Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Kva finst av dødsmeldingslister frå lensmannen i Sogndal, Lærdal og Årdal?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

For eventuelt å kunna planleggja ei databaseregistrering av den verdifulle kjelda som lensmannen sine dødsmeldingar utgjer, er eg interessert i å rede på kva som finst av materiale for Sogndal, Lærdal og Årdal hjå Statsarkivet i Bergen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
AnitaRiise (Statsarkivet Bergen)

I lensmannsarkiva fann eg dødsfallslister som følgjer:

Sogndal: 1876-1972

Årdal: 1884-1927

Lærdal: 1884-1950

 

(I tillegg har vi dødsfallslistene som lensmennene har sendt inn til sorenskrivaren som går fram til 1989)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anite for interessant svar!

 

Sidan me veit at dødsfallslister har vore førte av lensmannen sidan 1820/1830-talet, er eg svært overraska over at de ikkje har lister for desse prestegjeldi lenger attende enn kva du skriv.

 

Kva står det forresten om tilsvarande lister frå Luster og Jostedalen, som eg veit eg nytta i samband med bygdebokarbeidet der på 1980-talet?  Listene for Luster går i alle fall mykje lenger attende enn 1870!

 

Kan det tenkjast at dødsfallslister er samla andre stadar, til dømes i sorenskrivararkivet, som vel var den instansen som tok imot desse listene frå lensmannen?  I kva arkiv er dødsfallslistene for Bergen samla?

 

Eg takkar igjen for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
AnitaRiise (Statsarkivet Bergen)

Det hadde du rett i, i sorenskrivararkivet startar listene allereie i 1840(eg nemnde kor langt fram dei gjekk hjå sorenskrivaren, men eg tenkte ikkje på å sjekke bakover i tid).

Når det gjeld Bergen er listene i arkivet etter Bergen byfogd og byskrivar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anita for avklarande svar med omsyn til dei gamle dødsmeldingane!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×