Håvard Moe Skrevet April 4, 2017 Del Skrevet April 4, 2017 (endret) Eg lurer fælt på om nokon klarer å hjelpe med denne: I Meldal kyrkje, Dn. Oculi 1692 (øverste linjer på høgre side): "Bap. Ifr(?) Jemptis Christen og Sverche Ambiøns(?) Erik" Det er Sverker sitt etternamn/farsnamn eg er ute etter. Er det Ambiørnsen, eller er det eit stedsnamn - kan vel òg slutte på "-kiøns"? ("Lomkiøns"?) SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Sør-Trøndelag, 672/L0848: Ministerialbok nr. 672A01, 1682-1698 Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070906680440 Endret April 4, 2017 av Håvard Moe Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet April 5, 2017 Del Skrevet April 5, 2017 Eg les det som to dåpar. Den første er "Jhs. Jemptis Christen" altså dåpsbarn Christen og far Jhs (truleg Johannes) Jempt. Den andre er verre.... At barnet heiter Erik er greitt nok, og at faren heiter Sverker til førenamn er nesten like greit. Slutten på etternamnet les eg som "-mbiøns"; det kan vere "-mbiørs", men det er ingen k her. Etter mønsteret elles, burde -s-en vere ein genitiv. Frøste bokstav er anten ein svært open A ("Ambiøns"), eller så er det ein C ("Combiøns"). Kva meining noko av dette skulle gje, er litt uvisst. Meldal var vel eit gruvesamfunn - og då er det ikkje opplagt at alle namn følgjer "norske" reglar. Då kom eg vel om lag like langt som du var komen... Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Håvard Moe Skrevet April 7, 2017 Forfatter Del Skrevet April 7, 2017 Det i det minste greitt å sjå at andre kjem til omtrent det same. Dette er nok folk knytta til verksdrifta i Meldal, og kan såleis godt vere innflytta med andre namneskikkar, men det er ikkje godt å seie. Eg har ikkje registrert nokon Ambiøn (eller Combiøn el.l) i Meldal på denne tida, sjekka m.a. mot ei mannskapsliste frå verket i 1680-åra og 1701-tellinga... Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå