Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Eli Nilsdotter, fødd i Luster 1761 - flytte frå Luster i 1780-åri - kan henda til Bergen? - eller til Romsdalen? - lagnaden hennar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ein person som eg har søkt etter sidan 1980-talet og som eg vonar det no vil vera mogeleg å finna ut av:

 

Eli Nilsdotter, dotter av Nils Andersson og Gjertrud Aamundsdotter, plassfolk i Haugen under Flahammar  Luster, vart døypt i Luster 12.9.1761 og konfirmert same stad i 1779.  Ho budde framleis heime i 1780, men forsvinn so frå bygdi!

 

Det var ei stor flyttestraum frå Luster til Bergen på 1780-talet, og eg mistenkjer Eli for å ha vore ein del av denne.  Det næraste eg kjem i første omgongen er denne barnedåpen i Nykyrkja i Bergen 23.1.1789: Ole fødd 15.1.1789 som «uekte» son av «pige» Elen Nilsdotter og ungkar Per (Peder) Jensen, bondedreng i Nordland:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8715/81

 

Eg ser ikkje noko meir til denne Eli/Elen Nilsdotter i Bergen, og heller ikkje sonen.  Kvar kan dei ha vorte av?  Og er det i det heile «vår» Eli?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Etter meir søking i dei digitale kjeldene våre er eg vorten merksam på ein annan etter mitt syn svært so god «kandidat» for Eli Nilsdotter:

 

Mor til «vår» Eli heitte Gjertrud, og i FT1801 for Øvrebøen i Rødvin sokn i Veøy finn eg mellom anna denne huslyden_

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058422002877

 

Anders Olson, 33, jordlaus husmann, gift 1ste gong

Eli Nilsdotter, 38, kona hans, gift 2dre gong

Gjertrud Andersdotter, 5, dotter deira

Anna Andersdotter, 1, dotter deira

 

Anders Olson Hammervold og enkja Ellen Nilsdotter Holmem gifte seg i Veøy 29.12.1794: https://media.digitalarkivet.no/view/16043/225

 

Gjertrud Andersdotter var fødd på Monsås i Grytten 11.6.1796 og døypt dagen etter: https://media.digitalarkivet.no/view/2266/157

 

Kan henda er det nokon som sit med lokal kunnskap for dette området eller som kan finna noko meir ut gjennom til dømes ei lokal bygdebok?

 

Eg takkar endå ein gong for alle gode tips om Eli Nilsdotter!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.