Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Knut Torbjørnsen (1738-1783) gift med Kirsti(ne) Jensdotter Holst (1753-1811) - frå Luster til Bergen - kvar vart det av borni deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne huslyden, som i 1782 flytte frå Luster til Bergen, jobba eg ganske so grundig med for over 30 år sidan, men eg greidde aldri å finna ut kvar det vart av borni.  Heller ikkje finn eg opphavet til Ole Didriksen, som Kirstine gifte seg att med i Bergen!  Eg har gjort nokre nye freistnader, men står førebels ganske so «bom fast»!  Kanskje andre auge ser betre enn mine?

 

Ei anna «finurleg» sak er opplysningar hentra frå skiftet i 1795 etter Torbjørn Olson Aasen i Luster: https://media.digitalarkivet.no/view/24144/76?indexing=

 

Her kjem det fram at Knut Torbjørnson hadde lete etter seg FEM born, inkl. ein son Knut, men nokon slik son finst ikkje i kyrkjebøkene i Bergen.  Derimot hadde han ei dotter Karen Kirstine fødd fleire månadar etter at faren døydde.  Denne Karen Kirstine døydde tydeleg i 1789, men kanskje «lurte» Kirstine og Ole Didriksen til seg litt ekstra arvemiddel med å ljuga på seg ein «fiktiv» son!??

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Knut Torbjørnson, døypt i Luster 21.12.1738, gifte seg kring 1777 med Kirsti Jensdotter Holst frå Skjeldestad i Sogndal.  Ho var dotter av gardbrukar og korporal Jens Aamundson Holst på Skjeldestad, opphavleg frå

 

     ##### (opphavet hans?)

 

     og kona Margretha Olsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     og vart døypt i Sogndal 12.6.1753.  Knut og Kirsti budde som innerstfolk i Dalesokni fram til kring 1782.

Knut Torbjørnsen og kona Kirstine flytte kring 1782 til Bergen der Knut vart gravlagd alt 10.5.1783.  Han budde då i Søndre Klevsmug og vart kalla for «bondemann».  Kirstine gifte seg 26.12.1789 att i Bergen med Ole Didrikson frå

 

##### (opphavet hans? – skal ifølgje Undersøkjingskommisjonen vera fødd i Leikanger, men der finn eg han ikkje!!)

 

i Bergen kjend som Ole Didriksen.  Han var son av

 

##### (foreldri hans?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – kring 1750!?)

 

og livnærte seg i Bergen som tømmermann.  Ole og Kirstine budde i Nordre Klevsmug og sidan i Ladegaardsgaten i Bergen der Kirstine d. 28.3.1811.  Ole Didriksen gifte seg att, men d. på eit fattighus i Bergen 14.1.1831.  Kirstine fekk i alt fem born, som alle var frå første ekteskapet med Knut Torbjørnsen:

a. Margretha, kjend som Margrethe Knutsen (1773‑1820), flytte med foreldri til Bergen og gifte seg første gongen med soldat Søren Pederson i Bergen, opphavleg husmannsson frå Lihola under Lid nedre i Hafslo (1783‑1813).  Sidan gifte ho seg att med sjauar Henrik Olson frå Brensdal i Hyllestad (1798‑1837); for båe ekteskapi sjå under Lid nedre i Hafslo.

 

     NB: ei dotter av Margrethe «forsvinn»:

            * Margrethe, kjend som Grethe Sørensdotter, f. i Bergen 7.2.1812,

 

               ##### (ho levde i 1815, men seinare lagnad er ukjend!?)

 

b. Agatha, kjend som Agathe Knutsen, døypt i Luster 28.8.1776, flytte òg med foreldri til Bergen og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Agathe gifte seg i Bergen 12.10.1800 med Svend Thorson frå Brandstveit i Ullensvang, i Bergen kjend som Svend Thorsen.  Han vart døypt i Ullensvang 25.8.1761 og d. i Bergen 2.1.1811.  Svend var først bakarsvein i Bergen, men vart sidan tømmermann.  Dei budde i Rognesmuget i Bergen og fekk

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – minst ein son som d. kort etter fødsli!)

 

     ##### (Agathe truleg attgift!? – seinare lagnad?)

 

c. Torbjørn, kjend som Torbjørn Knutsen, døypt i Luster 24.9.1778, flytte likeins til Bergen med foreldri og

 

     ##### (budde 1804 hjå mori og stefaren i Bergen – var då matros – seinare lagnad?)

 

d. Martha Knutsdotter, kjend som Martha Knutsen, døypt i Luster 10.12.1780, fór òg med foreldri til Bergen i ung alder og

 

     ##### (levde i Bergen 1795 – lagnaden hennar?)

 

e. Karen Kirstine Knutsen, f. i Bergen 5.8.1783,

 

     ##### (truleg «soldat Ole Didriksen's dotter Karen Kirstine», gravlagd frå KK, Bergen 12.10.1789, 4 år!)

 

f. Knut Knutsen, f.

 

     ##### (eg finn ikkje nokon slik person!!! – skiftet etter farfar Torbjørn Olson i 1795 seier at Knut Torbjørnson hadde etterlete seg desse fem borni:

            * Torbjørn Knutson 14 år

            * Knut Knutson 6 år

            * Margretha Knutsdotter 22 år

            * Agatha Knutsdotter 20 år

            * Martha Knutsdotter 12 år)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

b. Agatha, kjend som Agathe Knutsen, døypt i Luster 28.8.1776, flytte òg med foreldri til Bergen og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

     Agathe gifte seg i Bergen 12.10.1800 med Svend Thorson frå Brandstveit i Ullensvang, i Bergen kjend som Svend Thorsen.  Han vart døypt i Ullensvang 25.8.1761 og d. i Bergen 2.1.1811.  Svend var først bakarsvein i Bergen, men vart sidan tømmermann.  Dei budde i Rognesmuget i Bergen og fekk

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – minst ein son som d. kort etter fødsli!)

 

Thor Olaj, 1800

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000009224137

 

Knut Olaj, 1803

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000009206741

 

John Larsen, 1806

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000009208190

 

Sara Christine, 1808

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000009209548

 

Thomas Knudsen, døpt 02.08.1812

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000009211399

 

Margarethe Elisabeth, 1816

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011816&gardpostnr=445&personpostnr=1332&merk=1332#ovre

 

Agothe Olsine, født 1819

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000007337958

Agothe Olsine, 1819

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000651141 

 

Svend Thorson frå Brandstveit i Ullensvang, i Bergen kjend som Svend Thorsen.  Han vart døypt i Ullensvang 25.8.1761 og d. i Bergen 2.1.1811.

 ##### (Agathe truleg attgift!? – seinare lagnad?)

 

Jeg ser at det er to Svend Thorsen som gifter seg i Domkirken: den ene er gift i 1795 og den andre en Svend Thorsen som giftet seg i 1800 med din Agathe. 

 

Folketellingen 1801, Bergen: 

Her er den ene, gift med Karen Marie Olsdatter: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390006743

Her er vår mann, med kona Agothe Knudsdatter og sønnen Thor Olav: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390006804

 

I 1801 er Svend Thorsen bagerarbeidsmand, 30 år, født (beregnet) 1771.

 

Svend Thorsen og familien i f.t. 1815:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01051079017080

 

Jeg finner en Svend Thorsen, bagerarbeidsmand, som gravlegges fra Korskirken i 1829: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000002738. Han er 58 1/2 år gammel, født (beregnet) 1770. 

 

Her er skiftet etter Svend Thorsen:

 

Bergen fylke, Bergen, Skifteprotokoll nr. C 8a (1826-1845), Skifteprotokollside, Side 122b-123a
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081111690651.jpg (se nr. 7 øverst til venstre - der står det vel enken Agothe Knudsdatter?)

Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-sk20081111690652.jpg 
 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

????

 

Namn arvtakar: Jens, Aamundsen 
Gard: Sogndahlsfiærn, nr.:1
Husmannsplass:  
Yrke: Corporal - Pensionist
Skipreide: Sogndal
Protokoll/side: 10-141b
Datering: 1786-1794
Dato: 12.10.1789
Eiga: 9 Dalar, 1 ort, 12 skilling
Gjeld: 7 Dalar, 0 ort, 0 skilling
Netto: 2 Dalar, 1 ort, 12 skilling
Merknad:  

Personar i skiftet :
(1) Ole Jensen MyndigBergen Søn
(2) Amund Jensen Smed Myndig Søn
(3) Britha Jensdatter Datter
(4) Kari Jensdatter 26 AarBergen Datter
(5) Boets gjeld Kreditor
(6) 
(7) Ole Erichsen Rutlin Laugverge for Enken
(8) Kari Einersdatter Enken
(9) Kirstine Jensdatter Bergen Datter, gift
(10) Niels Lassesen Alme Nordlandene Gift med Britha
(11) Ole Rutlin Formynder for Kirsti
(12) Aleda Jensdatter Norlandene Datter

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWZC-2RW

 

Name:    Jens Aamundsen
Spouse's Name:    Kari Endresdr   
Event Date:    09 Oct 1777
Event Place:    Sogndal,Sogn Og Fjordane,Norway

 

Sogn og Fjordane fylke, Stedje i Sogndal, Ministerialbok nr. A 5 (1768-1782), Kronologisk liste 1777, Side 109
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-kb20070515660356.jpg

 


 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Bergens Adressecontoirs Efterretninger 1790.05.08

Jens Aamundsen.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

c. Torbjørn, kjend som Torbjørn Knutsen, døypt i Luster 24.9.1778, flytte likeins til Bergen med foreldri og

 

##### (budde 1804 hjå mori og stefaren i Bergen – var då matros – seinare lagnad?)

 

Undersøkelseskommisjonen:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/215/pp00000000013698

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/213/op00000000011754

 

farer fra Althona

bortreyst for 5 Aar siden Bogst: NN:

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

     NB: ei dotter av Margrethe «forsvinn»:

 

            * Margrethe, kjend som Grethe Sørensdotter, f. i Bergen 7.2.1812,

 

##### (ho levde i 1815, men seinare lagnad er ukjend!?)

 

F.t. 1815?

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01051079016656

 

Clara Sørensen ble ved født i Hafslo i 1806, etterfulgt av Kari, 1809, Karen Kristine ble døpt i KK 1810, Grethe ble døpt i KK 1812. 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Tilbake til Sven Thorsen. Ved sønnen John Larsens dåp i 1806 ser jeg at to av fadderne heter Martha Knudsdatter og Sara Thorsdatter. Ole Didriksen er også fadder:

 

Bergen fylke, Korskirken i Korskirken, Ministerialbok nr. A 6 (1790-1820), Fødte og døpte 1806, Side 107
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321610552.jpg 
 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Du Grethe, du Grethe!  Dette er jo berre heilt fantastisk!  Hjarteleg takk for imponerande og spennande innlegg om denne huslyden!

 

Eg har tydeleg «bomma» på Svend Thorsen den gongen eg arbeidde med denne huslyden på 1980-talet, men no er dei «rette» fakta komne på bordet, og huslyden til Agathe og Svend er no «komplett»!

 

Når det gjeld Torbjørn Knutson, ser eg at han siglde frå Altona i 1804/1805, men han kom nok heimatt, for det er vel han som nemnest her som fallen sjømannssoldat 16.5.1808.  Eg trur det skjedde ved Alvøen: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=59216&merk=59216#ovre

 

Skal me gissa på at søsteri Agathe kalla opp bror sin i 1812 med Thomas Knudsen!?

 

So ser eg at Martha Knutsdotter, søsteri til Agathe, og Sara Thorsdotter, som var ei søster av Svend Thorsen i Bergen, var fadrar i 1806, so då veit me at Martha framleis levde, men er det mogeleg å identifisera ho i kyrkjebøkene for Bergen?  Ho er sikkert vorti gift med ein eller annan...  Eg ser berre tre gode alternativ i vigselsprotokollane for Bergen:

 

* Martha Knutsdotter gift KK, Bergen 11.10.1801 med grenader Nils Olson Hengum - truleg fødd i Leikanger 1772 som son av husmann Ole Mikkelson på Henjesanden under Henjum - sonen Nils «forsvinn» frå Leikanger! - ingen born finne!

 

* Martha Knutsdotter gift KK, Bergen 29.1.1804 med konstabel Anders Jensen (Hole) - tre born oppdaga:

*** Abraham, f. KK, Bergen 11.12.1805: https://media.digitalarkivet.no/view/8676/108

*** Anna Dorthea, f. KK, Bergen 8.9.1809: https://media.digitalarkivet.no/view/8676/138

*** Jens, f. KK, Bergen 19.2.1814: https://media.digitalarkivet.no/view/8676/175

 

* Martha Knutsdotter gift SJ, Bergen 10.1.1804 med Lyder Tollefsen - ein son oppdaga:

*** Tolach Lars Leganger, f. KK, Bergen 9.5.1804: https://media.digitalarkivet.no/view/8676/97

 

Diverre kan eg ikkje sjå nokon fadrar til borni etter dei to siste pari som «høver» med folki som me leiter etter, men den første av dei tre kan jo vera eit alternativ...?  Kanskje me lyt studera fadrane ogso til dei andre borni etter Agathe og Svend Thorsen??

 

Når det gjeld opphavet til Kirsti Jensdotter i Sogndal, lyt eg drøfta den saki med bokskrivaren i Sogndal, som eg ikkje greidde å få tak i i ettermiddag!  Ho har omskrive huslyden i Sogndalsfjøra, men med namnt Skjeldestad.  Opphav manglar for både Jens og Margretha...

 

Elles står opphavet til Ole Didrikson på Leikanger framleis att som ei stor «gåte»!  Kanskje ekstraskatten frå 1762 kan vera til hjelp for å identifisera foreldri hans?

 

Med dei mange spennande oppdagingane har eg førebutt eit oppdatert manuskript til ertstatning for manuskriptet i innlegg #1, som følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Knut Torbjørnson, døypt i Luster 21.12.1738, gifte seg kring 1777 med Kirsti Jensdotter Holst frå Skjeldestad i Sogndal.  Ho var dotter av gardbrukar og korporal Jens Aamundson Holst på Skjeldestad, opphavleg frå

 

     ##### (opphavet hans?)

 

     og første kona Margretha Olsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     og vart døypt i Sogndal 12.6.1753.  Knut og Kirsti budde som innerstfolk i Dalesokni fram til kring 1782.

Knut Torbjørnsen og kona Kirstine flytte kring 1782 til Bergen der Knut vart gravlagd alt 10.5.1783.  Han budde då i Søndre Klevsmug og vart kalla for «bondemann».  Kirstine gifte seg 26.12.1789 att i Bergen med Ole Didrikson frå

 

##### (opphavet hans? – skal ifølgje Undersøkjingskommisjonen vera fødd i Leikanger, men der finn eg han

       ikkje!!)

 

i Bergen kjend som Ole Didriksen.  Han var son av

 

##### (foreldri hans?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – kring 1750!?)

 

og livnærte seg i Bergen som tømmermann.  Ole og Kirstine budde i Nordre Klevsmug og sidan i Ladegaardsgaten i Bergen der Kirstine d. 28.3.1811.  Ole Didriksen gifte seg att, men d. på eit fattighus i Bergen 14.1.1831.  Kirstine fekk i alt fem

 

##### (eller seks?)

 

born, som alle var frå første ekteskapet med Knut Torbjørnsen:

a. Margretha, kjend som Margrethe Knutsen (1773‑1820), flytte med foreldri til Bergen og gifte seg første gongen med soldat Søren Pederson i Bergen, opphavleg husmannsson frå Lihola under Lid nedre i Hafslo (1783‑1813).  Sidan gifte ho seg att med sjauar Henrik Olson frå Brensdal i Hyllestad (1798‑1837); for båe ekteskapi sjå under Lid nedre i Hafslo.

 

     NB: ei dotter av Margrethe «forsvinn»:

            * Margrethe, kjend som Grethe Sørensdotter, f. i Bergen 7.2.1812,

 

               ##### (ho levde i 1815, men seinare lagnad er ukjend!?)

 

b. Agatha, kjend som Agathe Knutsen, døypt i Luster 28.8.1776, flytte òg med foreldri til Bergen og d. på enkjefattighuset i Bergen 23.7.1855.  Agathe gifte seg i Bergen 12.10.1800 med Svend Thorson frå Bergen, f. i Bergen 2.11.1770.  Han d. som bakararbeidar i Bergen 13.3.1829.  Svend var bakarsvein, og han og Agatha budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk sju born i lag.

c. Torbjørn, kjend som Torbjørn Knutsen, døypt i Luster 24.9.1778, flytte likeins til Bergen med foreldri, men fór kring 1799 som matros til Altona i Niedersachsen, Tyskland.  Han kom sidan heimatt, men miste livet som sjømannssoldat i krigen ved Alvøen 16.5.1808.  Han var ugift.

d. Martha Knutsdotter, kjend som Martha Knutsen, døypt i Luster 10.12.1780, fór òg med foreldri til Bergen i ung alder og

 

     ##### (levde i Bergen 1795 – n. fadder 1806 – lagnaden hennar?)


 

e. Karen Kirstine Knutsen, f. i Bergen 5.8.1783, vart gravlagd i Bergen 12.10.1789.

 

     ##### (skiftet etter farfar Torbjørn Olson i 1795 seier at Knut Torbjørnson hadde etterlete seg fem born:

            * Torbjørn Knutson 14 år

            * Knut Knutson 6 år

            * Margretha Knutsdotter 22 år

            * Agatha Knutsdotter 20 år

            * Martha Knutsdotter 12 år

            men nokon Knut finst ikkje i denne huslyden!!)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Og lat meg samstundes ta med kva eg har skrive under garden Lid nedre om Margrethe Knutsen og huslyden hennar:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Søren Pederson, døypt 9.3.1783, gifte seg i Bergen 5.11.1809 med Margretha Knutsdotter frå Lomheim.  Ho vart døypt 9.5.1779.

Søren Pederson Lie og kona Margretha flytte til Bergen i 1809, og Søren var grenader og sidan jeger ved kompaniet, men d. på lasarettet i Bergen 30.6.1813.  Margretha gifte seg 9.5.1819 att i Bergen med Henrik Olson frå Brensdal i Hyllestad, i Bergen kjend som Henrik Olsen.  Han var son av husmann Ole Andersson på ein plass under Brensdal, opphavleg frå Svardal i Gulen, og kona Orlaug Halvorsdotter frå Buvika i Hyllestad og vart døypt i Hyllestad, Gulen 28.5.1798.  Henrik var sjauar, og han og Margretha vart buande i Bergen der Margrethe d. 13.5.1820.  Henrik Olsen d. visstnok som sjukehuslem i Bergen 12.6.1837.  Margrethe fekk i alt seks døtrer, fire frå første ekteskapet og to frå det andre:

a. Clara Sørensdotter (1806-1853), kom tidleg attende til Hafslo og vart her gift med husmann Lars Andersson på ein plass under Neset (1812-1858) (s.d.).

b. Kari Sørensdotter (1809-1809), f. og d. i Hafslo.

c. Karen Kirstine Sørensdotter, f. i Bergen 5.3.1810, d. i Bergen 19.3.1843.  Karen gifte seg i Bergen 2.2.1834 med Haaver Magneson frå Haugstad i Manger, i Bergen kjend som Haaver Magnussen.  Han var f. i Manger 12.10.1803 og vart gravlagd i Bergen 29.7.1869 etter dei fann han drukna i eit vatn bak Fløyfjellet.  Som enkjemann var han attgift to gongar.  Haaver var matros og fiskefurer, men vart sidan dagarbeidar.  Han budde i Bergen levetidi ut og fekk i alt sju born; av dei var fire frå første ekteskapet med Karen.

d. Margrethe, kjend som Grethe Sørensdotter, f. i Bergen 7.2.1812, levde i 1815,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

e. Karen Christine Henriksdotter, tvilling, f. i Bergen 28.1.1820, d. i Bergen 10.8.1820.

f. Olina Henriksdotter, likeins tvilling og f. i Bergen 28.1.1820, d. i Bergen 26.5.1820.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So vil endå ein gong takka for den framifrå hjelpi eg har fått med denne huslyden so langt!  Heilt utruleg!!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette emnet som har lege i «dvale» sidan i fjor vår, særleg etter at eg under arbeidet med eit nytt tema i kveld:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/226602-arne-knutson-1698 og-margretha-narvesdotter-1725-frå-luster-til-ytre-sogn-med-to-døtrer-i-i-1750-åri-kvar-vart-det-av-dei-askvoll-gulen-solund-eller-balestrand-svogar-thomas-jørgenson-1731-til-utlandet-men-kvar/

 

omsider har greidd å identifisera den Ole Didrikson som i 1789 gifte seg i Bergen med Kirsti(na) Jensdotter Holst, enkja etter Knut Torbjørnson.  Bortsett i frå denne oppdagingi har eg ikkje noko anna nytt å by på i denne huslyden, men eg vonar framleis at nokon kan hjelpa meg kasta ljos over dei «flokene» som framleis står att?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Knut Torbjørnson, døypt i Luster 21.12.1738, gifte seg kring 1777 med Kirsti Jensdotter Holst frå Skjeldestad i Sogndal.  Ho var dotter av gardbrukar og korporal Jens Aamundson Holst på Skjeldestad, opphavleg frå

 

     ##### (opphavet hans?)

 

     og første kona Margretha Olsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     og vart døypt i Sogndal 12.6.1753.  Knut og Kirsti budde som innerstfolk i Dalesokni fram til kring 1782.

Knut Torbjørnsen og kona Kirstine flytte kring 1782 til Bergen der Knut vart gravlagd alt 10.5.1783.  Han budde då i Søndre Klevsmug og vart kalla for «bondemann».  Kirstine gifte seg 26.12.1789 att i Bergen med Ole Dinesson frå Sværen i Balestrand, i Bergen kjend som Ole Didrikson, ein steson av gardbrukar Arne Knutson frå Bolstad i Luster (1698-1756).  Han vart døypt i Balestrand 16.1.1757 og livnærte seg i Bergen som tømmermann.  Ole og Kirstine budde i Nordre Klevsmug og sidan i Ladegaardsgaten i Bergen der Kirstine d. 28.3.1811.  Ole Didriksen gifte seg att, men d. på eit fattighus i Bergen 14.1.1831.  Kirstine fekk i alt fem

 

##### (eller seks?)

 

born, som alle var frå første ekteskapet med Knut Torbjørnsen:

a. Margretha, kjend som Margrethe Knutsen (1773‑1820), flytte med foreldri til Bergen og gifte seg første gongen med soldat Søren Pederson i Bergen, opphavleg husmannsson frå Lihola under Lid nedre i Hafslo (1783‑1813).  Sidan gifte ho seg att med sjauar Henrik Olson frå Brensdal i Hyllestad (1798‑1837); for båe ekteskapi sjå under Lid nedre i Hafslo.

 

     NB: ei dotter av Margrethe «forsvinn»:

            * Margrethe, kjend som Grethe Sørensdotter, f. i Bergen 7.2.1812,

 

               ##### (ho levde i 1815, men seinare lagnad er ukjend!?)

 

b. Agatha, kjend som Agathe Knutsen, døypt i Luster 28.8.1776, flytte òg med foreldri til Bergen og d. på enkjefattighuset i Bergen 23.7.1855.  Agathe gifte seg i Bergen 12.10.1800 med Svend Thorson frå Bergen, f. i Bergen 2.11.1770.  Han d. som bakararbeidar i Bergen 13.3.1829.  Svend var bakarsvein, og han og Agatha budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk sju born i lag.

c. Torbjørn, kjend som Torbjørn Knutsen, døypt i Luster 24.9.1778, flytte likeins til Bergen med foreldri, men fór kring 1799 som matros til Altona i Niedersachsen, Tyskland.  Han kom sidan heimatt, men miste livet som sjømannssoldat i krigen ved Alvøen 16.5.1808.  Han var ugift.

d. Martha Knutsdotter, kjend som Martha Knutsen, døypt i Luster 10.12.1780, fór òg med foreldri til Bergen i ung alder og

 

     ##### (levde i Bergen 1795 – n. fadder 1806 – lagnaden hennar? – ei av desse?

            * gift KK 11.10.1801 med grenader Nils Olson Hengum – truleg f. Leikanger 1772 som son av husmann

               Ole Mikkelson på Henjesanden under Henjum

            * gift KK 29.1.1804 med konstabel Anders Jensen (Hole)

               ** Abraham – f. KK 11.12.1805, døypt 15.12 https://media.digitalarkivet.no/view/8676/108

               ** Anna Dorthea – f. KK 8.9.1809, døypt 17.9. https://media.digitalarkivet.no/view/8676/138

               ** Jens – f. KK 19.2.1814, døypt 6.3. https://media.digitalarkivet.no/view/8676/175

            * gift SJ 10.1.1804 med Lyder Tollefsen

               ** Tolach Lars Leganger – f. KK 9.5.1804, døypt 21.5 https://media.digitalarkivet.no/view/8676/97

 

e. Karen Kirstine Knutsen, f. i Bergen 5.8.1783, vart gravlagd i Bergen 12.10.1789.

 

     ##### (skiftet etter farfar Torbjørn Olson i 1795 seier at Knut Torbjørnson hadde etterlete seg fem born:

            * Torbjørn Knutson 14 år

            * Knut Knutson 6 år

            * Margretha Knutsdotter 22 år

            * Agatha Knutsdotter 20 år

            * Martha Knutsdotter 12 år

            men nokon Knut finst ikkje i denne huslyden!!)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.