Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Lars Torbjørnson (1765) og Ragnhild Torbjørnsdotter (1757) - søsken som berre «forsvinn» frå Luster i ung alder - kvar kan dei ha vortne av?


Recommended Posts

Husmann Torbjørn Halvorson i Årstu under Dale i Luster (1727-1808) var gift to gongar, og med første kona Ingrid Larsdotter (1725-1774) fekk han fire born.  To av dei døydde unge, medan dei to hine berre forsvinn:

 

* Ragnhild Torbjørnsdotter, døypt i Luster 2.10.1757, er ikkje ein gong konfirmert i Luster, so truleg kom ho heilt ung i teneste utanfor bygdi...

 

* Lars Torbjørnson, døypt i Luster 16.3.1766, vart konfirmert i Luster i 1785 og tente då på garden Kroken i Luster...

 

Eg ser fleire aktuelle «kandidatar» for Lars Torbjørnson både i Sogn, i Hordaland og i Rogaland i 1801, men kan ikkje seia at nokon av dei er «opplagde»...

 

Eg ser ei Ragnhild Torbjørnsdotter på Lærdalsøyri i 1801, men ho var fødd på Hafslo i 1759, so ho er det ikkje....

 

Det vert nok ikkje so lett å finna att nokon av desse søskeni, men det er lov å vona, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.