Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Sjur Pederson og Ragnhild Pedersdotter - busette på Holmestad i Luster 1804 - var dei frå Vågå/Lom? - opphav og lagnad?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Sjur Pederson og Ragnhild Pedersdotter fekk ein einaste son i Luster:

 

Ole Sjurson, døypt i Luster 19.8.1804: https://media.digitalarkivet.no/view/11590/10

 

So forsvinn dei like brått som dei er komne!

 

Etter litt leiting hjå FamilySearch kan det sjå ut som om dei same foreldri, Ragnhild Pedersdotter Grasdalen og Syver Pederson Sandvigen frå Vågå, fekk ein son Ole døypt «uekte» i Lom 10.12.1780: https://media.digitalarkivet.no/view/9241/65

 

Og her gifte dette parfolket seg i Vågå 15.11.1784: https://media.digitalarkivet.no/view/9247/134

 

MEN, eg kan ikkje sjå noko til dette parfolket i FT1801 korkje i Lom, Vågå eller Luster!  Kvar kan dei ha butt?  Og hadde dei fleire born?

 

Og kvar vart det av dei etter 1804??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne saki som har lege «urøyrd» sidan eg la ho ut for elleve dagar sidan.

 

Kanskje er dette for vanskeleg å finna ut av utan ekspertise frå Lom/Vågå?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per S. Nestande

Dette bringer deg ikkje vidare, men til orientering finn eg ikkje Ragnhild og Syver nemnt korkje under Grasdalen eller Sandviki i band 2 av bygdeboka for Lom.

 

Med helsing

 

Per

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Per for ny kommentar.

 

Då kan eg nemna at eg alt har sendt denne saki over til bygdebokskrivar Arnfinn Kjelland og likeins til Atle Brandsar, so får me sjå om nokon av dei greier dette...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Atle Brandsar

Ragnhild og den "uekte" sonen Ola er nemnde under Grindstugu i band 1 av bygdaboka: http://www.nb.no/nbsok/nb/0ab2f10f7319de73df0b9e38f4ebdb2e?index=1#313 

 

...her står det att litt arbeid for å finne ut kor Ola og Ragnhild kom ifrå (og om det fanst fleire Ragnhilder...for denne ser ut til å leva saman med Ola Johannesson i Lom, utan ein svipptur til Lyster). 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Atle for siste meldingi i dette emnet!

 

Herifrå Tyskland får eg ikkje òpna den boksidi som du syner til, men utifrå det du seier, KAN det høyrest ut som me talar om to ulike Ragnhild'er?  Det høyrest ut som det er denne Ragnhild som i 1801 budde på Lyngved austre, du syner til i innlegget ditt:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058251001165

 

Men det kan vel ikkje vera ho som i 1784 gifte seg i Vågå med Syver Pederson?

 

Merkeleg huslyd dette...  Kvar kan dei ha vore?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om Ragnhild, Syver og son deira!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.