Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Nels Johnson - fødd i Noreg kring 1830-1835 - farmar i Dakota Co., NE - er det mogeleg å identifisera denne mannen? - var han frå Skogn i Nord-Trøndelag?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Anna Arnesdotter Qualsvig, fødd i Luster 29.6.1827 som dotter av gardbrukar Arne Andersson og Margretha Johannesdotter, utvandra til Amerika i 1862 og døydde under namnet Anna Johnson i Dakota Co., NE 20.4.1906: https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=Johnson&GSiman=1&GScid=100845&GRid=32303769&

 

Ho var då enkje etter denne mannen:

 

Nels Johnson, som døydde same stad 7.11.1905 (gravstøtta syner 1.11.1905) med fødselsår 1831: https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=Johnson&GSiman=1&GScid=100845&GRid=32303781&

 

FT1900 syner parfolket som busette i Emerson, Dakota Co., NE.  Her er Anna oppgjevi fødd i Noreg June 1821 (seks år feil!) med ukjent utvandringsår, medan Nels er fødd March 1830 med utvandringsår 1863: http://interactive.ancestry.com/7602/004120375_00970?pid=65181222&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DcMY5826%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DNels%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln%3DJohnson%26gsln_x%3DNP_NN%26msbdy%3D1831%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D2%26msbpn__ftp%3DNorway%26msbpn%3D5173%26msbpn_PInfo%3D3-%7C0%7C1652381%7C0%7C5173%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26mssng%3DAnna%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D35%26h%3D65181222%26dbid%3D7602%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D2&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=cMY5826&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

FT1880 syner parfolket som busette i Omadi precinct, Dakota Co., NE.  Anna er 54 år (d.v.s. fødd 1826), medan Nels er 45 år (d.v.s. fødd 1835).  Med dei er ogso dotteri hennar, Anna Marie, fødd i Luster 10.7.1860 - 19 år: http://interactive.ancestry.com/6742/4242188-00059?pid=24514712&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DcMY5835%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DAnna%26gsfn_x%3DNP_NN%26msbdy%3D1830%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D10%26msbpn__ftp%3DNorway%26msbpn%3D5173%26msbpn_PInfo%3D3-%7C0%7C1652381%7C0%7C5173%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msrpn__ftp%3DDakota%20County,%20Nebraska,%20USA%26msrpn%3D808%26msrpn_PInfo%3D7-%7C0%7C1652393%7C0%7C2%7C0%7C30%7C0%7C808%7C0%7C0%7C0%7C%26msrpn_x%3D1%26msrpn__ftp_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D35%26h%3D24514712%26dbid%3D6742%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D2&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=cMY5835&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

FT1885 syner parfolket same stad, i Omadi precinct, Dakota Co., NE, men her er kona kalla Minnie på 61 år (1824). medan Nels er 57 år (1828).  So er det òg nemnd ei dotter (male!) kalla John Schume(?) på 28 år (1857) - single laborer: http://interactive.ancestry.com/1668/M352_12-00013?pid=1043883&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DcMY5837%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DNels%26gsfn_x%3DNP_NN%26msbdy%3D1830%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D10%26msbpn__ftp%3DNorway%26msbpn%3D5173%26msbpn_PInfo%3D3-%7C0%7C1652381%7C0%7C5173%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msrpn__ftp%3DDakota%20County,%20Nebraska,%20USA%26msrpn%3D808%26msrpn_PInfo%3D7-%7C0%7C1652393%7C0%7C2%7C0%7C30%7C0%7C808%7C0%7C0%7C0%7C%26msrpn_x%3D1%26msrpn__ftp_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D35%26h%3D1043883%26recoff%3D5%26dbid%3D1668%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D3&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=cMY5837&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Eg lyt då leggja til at dotteri hennar, Anna Marie, hadde gift seg i Lincoln Co., SD 29.10.1881 med dansken George H. Cook, fødd 1849.  Dei budde òg i Dakota Co., NE, men ikkje i lag med mor hennar!

 

For mange år sidan hadde eg kontakt med ein etterkomar etter Anna Marie og George Cook, og ho fortalde meg at Anna Arnesdotter og denne «mystiske» Nels Johnson skulle ha vorte kjende i Dane Co., WI og gifte der, men at dei skulle vera flytte i 1867 til Dakota Co., NE!  Men eg finn ingen vigsler i Wisconsin som høver, og vigsler i Nebraska frå den tidi er ikkje tilgjengelege på nettet!

 

MEN, på ancestry.com finn eg fleire family trees med denne Nels Johnson, og her vert det påstått at Nils skal vera fødd i Skogn 2.3.1835 som son av gardbrukar Johannes Nilsson Næss Westerbye og Guru Anna Olsdotter Rendum.  Denne fødsli finst faktisk i Skogn: https://media.digitalarkivet.no/view/16394/93

 

Og her er foreldri i FT1865 på husmannsplassen Haugan under Bye vestre i Skogn: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038337002855

 

Kikker me litt meir på desse family trees, oppdagar me at Nils hadde fleire søsken, mellom anna denne broren:

 

* Olaf Martin Johannesson, kjend som Ole Johnson, fødd i Skogn 30.8.1840, som alt i 1870 og ogso sidan var busett i Omadi precinct, Dakota Co., NE

 

Utifrå opplysningane som ligg føre om Nels Johnson, er det ikkje mogeleg å identifisera han som fødd i Skogn, men broren har stor etterslekt, og derifrå vil eg tru at kunnskapen om Nils og opphavet hans kjem!?

 

MEN, for å vera heilt på den trygge sida, ville eg sett stor pris på om det let seg gjera å finna:

 

*** Utvandringi til Amerika for Nils Johannesson Bye - kring 1863?

 

*** Vigsli til Nils Johannesson Bye og Anna Arnesdotter - i Wisconsin eller kan henda i Nebraska?

 

*** Nels og Anna Johnson i FT1870??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.