Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Britha «Birgitte» Torbjørnsdotter - fødd i Luster kring 1696 - gift i Fredrikstad 1730 med skreddar Morten Olsen - budde framleis der i 1740, men kvar vart det av dei? - huslyden deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet freista eg første gongen i Brukarforum for 15 år sidan, i det gamle Brukarforum som # 9217:

 

 

 

men utan resultat den gongen.  Kanskje er det i mellomtidi komme til nye brukarar som kan kasta eit blikk på denne saki?  Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Britha Torbjørnsdotter (Forthun), f. i Luster kring 1696, tente på Kroken i Luster i 1717,

Birgitte Torbjørnsdotter flytte, truleg ein gong i 1720‑åri, til Fredrikshald, og ho gifte seg i Fredrikstad 31.8.1730 med Morten Olsen frå

 

##### (opphavet hans?)

 

Han var son av

 

##### (foreldri hans?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans?)

 

Morten var i 1730 soldat i kaptein Jurvitz' kompani, men skal sidan ha vore skreddar

 

##### (lagnaden deira? – budde framleis i Fredrikstad i 1740)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Me kjenner til ei dotter etter dei:

 

##### (hadde dei kan henda fleire born?)

 

a. Kirstine Marie Mortensdotter, døypt i Fredrikstad 15.9.1730,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det hadde vore kjempeflott om nokon greidde å finna ut kvar det vart av denne huslyden, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

I hvilket skifte er Morten og Brita/Birgitte nevnt bosatt i Fredrikstad?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!

 

Opplysningi kjem frå skiftet etter halvsøsteri Synneva Torbjørnsdotter som døydde på Hovden under Holmestad i Luster i 1740, sjå nest nedste innførsli på høgre side:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/24136/219?indexing=

 

Eg vonar verkeleg det let seg gjera finna ut noko meir..., og takkar igjen so mykje for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Legger for ordens skyld inn skiftet fra fylkesarkivets sider:

 

Namn arvtakar: Synneve, Torbiørnsdtr 
Gard: Holmestad, nr.:2
Husmannsplass: Hovden
Yrke: Dannekone
Skipreide: Luster
Protokoll/side: 5a-222
Datering: 1735-1741
Dato: 27.10.1740
Eiga: 207 Dalar, 2 ort, 4 skilling
Gjeld: 38 Dalar, 2 ort, 8 skilling
Netto: 168 Dalar, 5 ort, 12 skilling
Merknad: Yrke: Huusmandskone
Personar i skiftet :
(1) Knud Torbiørnsen Død Bror
(2) Ole Knudsen 22 Aar Brorsøn
(3) Aagaate Knudsdatter Brordatter
(4) Margrete Knudsdatter Brordatter
(5) Ingeborg Torbiørnsdatter Søster
(6) Aagaate Torbiørnsdatter Halvsøster
(7) Astrie Torbiørnsdatter Halvsøster
(8) Berete Torbiørnsdatter Halvsøster
(9) Morten Olsen Fredrichstad Gift med Berete

(10) Christi dy Torbiørnsdatter Halvsøster
(11) Boets gjeld Kreditor
(12) Mons Eye Debitor
(13) Johannes Berge Gift med Ingebor
(14) Ole Halversen Berge Debitor
(15) Jens Knudsen Boelstad Debitor
(16) Torbiørn Bringe Gift med Aagaate
(17) Johannes Torbiørnsen Fortun Halvsøster
(18) Find Fortun Gift med Christi dy
(19) Find Fortun Debitor
(20) Johannes Fortun Debitor
(21) Arent Christophersen Rein Tilstede for Johanne
(22) Tommes Halversen Reusen ? Gift med Christi
(23) Erich Svensøe Debitor
(24) Hans Øfreschaar Gift med Astrie
(25) Ole Pedersen Steig Enkemanden
(26) Jens Øyen Debitor
(27) Ole Fortun Debitor
(28) Jens Knudsen Boelstad Brorsøn
(29) Johannes Berge Debitor
(30) Christi Torbiørnsdatter Halvsøster
(31) Paul Holmestad Debitor
(32) Arent Christophersen Rein Formynder for Berete
(33) Erich Schagen Debitor
(34) Ole Halversen Berge Gift med aagaate
(35) Torbiørn Knudsen 19 Aar Brorsøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Grethe for innleggjingi av dette skiftet frå 1743, som syner til Britha Torbjørnsdoter i Fredrikstad!

 

Skiftet provar at det er «vår» Britha som budde i Fredrikstad, men diverre får me ikkje vita noko om kvifor Britha flytte dit eller kva slekt ho eventuelt har etter seg der borte...

 

MEN, eg vil gjerne få leggja til følgjande, som KAN ha ein viss interesse:

 

Britha hadde ei moster Johanna Johannesdotter, fødd på Fortun i Luster kring 1635.  Denne Johanna var visstnok gift med Antonius Monsson frå Eide i Luster, ein soneson av borgarmeister Antonius Knutson (Wincke) i Oslo.  Antonius og Johanna ser ut til å vera flytte frå Luster, og med ættesambandet som Antonius hadde til Austlandet (brørne Johan Teiste og Bertel Monsson budde båe nær Oslo (Christiania)), er det ikkje urimeleg å tenkja seg at Antonius og Johanna òg kan ha hamna der?  Johanna levde som enkje i 1679, men ho kan godt ha levd til lenge etter hundreårsskiftet, og kanskje Britha flytte inn hjå denne mosteri då ho flytte austafjells?

 

Kjeldetilfanget frå den tidi er diverre ganske so «tunt», men ein vet jo aldri...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om huslyden til Britha Torbjørnsdotter og vonar at nokon greier finna ut litt meir...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet der eg meiner eg kan ha gjort minst ei spennande oppdaging sidan sist:

 

Den einaste kjende dotteri til Britha «Birgitte» Torbjørnsdotter og mannen Morten Olson var Kirstine Marie, døypt i Fredrikstad 15.9.1730.

 

No ser eg av FamilySearch at:

 

* Kirstine Mortensdotter og mannen Gjert Pederson får ei dotter:

 

** Berthe Marie Gjertsdotter, døypt i Glemmen 12.9.1751: https://media.digitalarkivet.no/view/7452/91

 

Me har ogso ei:

 

* Kirsten Mortensdotter som gifte seg i Tune 1.3.1763 med ein Hans Larsson.  Dei fekk i alle fall ei dotter:

 

** Elen Hansdotter, døypt i Tune 5.8.1764: https://media.digitalarkivet.no/view/7493/17

 

Eg likte særleg godt den første av desse «kandidatane»; Berthe Marie kan godt vera ei oppkalling av «gamle Britha/Birgitte», men det ser ut som om kyrkjebøkene for Glemmen er noko «amputerte» på den tidi, og eg finn ingen andre referansar til dette parfolket!

 

No vonar eg sjølvsagt på at ein eller annan dreg kjensel på desse namni...?  Glemmen er jo ikkje so langt frå Fredrikstad...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.