Gå til innhold
Arkivverket

Dåp i Meldal 1692


Håvard Moe
 Del

Recommended Posts

Eg lurer fælt på om nokon klarer å hjelpe med denne:

 

I Meldal kyrkje, Dn. Oculi 1692 (øverste linjer på høgre side): "Bap. Ifr(?) Jemptis Christen og Sverche Ambiøns(?) Erik"

 

Det er Sverker sitt etternamn/farsnamn eg er ute etter. Er det Ambiørnsen, eller er det eit stedsnamn - kan vel òg slutte på "-kiøns"? ("Lomkiøns"?)

 

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Sør-Trøndelag, 672/L0848: Ministerialbok nr. 672A01, 1682-1698
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070906680440

 

 

Endret av Håvard Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg les det som to dåpar.

Den første er "Jhs. Jemptis Christen"  altså dåpsbarn Christen og far Jhs (truleg Johannes) Jempt.

Den andre er verre....  At barnet heiter Erik er greitt nok, og at faren heiter Sverker til førenamn er nesten like greit.

Slutten på etternamnet les eg som "-mbiøns"; det kan vere "-mbiørs", men det er ingen k her.  Etter mønsteret elles,

burde -s-en vere ein genitiv.

Frøste bokstav er anten ein svært open A ("Ambiøns"), eller så er det ein C ("Combiøns").  Kva meining noko av dette skulle

gje, er litt uvisst. Meldal var vel eit gruvesamfunn - og då er det ikkje opplagt at alle namn følgjer "norske" reglar.

 

Då kom eg vel om lag like langt som du var komen...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det i det minste greitt å sjå at andre kjem til omtrent det same. Dette er nok folk knytta til verksdrifta i Meldal, og kan såleis godt vere innflytta med andre namneskikkar, men det er ikkje godt å seie. Eg har ikkje registrert nokon Ambiøn (eller Combiøn el.l) i Meldal på denne tida, sjekka m.a. mot ei mannskapsliste frå verket i 1680-åra og 1701-tellinga...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.