Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Tollef Anfindson - fødd kring 1735 - eller før - kom som sagemeister til Feigefossen i Luster kring 1764, men kven var han, og kvar kom han ifrå - kan henda frå Ulvik i Hardanger?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Arne Østenson (1693-1763), ein gudbrandsdøl som i mange år hadde vore sagemeister ved Feigefossen i Luster, døydde i 1763 og vart erstatta av ein

 

Tollef Anfindson, som ingen veit kvar kom ifrå!

 

Han var truleg fødd kring 1735, og han gifte seg i Luster 31.1.1773 med Siri Pedersdotter frå plassen Årstu under Dale prestegard, døypt i Luster 11.4.1745.  Tollef døydde i Luster kring 1790, medan Siri vart gravlagd som legdelem i Luster 15.1.1815.  Dei fekk to døtrer i lag:

 

* Dortha Tollefsdotter (1772-1850)

 

* Anna Tollefsdotter (1788-1852)

 

Mor hennar Siri heitte Anna, so då kan me vel kanskje gissa på at mori hans heitte Dortha?

 

Men kvar i all verdi kan denne sagemeistaren vera komen ifrå??

 

Redigert: Sjå innlegg #2 nedanfor!  Var Tollef frå Syse i Ulvik??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Ein av gardbrukarane på Feigum i Luster heitte Daniel Anfindson.  Han var fødd på Syse i Ulvik kring 1706 som son av gardbrukar Anfind Olson Syse og kona Dortha Danielsdotter Løkve.  Ifølgje eit gamalt notat som eg har, hadde dette brukarparet på Syse ogso ein son Tollef Anfindson, fødd so tidleg som kring 1711.

 

Kan dette vera sagemeistaren ved Feigefossen?  Mori heitte Dortha, so oppkallingi ville vera «i orden»...!

 

Kanskje bygdeboki for Ulvik har fleire opplysningar å by på?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Litt på siden, Lars, men fikk Tollef en sønn Peder utenfor ekteskap i Luster i 1769? - døpt 3. januar 1769, mor: Synneva Pedersdatter:

 

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Gaupne, Fortun, Nes i Luster, Ministerialbok nr. A 1 (1731-1803), Fødte og døpte 1769, Side 76
Permanent bilde-ID: kb20070511680304
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070511680304
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-kb20070511680304.jpg
 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Anfind Danielsen og Sigrid Danielsdatter på Feigum i ekstraskattmanntallet 1762. Finner også en Synneva Pedersdatter der.

 

En liten kommentar:

"Ein av gardbrukarane på Feigum i Luster heitte Daniel AnfindsonHan var fødd på Syse i Ulvik kring 1706 som son av gardbrukar Anfind Olson Syse og kona Dortha Danielsdotter Løkve.  Ifølgje eit gamalt notat som eg har, hadde dette brukarparet på Syse ogso ein son Tollef Anfindson, fødd so tidleg som kring 1711." 

 

Betyr det at Anfind Danielsen og Sigrid Danielsdatter var barn av Daniel Anfindsen, f. 1706, som igjen er en eldre bror av Tollef, f. ca. 1711? 

Sogn og Fjordane fylke, Sogn, Ekstraskatt nr. 3418 (1762-1769), Dokumentside, Side 106
Permanent bilde-ID: rk10051111030111
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/rk10051111030111
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-rk10051111030111.jpg

 

 

Namn arvtakar: Durdi, Danielsdtr 
Gard: Feigum, nr.:3
Husmannsplass:  
Yrke:  
Skipreide: Luster
Protokoll/side: 7a-206b
Datering: 1751-1762
Dato: 24.8.1756
Eiga: 9 Dalar, 3 ort, 1 skilling
Gjeld: 4 Dalar, 4 ort, 0 skilling
Netto: 4 Dalar, 5 ort, 1 skilling
Merknad: Durdi er truleg ei pige - truleg død 23.3.1752 - Sigri = Siri
Personar i skiftet :
(1) Mari Ingebrigtsdatter Mor
(2) Anders Danielsen 14 Aar Bror
(3) Ole Danielsen 10 Aar Bror
(4) Boets gjeld Kreditor
(5) Christen Erichsen Bergum Formynder for Anders
(6) Asbiørn Pedersen Bergen Formynder for Ole
(7) Christen Erichsen Feigum Gift med Mari
(8) Lars morbror Ingebrigtsen Feigum Formynder for Andfin
(9) Andfind Danielsen 15 Aar Bror
(10) Sigri Danielsdatter 8 Aar Søster
(11) Knud Nielssen Ottum Formynder for Siri

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Ulvik : gards- og ættesoga. 2 : Gards- og ættesoga Syse-Vallavik

Ulvik - Syse.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Daniel Anfindsen giftet seg i Luster i 1739 med Mari Ingebrigtsdatter. Forloveren til Daniel ser ut til å være en Tollef Hagenes:

 

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Gaupne, Fortun, Nes i Luster, Ministerialbok nr. A 1 (1731-1803), Viede 1740, Side 148
Permanent bilde-ID: kb20070511680377
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070511680377
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-kb20070511680377.jpg 
Jeg ser på bokhylla at Daniel døde i 1751. Og dette er jo et sidespor. Men siden Daniel havnet i Luster, så er det vel ikke helt umulig at broren også havnet der. I så fall var Tollef en godt voksen mann da han ble far til Dorhea (Dordei?) og Anna, sistnevnte født så seint som i 1788 (= 77 år gammel). Kona Sigri/Siri må da ha vært 34 år yngre enn ektemannen. Men ingenting er umulig.... Ser også at det er et sprang på hele 16 år mellom de to søstrene Dorthea og Anna. 

 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye interessante meldingar!

 

Eg ser at bygdeboki for Ulvik manglar opplysningar om både Daniel og Tollef, so eg trur me kan nesten sikkert slå fast at ikkje berre Daniel, men ogso Tollef flytte til Luster.  Kva tid Tollef kom hit, er svært so usikkert.  Eg ser han ikkje i ekstraskatten frå 1762, men kanskje var han i Bergen, eller heime i Ulvik, for alt me veit...  Dei hadde sikkert ei sag i Ulvik ogso der Tollef kunne arbeida...?  Den Tollef Hagenæs som var forlovar for Daniel i 1739, var naboen i Luster Tollef Hermundson Hagenæs (1671-1761) og ingen slektning!

 

Når det gjeld den «uektefødde» Peder Tollefson fødd i 1769, so var nok Tollef Anfindson far hans.  Peder og mori Synneva høyrer forresten til ei anna spennande ætt frå Luster, som eg vil ta opp som eige tema:

 

«Halvor Pederson (1731-1782) og Synneva Pedersdotter (1742-    ), søsken frå Hafslo via Luster til Lom - huslydane deira?»

 

Etter dette kan me vel sjå på «problemet Tollef Anfindson» som løyst, bortsett ifrå at livslaupet hans før han kom til Luster i 1760-åri hadde vore interessant...!?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand, Grethe, med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.