Gå til innhold
Arkivverket

Haagen Johannesson (1776-182?) - ein frustrerande huslyd frå Luster med forgreiningar mellom Herdla, Askøy, Fjell og Sund - hjelp?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Tore, Kenneth, Oddvar og Lars W. for interessante og nyttikge ionnlegg om denne nhuslyden!

 

Litt etter litt kjem dei fleste detaljane om denne huslyden på plass, men einskilde spørsmål er tydelege svært vanskelege å finna svar på, i første rekke desse:

 

** Spørsmålet om bustaden til Haagen og Anna dei åri dei var husmannsfolk under Herlø?

 

** Lagnaden/dødsfallet til Nils Olson, fødd 1826, siste mann til Johanna Haagensdotter på Havrøy?

 

** Lagnaden/dødsfallet til Cecilia Jacobsdotter, andre kona til Peder Christopherson på Hetlevik?

 

** Lagnaden til Britha Haagensdotter, fødd 1807?

 

** Plassnamnet under Rong der Kari og Abraham budde?

 

** Og endeleg, lagnaden til den yngste Helge Haagenson, fødd 1823?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Haagen Johannesson (Notesvad), døypt i Luster 31.3.1776, vart konfirmert frå Notasva i 1790.

Haagen flytte alt i 1790‑åri til Bergenskanten og gifte seg på Herdla 7.4.1800 med Anna Dorthea Helene Olsdotter frå Skrommestad på Herdla.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Bertelson på Skrommestad, opphavleg frå Ullebust i Førde, og kona Barbro Stephensdotter frå Refsdal i Førde og vart døypt på Herdla 16.4.1780.  Haagen og Anna budde ei tid som plassfolk på

 

##### (ein plass, men kva for ein plass?)

 

under Herlø i Herdla, men flytte kring 1817 til ein plass under Solsvik i Fjell, men Haagen og svigersonen Iver Andersson kom bort på sjøen og miste livet 18.12.1826.  Anna gifte seg att i Fjell 28.6.1830 med enkjemannen Gregorius Thomasson, opphavleg frå Geitanger i Fjell.  Han var son av gardbrukar Thomas Nilsson på Geitanger, opphavleg frå Spjeld, og kona Kari Gregoriusdotter frå Kobbeltveit og vart døypt i Fjell 11.4.1784.  Gregorius og Anna var plassfolk på Morlandsstøen under Kolltveit i Fjell der Gregorius d. som husmann 28.5.1833.  Anna d. som husmannskone same staden 12.9.1836.  Gregorius hadde tre søner frå første ekteskapet sitt, medan me kjenner til ni born etter Anna, som alle var frå første ekteskapet hennar med Haagen:

 

##### (sjekka om eg har fått med meg alle?)

 

a. Johanna Haagensdotter, f. på Herdla 17.11.1800, d. som husmannskone på Havrøen i Fjell 1.11.1875.  Johanna gifte seg første gongen i Fjell 2.2.1823 med Iver Andersson frå Pollen i Fjell, døypt i Fjell 29.11.1801.  Dei var plassfolk på ein plass under Turøen i Herdla, men flytte visstnok i 1826 til ein plass under Solsvik i Fjell.  Iver og svigerfaren Haagen kom bort på sjøen og miste livet 18.12.1826, og Johanna gifte seg att i Fjell 13.4.1830 med Simon Knutson frå Bergen,

 

     ##### (eller var han oppvaksen på Florvåg, Askøy? – oppgjeven far ved vigsli: Knut Simonson Florvaag!)

 

     f. i Bergen 13.9.1810.  Han d. som husmann på Havrøen 22.2.1842, og Johanna gifte seg tredje gongen i Fjell 21.7.1849 med Nils Olson frå Hummelsund i Sund, f. i Sund 3.1.1826.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1865!)

 

     Både Simon og Nils var husmenn på Havrøen under Vindenes i Fjell.  Johanna fekk i alt åtte born, to frå første ekteskapet og seks frå det andre.

b. Ole Haagenson, f. i Bergen 30.9.1802, d. som husmann på Havrøen i Fjell 20.11.1861.  Ole gifte seg i Sund 30.7.1825 med Ingeborg Thomasdotter frå Bjorøy nordre i Fjell, døypt i Fjell 24.7.1803.  Ho d. som husmannsenkje på Havrøen 1.12.1878.  Ole og Ingeborg vart husmannsfolk på Havrøen under Vindenes i Fjell og fekk ni born i lag.

c. Barbro Malene Haagensdotter, f. på Herdla 1.1.1805, f. i Fjell 30.3.1838.  Barbro gifte seg i Fjell 2.7.1835 med Peder Christopherson frå Hetlevik på Askøy, døypt på Askøy 29.7.1810.  Han d. som enkjemann og legdelem på Hetlevik nordre på Askøy 25.9.1869.  Peder gifte seg 12.9.1852 att på Askøy med enkja Cecilia Jacobsdotter, opphavleg frå Alvær i Hamre, døypt i Hamre 25.10.1795.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1865!)

 

     Barbro og Peder var husmannsfolk på Havrøen under Vindenes i Fjell, men som enkjemann flytte Peder attende til ein plass under Hetlevik nordre på Askøy.  Peder fekk to born, som båe var frå første ekteskapet med Barbro.

d. Britha Haagensdotter, f. på Herdla 18.2.1807,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

e. Kari Haagensdotter, f. på Herdla 7.6.1810, d. som husmannsenkje på Rong på Herdla 12.5.1894.  Kari flytte i 1837 attende frå Fjell til Herdla der ho 10.6.1838 gifte seg med Abraham Olson frå Rong på Herdla,

 

     ##### (sjekka opphavet hans? – fødd på Skrommestad, Herdla!)

 

     f. på Herdla 16.3.1808.  Han d. som husmann på Rong på Herdla 25.7.1872.  Abraham var fiskar, og han og Kari budde som plassfolk på

 

     ##### (ein plass, men kva for ein?)

 

     under Rong på Herdla.  Dei fekk seks born i lag.

 

     ##### (sjekka at eg har fått med meg alle?

            * Ole, f. Manger 31.7.1838

            * Anne Dorthea, f. Manger 9.9.1840

            * Ragnhild Helene, f. Manger 14.7.1843

            * Anne Helene, f. Manger 18.1.1846 – n. 1865 (Anna Helene Dorthea)

            * Brithe, f. Manger 16.6.1848

            * Barbra Malene, døypt Manger 21.9.1851)

 

f. Christina, kjend som Christi Haagensdotter, f. på Herdla 6.6.1816, d. på Grønnevik på Askøy 7.2.1872.  Christi gifte seg på Askøy 10.4.1842 med Ole Olson frå Hop på Askøy, f. på Askøy 27.1.1816.  Han d. som husmann på Grønnevik 31.1.1892.  Han gifte seg att på Askøy 22.4.1873 med Elen Pedersdotter frå Ravnanger på Askøy, døypt på Askøy 23.6.1816.  Ho d. som husmannsenkje på Ravnanger 11.11.1893.  Ole og Christi var ei tid paktarar av eit bruk på Grønnevik på Askøy, men vart sidan plassfolk i Hagen under Grønnevik.  Ole var dessutan notbindar.  Dei fekk fem born i lag.

 

     ##### (sjekka at eg har fått med meg alle?

            * Petriche Marie, f. Askøy 1.7.1842 – paktarbarn Grønnevik

            * Helene Dorthea, f. Askøy 4.3.1845 – paktarbarn Grønnevik

            * Barbra Helene, f. Askøy 18.12.1846 – innerstbarn Ravnanger – n. 1865

            * Oline Christine, f. Askøy 11.4.1851 – paktarbarn Grønnevik

            * Haakon Berthin, f. Askøy 18.8.1857 – husmannsbarn Grønnevik – n. 1865)

 

g. Siri Malena Haagensdotter, f. i Fjell 2.10.1819, truleg identisk med dotteri Anna som d. på Solsvik i Fjell 22.2.1820, 8 veker gamal.

h. Helge Haagenson, f. i Fjell 27.5.1821, d. på Solsvik kring 1822.

i. Helge Haagenson, f. i Fjell 25.7.1823,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So vil eg gjerne endå ein gong få takka og bukka for framifrå dugnadsinnsats med denne i utgongspunktet so vanskelege huslyden, samstundes som eg ikkje vil gje heilt opp voni om eitt og anna ekstra «gullkorn»...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kanskje ett skudd i blinde, men det var folk fra Sund som flyttet nordover. Ikke kjent i dette område, men det står en Nils Olsen f. 1825 gift tjenestedreng. Det står riktignok Sunde S.P. men kanskje det skal det stå Sund S.P. Det er verdt å sjekke.

https://digitalarkivet.arkivverket.no/nn-no/ft/person/pf01052440001557

 

OS

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Oddvar for siste meldingi om Nils Olson!

 

Eg tykkjer dette høyrest svært so spennande ut, og eg sende straks ei melding til bygdebokskrivaren i Øksnes, Johan Borgos, om han visste noko meir.

 

Her er svaret som kom:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

«Denne Nils Olsen er registrert bare en gang i Øksnes. Ser ut som han var en tjenestekar på gjennomreise. Ektefelle er ikke registrert her.»

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Etter dette er det etter mi oppfatning ganske gode sjansar for at det verkeleg var «vår» Nils Olson som då var på fiske i Vesterålen, og når han seier at han var gift, er det ganske so sannsyneg han enno ikkje hadde fått melding om at Johanna var avlidi!

 

Men, han busette seg tydeleg ikkje i Øksnes, so kvar vart det sidan av mannen?

 

Elles, Oddvar, vil eg gjerne gjera deg merksam på dette emnet:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/209803-synneva-halvorsdotter-fødd-i-luster-kring-1704-levde-i-1717-forsvinn-deretter-frå-bygdi-kan-henda-gift-i-arnafjorden-i-vik-1727-eller-finst-det-andre-alternativ-ogso-broren-nils-halvorson-f-1706-forsvinn/

 

 

Kan du identifisera den Synneva Halvorsdotter som døydde i Sund i 1734?

 

Eg takkar igjen for framifrå bistand med å komplettera manuskriptet om Haagen Johannesson!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...

Ole Bertelsen med familie budde i Skråmestø då han var paktar på Herdla gard. Ser at dei truleg måtte ta til seg tvillingane Ole og Alit. Sjekk kven fadderane til Anna Dorothea Helene er;

eigaren av Herdla gard Mette Maria Falch, Adamine Margrethe Stokmann, Maren Magdalene Linde,

soknepresten på Manger Arnold Meyer og Andreas Hejberg. Namnet Anna Dorothea Helene fekk hop nærmast i dåpsgåve hos Mette Maria Falch.

Desse tvillingane hadde ein gift far som heitte Jacob som budde i nærleiken. Det var viktig for desse fine folka at tvillingane blei sytt for. Kvifor?

Ektemann til tanta til desse på morsida fekk paktarjobben etter Ole Bertelsen. Nye paktaren, Elling Ellingsson, kom frå garden Erna Solberg ættar frå på Osterøy (Solbjørg). Kona hans, Marta, og mor til tvillingane, Kari, kom frå Antun på Osterøy. Då Elling var paktar var både tvillingane og mor deira tenestefolk på Herdla gard, og budde der i lag. Hovudpersonane i denne lenka sine etterkomarar bevega seg sørover øyane, via Austevoll, til Fitjar og Stord. Mange etter dei der no, med etternamn Angeltveit. Mor til Haagen; Malene Rasmusdotter, kom frå Kroken. Rasmus dreiv saga til Ornes, og var visst ei tid på ei sag i Kinsedalen og. Han var frå Marifjøra. Son til Rasmus Torbjørnsson Marifjøra og Anna Larsdotter Leirdalen. Så det er ikkje usannsynleg at dei på Amla, Falch og Heiberg kjendte til desse frå før.

Endret av Terjeoddvinbruket
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.