Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Øyanes påskenøtt 2017 #4 - Gjertrud Ingvaldsdotter (1833- ) - frå Luster - gift med matros Peter Olai Trondson frå Alvøen (1828- ) - forsvinn kring 1860 med to born - kvar vart det av dei?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

For ei tid sidan presenterte eg dette emnet i Brukarforum:

 

 

der ei ung jente frå Luster, Dorthea Johannesdotter (1832-1914), gifte seg med Ole Andreas, kjend som Andreas Trondsen (1830-1909) frå Alvøen.  No er eg vorten merksam på at Andreas Trondsen hadde ein bror Peter Olai Trondsen (1828-    ) som gifte seg med ei anna jente frå Luster, Gjertrud Ingvaldsdotter (1833-    ), men dette parfolket forsvinn frå Bergen kring 1860 utan å setja synlege spor etter seg nokon stad, i alle fall ikkje i dei kjeldene som eg har sjekka so langt!  So no vonar eg på hjelp frå Brukarforum under denne påskenøtti!

 

Her følgjer manuskriptet mitt pr. dags dato;

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Gjertrud Ingvaldsdotter (Hauge), f. i Luster 24.7.1833.

Gjertrud Ingvaldsdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 14.1.1859 gifte seg med Peter Olai Trondsen frå Alvøen.  Han var son av paktar og fabrikkarbeidar Trond Olson på Grønnestølen under Alvøen, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – Vågå 1790?)

 

og kona Anna Malena Olsdotter frå Alvøen og f. på Askøy 28.4.1828.  Peter Trondsen var matros, og han og Gjertrud budde ei kort tid i Tyskesmuget og i Trangesmuget i Bergen, men

 

##### (forsvinn frå Bergen kring 1860 – kvar vart det av dei?? – kan henda til Amerika?)

 

Me kjenner til to born etter dei:

 

##### (fleire born?)

 

a. Anne Malene Petersdotter Trondsen, f. i Bergen 12.11.1857,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

b. Peter Ingvald Peterson Trondsen, f. i Bergen 5.9.1859,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og ønskjer dykk alle nok ein gong ein God Påske!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

 

 


 

 

Peter Olaj Tronsen

Norway Baptisms, 1634-1927

birth:
28 April 1828
 
christening:
18 May 1828
, ASKOY, HORDALAND, NORWAY
residence:
1828
Askøy, Hordaland, Norway
father:
Thron Olsen
mother:
Ane Malene Olsdr

 

----

 

Peter Olai Thronsen

Norway Marriages, 1660-1926

marriage:
14 January 1859
Nykirken, Bergen, Hordaland, Norway
spouse:
Gertrud Ingvaldsen Lovold

 

----

 

 

Anne Malene Peder Olaisdatter

Norway Baptisms, 1634-1927

christening:
6 December 1857
Nykirken, Bergen, Bergen, Norway
residence:
 
Bergen, Bergen, Norway
father:
Peder Olai Thronsen
mother:
Gjertrud Ingvaldsen

 

----

Peter Ingvald Peter Olaisen

Norway Baptisms, 1634-1927

christening:
30 October 1859
Nykirken, Bergen, Bergen, Norway
residence:
 
Bergen, Bergen, Norway
father:
Peter Olai Thronsen
mother:
Gjertrud Ingvaldsdatter

 

----

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for ei presisering av detaljane om denne huslyden.

 

So er det berre å vona at ein eller annan dreg kjensel på huslyden og kan hjelpa oss vidare med lagnadane deira.

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi med denne huslyden og fortsett God Påske!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Nina Karlsen

Denne matcher jo forsåvidt, hun har født 4 barn, 2 lever fortsatt:

Name

Gertrude Tronson
Event Type Census
Event Date 1910
Event Place Cato, Manitowoc, Wisconsin, United States
Gender Female
Age 78
Marital Status Widowed
Race White
Race (Original) White
Relationship to Head of Household Housekeeper
Relationship to Head of Household (Original) Housekeeper
Birth Year (Estimated) 1832
Birthplace Norway
Immigration Year 1860
Father's Birthplace Norway
Mother's Birthplace Norway

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ottar Eliassen

Hei.

11 barn i denne flokken, men  Petter Olai har jeg som død i 1839 i et gammelt notat?

Min oldemor Thorine er en av dem.

Har nettopp begynt å se på disse igjen, så dette passet godt.

 

mvh Ottar

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Nina og Ottar for nye interessante opplysningar!

 

Denne Gertrude Tronson frå Manitowoc Co., WI ser jo spennande ut!  Alder og utvandringsår stemmer jo heilt perfekt!

 

Eg finn ho att i FT1900, då som fødd i august 1831 og med utvandringsår 1857.  MEN ho er gift med Ole Tronson, fødd i Noreg oktober 1833 og utvandra 1863.  Ho var mor til fire born, derav tre i live, men ho hadde ikkje vore gift med Ole i meir enn 21 år!!

 

https://www.ancestry.com/interactive/7602/004119953_00039?pid=63534166&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26db%3D1900usfedcen%26h%3D63534166%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DcMY6382%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26rhSource%3D60525&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=cMY6382&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Og her fann eg ein obituary for ho:

 

«GERTRUDE THRONSON
VALDERS PIONEER DIED
Mrs. Throndson Brought Here Three Weeks Ago, Died Saturday Mrs. Gertrude Throndson, widow of the late Ole Throndson and a pioneer of Valders, died at the home of her daughter, Mrs. William Abel in this city Saturday night after an illness of several weeks, during the last three weeks of which life has hung tremblingly in the balance of the time. Mrs. Throndson was 79 years of age and had resided at Valders for forty years. Mr. Throndson died last fall and Mrs. Throndson had made her home at Valders up to three weeks ago when she was brought to the city.
Mrs. Throndson is survived by two daughters, Mrs. Abel of this city and Mrs. Ella Jacobson of Chicago. The funeral will be held from the Abel home at ten tomorrow morning and the body will be taken to Valders for burial with services at the Valders church.
Manitowoc Daily Herald - Monday, May, 23, 1910 - page 1»

 

Men so lenge som mannen ikkje ser ut til å stemma, er det vel eit stort spørmål om det verkeleg er ho?

 

Gravstøttene:

Gertrude Thronson 1833-1910

Ole Thronson 1833-1909

 

FT1900 syner at William Abel var gift med Ida, fødd i Wisconsin november 1861 av norske foreldre, og då son deira Albert Abel gifte seg i Glendive, MT i 1916, er mori sitt jentenamn oppgjeve som Ida JENSEN, so då er nok dette eit «blindskòt»...  Denne Gjertrud hadde openberrt først vore gift med ein Jensen...

 

Eg takkar igjen for framifrå innsats for å løysa denne utfordringi og vonar på nye «gullkorn»...  Framleis God Påske!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne for eit svært interessant innlegg!

 

Desse to pleieborni som i 1865 budde hjå Jens Andreas Falch og kona Ingrid i Bergen, ser unekteleg svært so «mistenkelege» ut.  Men dersom dei var pleieborn, bør dei vel òg finnast i registeri til fattigvesenet?

 

Jens Andreas Erikson Falch var fødd i Sogndal 18.11.1823 og gifte seg i Sogndal 26.5.1847 med Ingrid Pedersdotter Lavold, fødd i Luster 7.5.1824.  Jens hadde som jekteskippar butt fleire stadar.  Soleis veit me at dei alt i 1847 flytte til Bergen, men i desember 1849 flytte dei til Luster frå Lavik!  Dei hadde ei dotter:

 

* Elen Jensdotter Falch, sidan kjend som Ellen Christine Falch, fødd i Luster 21.6.1847, men ho skal ha utvandra til Amerika alt kring 1863 og gifte seg i Wisconsin 14.2.1865 med Gulbrand «Gilbert» Anderson frå Norderhov.  Dei busette seg i Whitewater, Walworth Co., WI og fekk sju born i lag.

 

I 1865 var so Jens Andreas Falch, stadig jekteskippar, og kona Ingrid på ny i Bergen med dei to fosterborni, adresse 9. rode 39, 40.  i juni 1874 reiste Jens og Ingrid Falch til Amerika, truleg for å vitja dotteri.  Jens er då kalla herbergerer: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000657117 og https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000657118

 

Men alt ved FT1875 er dei attende i Bergen, då igjen som skippar, på same adresse i 9. rode 39,40, men ikkje noko å sjå til pleieborni...: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052295010783

 

Eg ser dei ikkje i 1885, men Jens Falch døydde 14.9.1887 og er då kalla hotellvert i 9. rode 39.40: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000856546

 

Eg fann ut eg ville sjekka konfirmantane både i Domkyrkja og i Nykyrkja, men fann ikkje spor etter dotteri Anna Malene (1871-1875)!

 

So, eg står framleis ganske «bom fast» når det gjeld lagnaden til Gjertrud, Peter Olai og dei to borni!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden og ønskjer ein vidare God Påske!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil gjerne i sommarvarmen gjerne få henta fram att denne påskenøtta, som eg framleis står «bom fast» på!

 

Eg trur det må vera dei to borni til Peter Olai Trondson og Gjertrud Ingvaldsdotter som i 1865 var fosterborn hjå Jens og Ingrid Falch i Bergen (jmf. innlegg #7), men kvar kan det sidan ha vorte av dei?  Burde ikkje fosterborn «normalt» setja spor etter seg i offentlege register - fattigprotokollar eller liknande?

 

Og kvar vart det av foreldri?  Dei synest vera som «sokke i jordi»...!

 

Eg takkar endå ein gong for alle gode tips om denne huslyden og lever i voni om at dei vil komma til rettes, ein eller annan stad...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Det er vel om lag eit halvt år til påske, og eg ønskjer i kveld å henta fram att denne utfordringi frå sist påske.

 

Det er framleis eit stort mysterium kvar det vart av Peter Olai Trondson og Gjertrud Ingvaldsdotter og dei to borni deira, jmf. særleg innlegg #1 og innlegg #7 ovanfor!  Og eg reiser på ny spørsmålet frå innlegg #9 om ikkje denne huslyden burde dukka opp i offentlege kjelder i Bergen - til dømes hjå fattigvesenet?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Det nærmer seg påske på ny, og eg vil gjerne nytta høvet til å henta fram att dette emnet som diverre har lege «i dvale» ei lang tid.

 

Utgongspnktet er innlegg #1 ovanfor, Peter Olai Trondson og kona Gjertrud Ingvaldsdotter, som fekk to born i Bergen, Anna Malene i 1857 og Peter Ingvald i 1859.  So «forsvinn» foreldri, men i FT1865 (jmf. innlegg #7 over) dukkar dei to borni opp som pleieborn hjå Jens Andreas Falch og Ingrid Pedersdotter i Bergen.  Falch-huslyden er omskriven i innlegg #8 over, men utan at me kjem noko nærare utfordringi med Peter Olai, Gjertrud og dei to borni deira!

 

Dei kan no vel ikkje berre «forsvinna» som «dogg for soli»!?

 

Diverre ligg ikkje FT1870 for Bergen ute på nettet, so me får ikkje sjekka om Anna Malene og Peter Ingvald då framleis var fosterborn hjå Jens Andreas og Ingrid Falch, og FT1875 kan eg ikkje sjå noko til dei to borni!

 

Eg ville verta svært takknemlig om nokon greidde å finna lagnaden til denne utfordrande huslyden og takkar nok ein gong for framifrå bistand i denne saki!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har i dag fått svar frå Arkivverket med utdrag av FT1870 for Bergen, og kan berre slå fast; det er IKKJE noko å sjå til dei to pleieborni som i 1865 budde hjå Jens Andreas Falk og kona Ingrid i Bergen:

 

* Anna Malene Petersen (Trondsen), fødd i Bergen 12.11.1857

 

* Peter Ingvald Petersen (Trondsen), fødd i Bergen 5.9.1859

 

Dette tyder at dei to borni vert borte mellom 1865 og 1870, på same vis som foreldri deira, Peder Olai Trondson og Gjertrud Ingvaldsdotter, forsvinn mellom 1859 og 1865!

 

Det er ei kjempegåte kvar det kan ha vorte av denne huslyden.

 

** Kan dei ha vore innom fattigvesenet?

 

** Kan foreldri ha forulukka ein eller annan stad?

 

Alle gode tips vert mottekne med òpne armar og stor takksemd!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.