Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Synneva Gudmundsdotter i Bergen - var ho fødd på Lerøy i Lindås og døypt der 26.5.1746? - Bygdebokoppslag?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Tollbuvektar i Bergen, Sølfest Endresen frå Luster (1750-1782) gifte seg i Bergen 9.9.1779 med:

 

Synneva Gudmundsdotter.  Ho var fødd kring 1745 og døydde i Bergen 29.11.1817.  Dei fekk ikkje born i lag.

 

FamilySearch har berre ein kandidat for denne Synneva:

 

Synneva døypt i Lindås 26.5.1746 som dotter av Gudmund og Anna på Lerøy.

 

** Kan nokon med lokal kunnskap på Lindås, eventuelt med tilgjenge til ei bygdebok, stadfesta at denne Synneva verkeleg flytte til Bergen (og gifte seg med Sølfest)?

 

** Er det mogeleg å få greie på fulle namn til foreldri hennar og kvar dei kom ifrå?

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ottar Eliassen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ottar og Ivar for nye innlegg om Synneva Gudmundsdotter og det mogelege opphavet hennar på Lindås, eller kanskje me heller skulle seia i Austrheim?  Eg tykkjer teorien om Gudmund Nilsson på Lerøy har svært mykje for seg, men diverre er kyrkjebøkene for Lindås svært «mangelfulle», so her er me ganske so avhengige av lokal ekspertise for å komma «til botn» i saki.  Den beste ekspertisen sit nok i dette tilfellet hjå bygdebokskrivaren, og eg har nettopp sendt ei melding til forfattaren av Austrheim-soga med bøn om at han ser på saki...

 

I mellomtidi takkar eg på ny for framifrå bistand med å løysa denne floki!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So er det alt no på morgonen kome svar frå Arvid Skogseth i denne saki, og han skriv mellom anna følgjande:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

«Ja, kanskje kan det vera henne. Her er det eg skreiv om familien i 'Austrheim i fortid og notid' bind 3 side 274:
 
10. Gudmund Nilson f. 1709 Hernar i Øygarden g.m. Anna. Bygselsetel frå sokneprest Torjus Grøgård i 1740 på 18 mk smør og ½ våg fisk, halve Lerøyna som før. Gudmund er ført som oppsitjar her i ei mannskapsrulle frå 1749, med oppgjeven alder 40 år. Her vart det seinare opplyst at han hadde gjeve opp jorda og var sagt å vera los i Bergen. Anna er nemnd på fattiglistene frå 1769 til 1778, dels saman med eit barn, som må vera Synneva. Dei oppheldt seg dei siste åra i Lygra sokn.
            Born: a. dødfødt barn f. 1742. b. nyfødt barn f. og d. 1744. c. Synneva f. 1746.
 
Den losen og enkjemannen Gudmund Nilson som gifte seg i Bergen må sikkert vera han. Då er det feil det eg skriv om Anna på fattiglistene, det må vera ein annan person.»

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ser me på den høgst «sjeldne» namnekombinasjonen, kombinert med fødselstidspunktet, trur eg etter dette me trygt kan gå ut ifrå det MÅ vera «rett» Synneva me har har finne.  Farsnamnet til mori Anna vert nok aldri tilgjengeleg, men bortsett ifrå det, ser eg no på dette problemet som løyst!

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand med løysingi av denne saki!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.