Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Gro Hansdotter/Larsdotter - drukna 1737 i Heidalselvi i Sel i Gudbrandsdalen - kven var ho? - kvar vart det av son hennar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Kyrkjeboki for Luster har følgjande innførsle under gravlagde 8.9.1737:  https://media.digitalarkivet.no/view/11589/183

 

«Gro Larsdotter 52 aar gl. og hendes datter 9 aar gl. begge druknede udj Heidahls Elv»

 

Og 6.8.1737 vart det halde skifte i Luster etter husmann Johannes Monsson under Stokkenes, hans «Qvinde» Gro Hansdotter (eller står det Larsdotter?): https://media.digitalarkivet.no/view/24136/110?indexing=

 

Gro let etter seg ein einaste son, Lars Johannesson.  Alderen er ikkje oppgjeven, men eg trur han må vera fødd kring 1726.

 

Gro er tydeleg IKKJE frå Luster, og sonen Lars forsvinn frå Luster etter denne grufulle hendingi!  Han er ikkje konfirmert i Luster!

 

** Kan Gro ha opphavet sitt i Heidal i Sel, Gudbrandsdalen?

 

** Miste ho livet då ho vitja folki sine der oppe?

 

** Kan dødsfallet hennar vera innført i ei kyrkjebok derifrå?

 

** Flytte Lars Johannessopn opp dit for å vaksa opp hjå morfolket sitt?

 

Det hadde vore skikkeleg spennande å få svar på nokre av desse spørsmåli, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per S. Nestande

Eit rask kommentar: Kyrkjebok i Vågå (inkl. Sel og Heidal) byrjar dessverre fyrst i 1739. så drunknigsulykka i 1737 er nok ikkje registrert på den sida av fjellet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Per for interessant kommentar!

 

Då er vel einaste måten å finna ut meir om denne jenta å undersøkja om ein person med eit slikt namn vert sakna i Heidal?  Kanskje frå skifteregisteri?

 

Er det elles nokon som har synspunkt på kva namn som står i skifteprotokollen?  Er det Hansdotter eller Larsdotter?

 

(Eg vil òg leggja inn eit spørsmål om dette på «tydingslista»...)

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om Gro!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette vanskelege emnet frå mars.

 

Det er vel på «tydingslista» semje om at Gro i skifteprotokollen er omtalt som Hansdotter, so då lyt me sjå på det som ei alternativ namneform for denne jenta, som eg formoder har tilknytting til Heidal i Sel.

 

Men utan kyrkjebøker, er det i det heile mogeleg å identifisera opphavet hennar?  Det måtte vera om ho dukka opp i eit skifte frå Heidal som erving?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om opphavet til Gro og lagnaden til sonen Lars Johannesson!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kåre Tofte

Hei Lars.

Eg trur dette må vera Hedalen i Valdres, og ikkje Heidalen i Gudbrandsdalen. Namnet Heidalselva er ikkje brukt i Heidalen - elva heiter Sjoa.

Gro var heller ikkje eit vanleg namn  i Gudbrandsdalen men ser at det har vore brukt i Valdres. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kåre for eit kjempespennande innlegg!

 

Eg trur so sanneleg du har rett med omsyn til Hedalen!  Det må vera Hedalen i Sør-Aurdal, for der finst Gro-namnet.

 

På første del av 1700-talet finn eg ikkje ei einaste Gro fødd eller gift i Gudbrandsdalen, medan det er MANGE i Aurdal, Slidre og Vang!

 

Gravferdi til «vår» Gro er ikkje innført i kyrkjeboki for Aurdal, men so urimeleg er jo ikkje det, so lenge som ho og dotteri er innskrivne som gravlagde i Luster!  Det vart likevel ein lang veg å frakta lik den gongen...

 

So langt attende i tid som Gro Larsdotter eller Hansdotter skal vera fødd, kring 1685, finst det diverre ikkje kyrkjebøker tilgjengelege for Aurdal, og ho er heller ikkje gift der!  Ho KAN dukka opp i eit skifte eller kan henda i bygdeboki for Hedalen, men det krev nok mykje blaing og leiting...

 

Pussig nok finn eg INGEN Lars Johannesson gift i Aurdal fram til 1775, so dersom han flytte dit, vart han nok ikkje gift der...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden og vonar at eitt og anna «gullkorn» kan dala ned etter denne siste oppdagingi...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×