Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Eli/Elen Ingebrigtsdotter (Havelden) - fødd i Luster kring 1730 - flytte kring 1750 til Eikefjorden i Kinn - vart gift med ein Peder, men var enkje i 1771 - hadde med seg ein son Johannes Janson - fødd i Luster 1747 - lagnadane til mor og son?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eli eller Elen Ingebrigtsdotter var fødd på plassen Havelden under Flahammar i Luster kring 1730 som dotter av husmann Ingebrigt Torkildson (1684-1748) og Inga Larsdotter (1692-1770).  Ho vart konfirmert i Luster i 1747:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=kf14261737&gardpostnr=365&personpostnr=365&merk=365#ovre

 

Same året fekk ho ein son:

 

* Johannes Janson, døypt i Luster 30.8.1747

 

Kort etter forsvinn både mor og son frå Luster, men då det i 1771 vart halde skifte etter mori Inga, får me vita at Eli hadde vore gift med ein Peder i Eikefjorden, men at ho då hadde vorti enkje (sjå linje 8 og 9 på venstre side).

 

https://media.digitalarkivet.no/view/24140/113?indexing=

 

Ein Peder Josephson Myren gifte seg med ei Eli Ingebrigtsdotter Brechen i Lavik (Gulen) 11.6.1764, men om dette er «våre» folk, kan eg ikkje seia noko sikkert om... (linje 7 på venstre side):

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11443/117

 

Det hadde vore kjempebra om nokon kunne hjelpa meg finna ut av denne «gåta», lagnadane til Eli og son hennar, og eventuelle andre born fødde i Eikefjorden, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.