Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Namn for tid på døgenet


Recommended Posts

Har funne desse orda i ein lokal eldre artikkel frå Fresvik, midtre Sogn: Otta, gryotta, gryingi, oppstaobel, daursøkti, nonsøkti, kveldsøkti, fyremidnatt, ettermidnatt.

 

Dei fleste orda er vel kjende, men oppstaobel går eg ut frå på vår dialekt skal tyda belet eller tida ein står opp.Men er det nokon som veit når på døgenet dei ulike begrepa vart brukte. Fire ulike ord berre om  morgonen. Daur (dugurd) var vel rundt kl 10 om morgonen? Daursøkti etter? Non rundt kl 15? Nonsøkt non?

Fint viss nokon har peiling på dette.

 

Anne Marie B Øyri

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/209695-namn-for-tid-p%C3%A5-d%C3%B8genet/
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
  • 2 uker senere...

Etter samtalar med ein eldre mann i bygda (pluss nettet) var det fylgjande vi kom fram til: (men tek gjerne mot rettingar/korrigeringar) 

Her i bygda var det desse nemningane på tider på døgeret og måltid: etter midnatt, otta, gryotta, gryingi (då det byrja bli lyst), oppstaobel (då det var tida for å stå opp), bisk (frukost),  daur (måltid kl 10) daursøkti, non (middag), nonsøkti, kveldsøkti, føre midnatt.

 

Mannen eg snakka med sa at i eldre tid var det vanleg å ha middag rundt kl 15, seinare vart denne flytt fram til kl 12 som eg hugsar frå min barndom.

Han var noko usikker på om daursøkti, nonsøkti og kveldsøkti kom før eller etter måltida. Personleg syns eg det var ei temmeleg lang arbeidsøkt mellom daur og non viss det han sa stemmer.

I seinare tid var det middag kl 11.30-12, kaffitid kl 15.30 og kvelds rundt kl 19-20.

Anne Marie B Øyri

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.