Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Johanna Larsdotter Dahle, fødd i Luster kring 1758, fekk ei «uekte» dotter Siri Jørgensdotter i Luster i 1796.  Tre månadar gamalt vart barnet finne drukna i Lustrafjorden, og det går fram av tingboki at Johanna vart mistenkt for mord, men noko meir ser eg ikkje til saki lokalt.

 

Men Johanna Larsdotter sat i 1801 på Tukthuset i Bergen: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390012906

 

og ho vart gravlagd som «tukthuslem» 10.4.1801: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000451207

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000579740

 

Finst det tilgjengelege saksdomument om denne saki?  Vart Johanna dømd for barnemord?

 

Kanskje finst det vitneforklaringar, til dømes frå einaste søsteri hennar, Kari Larsdotter, fødd kring 1760, som framleis levde, men som er «forsvunni»!?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Hjarteleg takk til Anita for eit forklarande og opplysande innlegg!  Eg var ikkje klar over at ho hadde freista ta livet av son sin på 4 år òg!  Han overlevde og voks opp hjå far sin...  Eg er litt overraska over at ho ikkje fekk dødsdom for drapet, men kanskje det var andre hensyn som vog tyngre...(?)

Tja, om du les reskriptet (som det er lenka til over bileta), så er det nettopp dødsdom ho får av høgsterett("at miste sin Hals og hendes hoved at sættes paa en Stage") men ho blir benåda til livstid av Kongen.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.