Gå til innhold
Arkivverket

Øyanes påskenøtt 2017 #4 - Gjertrud Ingvaldsdotter (1833- ) - frå Luster - gift med matros Peter Olai Trondson frå Alvøen (1828- ) - forsvinn kring 1860 med to born - kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

For ei tid sidan presenterte eg dette emnet i Brukarforum:

 

 

der ei ung jente frå Luster, Dorthea Johannesdotter (1832-1914), gifte seg med Ole Andreas, kjend som Andreas Trondsen (1830-1909) frå Alvøen.  No er eg vorten merksam på at Andreas Trondsen hadde ein bror Peter Olai Trondsen (1828-    ) som gifte seg med ei anna jente frå Luster, Gjertrud Ingvaldsdotter (1833-    ), men dette parfolket forsvinn frå Bergen kring 1860 utan å setja synlege spor etter seg nokon stad, i alle fall ikkje i dei kjeldene som eg har sjekka so langt!  So no vonar eg på hjelp frå Brukarforum under denne påskenøtti!

 

Her følgjer manuskriptet mitt pr. dags dato;

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Gjertrud Ingvaldsdotter (Hauge), f. i Luster 24.7.1833.

Gjertrud Ingvaldsdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 14.1.1859 gifte seg med Peter Olai Trondsen frå Alvøen.  Han var son av paktar og fabrikkarbeidar Trond Olson på Grønnestølen under Alvøen, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – Vågå 1790?)

 

og kona Anna Malena Olsdotter frå Alvøen og f. på Askøy 28.4.1828.  Peter Trondsen var matros, og han og Gjertrud budde ei kort tid i Tyskesmuget og i Trangesmuget i Bergen, men

 

##### (forsvinn frå Bergen kring 1860 – kvar vart det av dei?? – kan henda til Amerika?)

 

Me kjenner til to born etter dei:

 

##### (fleire born?)

 

a. Anne Malene Petersdotter Trondsen, f. i Bergen 12.11.1857,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

b. Peter Ingvald Peterson Trondsen, f. i Bergen 5.9.1859,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og ønskjer dykk alle nok ein gong ein God Påske!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

 


 

 

Peter Olaj Tronsen

Norway Baptisms, 1634-1927

birth:
28 April 1828
 
christening:
18 May 1828
, ASKOY, HORDALAND, NORWAY
residence:
1828
Askøy, Hordaland, Norway
father:
Thron Olsen
mother:
Ane Malene Olsdr

 

----

 

Peter Olai Thronsen

Norway Marriages, 1660-1926

marriage:
14 January 1859
Nykirken, Bergen, Hordaland, Norway
spouse:
Gertrud Ingvaldsen Lovold

 

----

 

 

Anne Malene Peder Olaisdatter

Norway Baptisms, 1634-1927

christening:
6 December 1857
Nykirken, Bergen, Bergen, Norway
residence:
 
Bergen, Bergen, Norway
father:
Peder Olai Thronsen
mother:
Gjertrud Ingvaldsen

 

----

Peter Ingvald Peter Olaisen

Norway Baptisms, 1634-1927

christening:
30 October 1859
Nykirken, Bergen, Bergen, Norway
residence:
 
Bergen, Bergen, Norway
father:
Peter Olai Thronsen
mother:
Gjertrud Ingvaldsdatter

 

----

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for ei presisering av detaljane om denne huslyden.

 

So er det berre å vona at ein eller annan dreg kjensel på huslyden og kan hjelpa oss vidare med lagnadane deira.

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi med denne huslyden og fortsett God Påske!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne matcher jo forsåvidt, hun har født 4 barn, 2 lever fortsatt:

Name

Gertrude Tronson
Event Type Census
Event Date 1910
Event Place Cato, Manitowoc, Wisconsin, United States
Gender Female
Age 78
Marital Status Widowed
Race White
Race (Original) White
Relationship to Head of Household Housekeeper
Relationship to Head of Household (Original) Housekeeper
Birth Year (Estimated) 1832
Birthplace Norway
Immigration Year 1860
Father's Birthplace Norway
Mother's Birthplace Norway
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei.

11 barn i denne flokken, men  Petter Olai har jeg som død i 1839 i et gammelt notat?

Min oldemor Thorine er en av dem.

Har nettopp begynt å se på disse igjen, så dette passet godt.

 

mvh Ottar

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Nina og Ottar for nye interessante opplysningar!

 

Denne Gertrude Tronson frå Manitowoc Co., WI ser jo spennande ut!  Alder og utvandringsår stemmer jo heilt perfekt!

 

Eg finn ho att i FT1900, då som fødd i august 1831 og med utvandringsår 1857.  MEN ho er gift med Ole Tronson, fødd i Noreg oktober 1833 og utvandra 1863.  Ho var mor til fire born, derav tre i live, men ho hadde ikkje vore gift med Ole i meir enn 21 år!!

 

https://www.ancestry.com/interactive/7602/004119953_00039?pid=63534166&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26db%3D1900usfedcen%26h%3D63534166%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DcMY6382%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26rhSource%3D60525&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=cMY6382&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Og her fann eg ein obituary for ho:

 

«GERTRUDE THRONSON
VALDERS PIONEER DIED
Mrs. Throndson Brought Here Three Weeks Ago, Died Saturday Mrs. Gertrude Throndson, widow of the late Ole Throndson and a pioneer of Valders, died at the home of her daughter, Mrs. William Abel in this city Saturday night after an illness of several weeks, during the last three weeks of which life has hung tremblingly in the balance of the time. Mrs. Throndson was 79 years of age and had resided at Valders for forty years. Mr. Throndson died last fall and Mrs. Throndson had made her home at Valders up to three weeks ago when she was brought to the city.
Mrs. Throndson is survived by two daughters, Mrs. Abel of this city and Mrs. Ella Jacobson of Chicago. The funeral will be held from the Abel home at ten tomorrow morning and the body will be taken to Valders for burial with services at the Valders church.
Manitowoc Daily Herald - Monday, May, 23, 1910 - page 1»

 

Men so lenge som mannen ikkje ser ut til å stemma, er det vel eit stort spørmål om det verkeleg er ho?

 

Gravstøttene:

Gertrude Thronson 1833-1910

Ole Thronson 1833-1909

 

FT1900 syner at William Abel var gift med Ida, fødd i Wisconsin november 1861 av norske foreldre, og då son deira Albert Abel gifte seg i Glendive, MT i 1916, er mori sitt jentenamn oppgjeve som Ida JENSEN, so då er nok dette eit «blindskòt»...  Denne Gjertrud hadde openberrt først vore gift med ein Jensen...

 

Eg takkar igjen for framifrå innsats for å løysa denne utfordringi og vonar på nye «gullkorn»...  Framleis God Påske!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne for eit svært interessant innlegg!

 

Desse to pleieborni som i 1865 budde hjå Jens Andreas Falch og kona Ingrid i Bergen, ser unekteleg svært so «mistenkelege» ut.  Men dersom dei var pleieborn, bør dei vel òg finnast i registeri til fattigvesenet?

 

Jens Andreas Erikson Falch var fødd i Sogndal 18.11.1823 og gifte seg i Sogndal 26.5.1847 med Ingrid Pedersdotter Lavold, fødd i Luster 7.5.1824.  Jens hadde som jekteskippar butt fleire stadar.  Soleis veit me at dei alt i 1847 flytte til Bergen, men i desember 1849 flytte dei til Luster frå Lavik!  Dei hadde ei dotter:

 

* Elen Jensdotter Falch, sidan kjend som Ellen Christine Falch, fødd i Luster 21.6.1847, men ho skal ha utvandra til Amerika alt kring 1863 og gifte seg i Wisconsin 14.2.1865 med Gulbrand «Gilbert» Anderson frå Norderhov.  Dei busette seg i Whitewater, Walworth Co., WI og fekk sju born i lag.

 

I 1865 var so Jens Andreas Falch, stadig jekteskippar, og kona Ingrid på ny i Bergen med dei to fosterborni, adresse 9. rode 39, 40.  i juni 1874 reiste Jens og Ingrid Falch til Amerika, truleg for å vitja dotteri.  Jens er då kalla herbergerer: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000657117 og https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000657118

 

Men alt ved FT1875 er dei attende i Bergen, då igjen som skippar, på same adresse i 9. rode 39,40, men ikkje noko å sjå til pleieborni...: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052295010783

 

Eg ser dei ikkje i 1885, men Jens Falch døydde 14.9.1887 og er då kalla hotellvert i 9. rode 39.40: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000856546

 

Eg fann ut eg ville sjekka konfirmantane både i Domkyrkja og i Nykyrkja, men fann ikkje spor etter dotteri Anna Malene (1871-1875)!

 

So, eg står framleis ganske «bom fast» når det gjeld lagnaden til Gjertrud, Peter Olai og dei to borni!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden og ønskjer ein vidare God Påske!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Eg vil gjerne i sommarvarmen gjerne få henta fram att denne påskenøtta, som eg framleis står «bom fast» på!

 

Eg trur det må vera dei to borni til Peter Olai Trondson og Gjertrud Ingvaldsdotter som i 1865 var fosterborn hjå Jens og Ingrid Falch i Bergen (jmf. innlegg #7), men kvar kan det sidan ha vorte av dei?  Burde ikkje fosterborn «normalt» setja spor etter seg i offentlege register - fattigprotokollar eller liknande?

 

Og kvar vart det av foreldri?  Dei synest vera som «sokke i jordi»...!

 

Eg takkar endå ein gong for alle gode tips om denne huslyden og lever i voni om at dei vil komma til rettes, ein eller annan stad...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Det er vel om lag eit halvt år til påske, og eg ønskjer i kveld å henta fram att denne utfordringi frå sist påske.

 

Det er framleis eit stort mysterium kvar det vart av Peter Olai Trondson og Gjertrud Ingvaldsdotter og dei to borni deira, jmf. særleg innlegg #1 og innlegg #7 ovanfor!  Og eg reiser på ny spørsmålet frå innlegg #9 om ikkje denne huslyden burde dukka opp i offentlege kjelder i Bergen - til dømes hjå fattigvesenet?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...

Det nærmer seg påske på ny, og eg vil gjerne nytta høvet til å henta fram att dette emnet som diverre har lege «i dvale» ei lang tid.

 

Utgongspnktet er innlegg #1 ovanfor, Peter Olai Trondson og kona Gjertrud Ingvaldsdotter, som fekk to born i Bergen, Anna Malene i 1857 og Peter Ingvald i 1859.  So «forsvinn» foreldri, men i FT1865 (jmf. innlegg #7 over) dukkar dei to borni opp som pleieborn hjå Jens Andreas Falch og Ingrid Pedersdotter i Bergen.  Falch-huslyden er omskriven i innlegg #8 over, men utan at me kjem noko nærare utfordringi med Peter Olai, Gjertrud og dei to borni deira!

 

Dei kan no vel ikkje berre «forsvinna» som «dogg for soli»!?

 

Diverre ligg ikkje FT1870 for Bergen ute på nettet, so me får ikkje sjekka om Anna Malene og Peter Ingvald då framleis var fosterborn hjå Jens Andreas og Ingrid Falch, og FT1875 kan eg ikkje sjå noko til dei to borni!

 

Eg ville verta svært takknemlig om nokon greidde å finna lagnaden til denne utfordrande huslyden og takkar nok ein gong for framifrå bistand i denne saki!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Eg har i dag fått svar frå Arkivverket med utdrag av FT1870 for Bergen, og kan berre slå fast; det er IKKJE noko å sjå til dei to pleieborni som i 1865 budde hjå Jens Andreas Falk og kona Ingrid i Bergen:

 

* Anna Malene Petersen (Trondsen), fødd i Bergen 12.11.1857

 

* Peter Ingvald Petersen (Trondsen), fødd i Bergen 5.9.1859

 

Dette tyder at dei to borni vert borte mellom 1865 og 1870, på same vis som foreldri deira, Peder Olai Trondson og Gjertrud Ingvaldsdotter, forsvinn mellom 1859 og 1865!

 

Det er ei kjempegåte kvar det kan ha vorte av denne huslyden.

 

** Kan dei ha vore innom fattigvesenet?

 

** Kan foreldri ha forulukka ein eller annan stad?

 

Alle gode tips vert mottekne med òpne armar og stor takksemd!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 8 måneder senere...

Hei Lars, God jul i stovo.

 

Kan Jens Andreas Falk være far til Ida f.1861. Petter Olai kan ha vært lenge vekke/"forsvunnet", men kommet tilbake.

Ser at dette er et "skudd i blinde" men familiene hadde nær kontakt, og muligheten er der.

Peter Olai er bror av min oldemor, så alt her er jeg også interessert i.

 

mvh Ottar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ottar for ei spennande og utfordrande meding!  Og God Jul ogso til deg!

 

Eg har no studert denne teorien din, men eg fryktar nok for at dette må vera eit «skòt i blinde».  Ida Jenson var fødd i Wisconsin, og mori var i Amerika alt i 1857...  Og det var andre mann hennar som heitte Thronson...

 

Eg trur me i første rekke lyt leita etter svaret på denne kjempeutfordringi i Bergen eller kan henda på Laksevåg/Askøy...  Kan Peter Olai og Gjertrud vera utsette for eit ulukkeshende?  Og kvifor vart dei to borni opptekne som fosterborn hjå Jens Andreas Falch?  Kanskje dukkar dei opp hjå fattigvesenet i Bergen?

 

Sikkert er det i alle fall at borni, Anna Malena (1857) og Peter Ingvald (1859) var borte før 1870!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei  Lars.

Godt at teorien min rauk. Eg har leita etter desse barna i Alvøen, men aldrig funne spor. Familien har vore flink til å ta vare på kvarandre, men desse søskene fine ikkje i Alvøen/Laksevåg.

 

Ha ei fortsatt  jul  Ottar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne utfordringi børjar likna på ein 10000 kroners oppgåve frå Kvitt eller dobbelt, men eit svar må jo finnas der ut ein eller annan stad!?

 

For ordens skyld gjentek eg her siste versjon av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Gjertrud Ingvaldsdotter (Hauge), f. i Luster 24.7.1833.

Gjertrud Ingvaldsdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 14.1.1859 gifte seg med Peter Olai Trondsen frå Alvøen.  Han var son av paktar og fabrikkarbeidar Trond Olson på Grønnestølen under Alvøen, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – Vågå 1790?)

 

og kona Anna Malena Olsdotter frå Alvøen og f. på Askøy 28.4.1828.  Peter Trondsen var matros, og han og Gjertrud budde ei kort tid i Tyskesmuget og i Trangesmuget i Bergen, men

 

##### (forsvinn frå Bergen kring 1860 – kvar vart det av dei?? – kan henda til Amerika eller forulukka?)

 

Me kjenner til to born etter dei:

 

##### (fleire born?)

 

a. Anne Malene Petersdotter Trondsen, f. i Bergen 12.11.1857,

 

     ##### (n 1865 fosterbarn hjå Jens og Ingrid Falk i Bergen, men borte derifrå før 1870 – lagnaden hennar?)

 

b. Peter Ingvald Peterson Trondsen, f. i Bergen 5.9.1859,

 

     ##### (n 1865 fosterbarn hjå Jens og Ingrid Falk i Bergen, men borte derifrå før 1870 – lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Det hadde vore heilt fantastisk om denne kjempeutfordringi kunne løysast, og eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å greia dette!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for eit kjempemessig innlegg!

 

Det kan vel ikkje vera mykje tvil om at dette er «vår» Gjertrud, som altso er vorti enkje innan 29.10.1860.

 

Eg har no blatt igjennom dødsmeldingsprotokollane for Bergen for heile 1859 og 1860, men eg finn ikkje dødsfallet til Peter Olai Trondsen innført der, men når ein ser på namnet til yngste sonen Peter Ingvald, er det jo eit spørsmål om ikkje han er oppkalla etter far sin og at faren var borte alt då!?

 

Kan det finnast sjømannsrullar som har fleire opplysningar om Peter Olai?  Eg vil leggja ut eit eige tema om dette...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars-

 

Har sett på alle søsken til Peter Olai, dei som døde før han var for unge, då levde han, dei andre var gift og hadde familie. Skifte etter foreldra har ikkje svar.

Han er like vanskeleg som faren Tron Olesen.

 

mvh Ottar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er søster ti Petter Olai. Hun gifter seg i 1870 Eldste og første sønn heter Petter Olai F 1872. Har 5 barn her., men det uekte skal jeg se på.

 

mvh Ottar

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I en oversikt fra Universitetsbiblioteket i Bergen fant jeg en forhandlingsprotokoll for "Understøttelsescommissionen for uheldige Søemænd i Bergen". Kanskje det står noe der om hva som var grunnlaget for utbetalingen til Gjertrud Trondsen i 1860?

 

http://www.ub.uib.no/avdeling/spes/manuskript/ms.1-704.wiesenerkatalogen.pdf

 

375910339_Skjermbilde2018-12-26kl_20_32_42.png.71f7a7491e5d8dd4264c95fec1fe7e95.png

 

http://www.ub.uib.no/avdeling/spes/manuskript/

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ottar, Grethe og Lars W. for nye spennande innlegg!

 

Eg tykte nok òg at Anna Malena Thronsen Alvøen, som Grethe fann, var litt i yngste laget for «vår» Anna Malene til å få barn i 1868, og eg er glad for at Ottar kunne stadfesta at ho var ei søster av Peter Olai og ikkje dotteri...

 

Elles les eg innlegget til Lars W. med spesiell interesse!  Korleis finn du slike referansar, Lars?   Eg er samd med deg i at denne forhandlingsprotokollen godt kan inneholda opplysningar om Peter Olai Trondsen, men korleis kan me få innsyn i denne protokollen?  Lyt ein gå på lesesalen på Universitetsbiblioteket for sjølv å slå opp?  I so fall har eg eit problem med det, men kanskje Ottar eller andre som bur nærare har høve til å sjekka nærare?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars: Dette har stor interesse for meg,  her må me finna kor orginalen ligge.

 

Ser det er UIB-

 

 

mvh Ottar

Endret av Ottar Eliassen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.