Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Georg Fredrik «Jørgen» Sørensen, fødd i Luster 1765 - gift i Bergen med Martha Olsdotter - huslyden forsvinn etter 1805 - kvar vart det av dei?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne huslyden har vore eit stort «mysterium» for meg i mange år.  Georg Fredrik «Jørgen» Sørensen flytte i ung alder til Bergen, gifte seg og fekk fem born, for so komplett å forsvinna!!

 

Einaste «sporet» eg i dag KAN ha oppdaga, er at ei jente med same namn som ei av døtrene fekk to «uekte» born i Bergen på 1820-talet, men ingen av fadrane har namn som eg kan knytta opp mot denne familien, so eg er langt ifrå sikker på at ho verkeleg høyrer til her...!!  MEN, det ser ut til at denne jenta døydde i 1849, og alderen høver då svært so bra...  Og ho hadde born (jmf. dødsmeldingi).

 

Og no ser eg at ei av dei andre døtrene kan ha vore pasient på St. Jørgen frå 1822...

 

Manuskriptet mitt ser i dag slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Georg Fredrik, kjend som Jørgen Sørenson, døypt i Luster 23.7.1765,

Jørgen Sørensen flytte sist i 1780‑åri til Bergen, og der gifte han seg 30.6.1793 med Martha Olsdotter frå

 

 

##### (opphavet hennar?)

 

 

Ho var dotter av

 

 

##### (foreldri hennar?)

 

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1760!?)

 

 

Jørgen var matros, men vart òg kalla dikselmann.  Parfolket budde fleire stader i Bergen, mellom anna på Engen (1801), men flytte sidan ut i Krosskyrkjesokni. 

 

 

##### (huslyden forsvinn etter 1805 – seinare lagnad??)

 

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

 

Me kjenner til fem born etter dei:

 

 

##### (kan det ha vore fleire? – oppl.?)

 

 

a. Olina Jørgensdotter (Sørensen), f. i Bergen 3.7.1792,

 

 

     ##### (n. 1801 – lagnaden hennar?)

 

 

b. Elen Christine Jørgensdotter (Sørensen), f. i Bergen 8.10.1794,

 

 

     ##### (n. 1801 – lagnaden hennar? - «pige» Elen Christine Jørgensen fekk desse  borni - «vår» Elen?

            * Frederiche Jørgine, f. KK, Bergen 30.4.1825 – far: tømmermann Jacob Ruvineus Jul: https://media.digitalarkivet.no/view/8684/186

            * Ole Sørensen, f. KK, Bergen 14.9.1827 – far: gift mann bordarbeidsmann Ole Sørensen Blagstad: https://media.digitalarkivet.no/view/8684/77

            ei Elen Christine Jørgensdotter, pige, 55 år, d. i KK, Bergen (23-85) 16.3.1849 – ho??  Dødsmelding: https://media.digitalarkivet.no/view/23996/62

 

                 c. Malena Jørgensdotter (Sørensen), døypt i Bergen 23.7.1797, vart gravlagd i Bergen 27.12.1798.

d. Malena Margrethe Jørgensdotter (Sørensen), f. i Bergen 27.1.1801,

 

 

     ##### (lagnaden hennar? - er dette ho: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/20/pc00000000198362

 

 

e. Jørgen Jørgenson (Sørensen), f. i Bergen 26.5.1805,

 

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for ei spennande melding!  Denne innførsli frå undersøkjingskommisjonen hadde eg ikkje fått med meg, og når eg ser at han siglde på Nordland, er det vel heller ikkje umogeleg at han kan vera avliden ein eller annan stad undervegs og soleis ikkje kyrkjebokførd i Bergen?

 

Det er forresten underleg at eg heller ikkje finn huslyden i FT1815 for Bergen, ikkje ein gong dei to jentene som me vel har finne att so nokolunde sikkert...!?

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.