27 på neste side!

 

Let det seg gjera å fylla ut fleire detaljar her?  Eg vonar det, og eg takkar endå ein gong for framifrå bistand i samband med oppsporingi av denne ætti!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Christen er født på Hammervoldneset, døpt 30.7.1762 i Veøy kirke Veøy, Ministerialbok nr. 547A01 (1721-1764), Kronologisk liste 1762, Side 490-491 https://www.digitalarkivet.no/kb20070904660451

Foreldre er Johan Christensen Sekkesæter, husmann på Hammervoldneset og kona Kari Knudsdatter Hammervoldnes Veøy, Ministerialbok nr. 547A01 (1721-1764), Kronologisk liste 1761, Side 480-481 https://www.digitalarkivet.no/kb20070904660446

 

http://rydjord.slektsweb.no/individual.php?pid=I38390&ged=GedkomOsvald.GED

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er lenke til vielsen mellom Eli Nielsdatter og Christen Johansen:

https://media.digitalarkivet.no/view/16043/198

 

Denne lenken er lagt inn av Lars i et tidlig innlegg i denne tråden.

 

Vielsen står på høyre side, på venstre side står trolovelsen med spon.

Knut Olsen ????? og Rasmus Lunden. 

 

Hvem er de?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.