Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Øyanes påskenøtt 2017 #11 - Christen Hansson og Anna Andersdotter - på «snøggvisitt» i Luster 1776 - kven var dei og kvar vart det av dei? - ei skikkeleg utfordring!

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Utfordringi tek utgongspunkt i denne barnedåpen frå Luster 13.11.1776:

 

Hans, døypt 13.11.1776 som son av Christen Hansson og Anna Andersdotter - busette på husmannsplassen Stein under Skagen:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11589/89

 

Alle fadrane er lokale folk, men eg er ikkje i stand til å identifisera korkje mann eller kone.  Båe dei første fadrane var skulemeistrar, so kanskje Christen kom til Luster som nettopp skulemeistar?  Dei gifte seg ikkje i Luster og må vera komne utante.  Eit par med desse namni gifte seg i Manger i 1780, men det er jo altfor seint.  Dei einaste andre pari eg ser med desse namni som vart vigde i Noreg etter 1750, er desse to (kjelde FamilySearch):

 

* Christen Hansson og Anna Andersdotter vigde i Vaale i Vestfold 8.4.1769

 

* Christen Hansson og Anna Andersdotter vigde i Tjølling i Vestfold 22.6.1770

 

men ingen av desse høyrest særleg «sannsynlege» ut, med mindre Christen var lærar; då kan han jo teoretisk ha flytt langt på seg!?

 

Ser me på born fødde andre stadar i landet med desse foreldri, fell desse meg i augi:

 

** Hans, døypt Askøy 22.2.1775 (fødd utanfor ekteskap og faren var «ægtemand» (gift mann) https://media.digitalarkivet.no/view/8601/243

 

** Maria, døypt i Vang, Valdres 19.11.1778: https://media.digitalarkivet.no/view/9393/120

 

** Andreas, døypt i Norderhov 19.1.1783 (foreldre «fra Bergens stift»!): https://media.digitalarkivet.no/view/8525/137

 

** Anna Marie, døypt i Gran, Hadeland 9.5.1784

 

** Margretha, fødd i Gran, Hadeland 1.3.1787

 

** Hans, døypt i Gran, Hadeland 16.8.1789

 

** Anders, døypt i Gran, Hadeland 14.10.1792

 

** Jute og Anna, tvillingar, døypte i Fræna 24.7.1791 (Aukra - høgre side venstre spalte) https://media.digitalarkivet.no/view/16064/29

 

Her er paret som fekk borni fødde i Gran på Hadeland i FT1801: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058262001440

 

Dei KAN høva, men i so fall var Christen ganske so ung då han kom til Luster...!?

 

Det ville vore heilt storarta om huslyden som var innom Luster i 1776, kunna sporast, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Ein God «rest»-Påske til dykk alle!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no sett litt nærare på denne huslyden og borni deira og har redigert innlegg #1 etter kva eg fann:

 

* Barnet født på Askøy i 1775 var «uekte» med ein gift mann som far, so det er uaktuelt for «vår» huslyd.

 

* Barnet født i Vang i 1778 er det vanskeleg å seia noko sikkert om.  Det står ikkje noko gardsnamn, men fadrane var frå Dalaker (x3), Soyne og Lajordet - ikkje urimeleg at dette er parfolket som to år før var i Luster...

 

* Barnet født i Norderhov i 1783 er svært interessant, då det vert sagt at foreldri var «fra Bergens stift»!  Barnet er døypt i Viker (Ådalen) og to av fadrane er frå Christiania (Halvor Olson og Ellen Christophersdotter) i tillegg til Torkild Torkildson, Erik Gunbjørnrud og Bertha Hansdotter.  Høyrest etter mitt syn svært bra ut...

 

So har eg fått ei melding om at Christen Hansson Berger gifte seg i Gran 5.2.1784 med Anna Andersdotter Granvolden, og dei vart foreldri til borni fødde i Gran, so då vert ogso dei uaktuelle for oss.

 

* Tvillingane fødde i Fræna (eigentleg Aukra) i 1791 KAN vera av interesse.  Gardsnamnet er oppgjeve med Nesset, men fadrane synes elles vera ukjende lokale folk...

 

Uansett er dette ein spennande huslyd, og eg vonar det let seg gjera identifisera dei.  Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Finner denne Hans Christensen i folketellingen 1801 for Kristiania - født 1776:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058232009021

 

Han er gift med enken Setsil Halvorsdatter. Her er vel giftermålet i 1800 - bruden heter Sidsel Maria Halvorsdatter: 

Oslo fylke, Akershus slottsmenighet i Aker, Ministerialbok nr. 3 (1777-1809), Viede 1800-1802, Side 203
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061107020387.jpg
 

I samme folketelling og på samme adresse finner jeg en Christen Hansen, født 1747, også han grenader i 2. akershusiske regiment, ifølge folketellingen gift for andre gang med Elen Hansdatter, som også er gift for andre gang:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058232009028

 

Jeg finner en soldat Christen Hansen som gifter seg i 1789 i Berg i Østfold med enken Elen Hansdatter. Men hvis dette er det samme paret som er nevnt i 1801, er det noe som ikke stemmer. For soldaten som gifter seg i 1789 er ungkar....!

Østfold fylke, Berg, Asak, Rokke i Berg, Ministerialbok nr. I 1 (1770-1814), Trolovede 1788-1790, Side 330-331
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061011050663.jpg
 

Sidsel Maria var først gift med Gietmund Jacobsen og i 1796 ble sønnen Isak døpt i Aker:

Oslo fylke, Akershus slottsmenighet i Aker, Ministerialbok nr. 3 (1777-1809), Fødte og døpte 1796, Side 100
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061107020289.jpg
 

Maren Cathrine, 1791

Oslo fylke, Akershus slottsmenighet i Aker, Ministerialbok nr. 3 (1777-1809), Fødte og døpte 1791, Side 68
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061107020258.jpg
 

Abraham, 1788

Oslo fylke, Akershus slottsmenighet i Aker, Ministerialbok nr. 3 (1777-1809), Fødte og døpte 1788, Side 52
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061107020242.jpg

 

Jeg tror disse funnene er fullstendig i tåka, især fordi det er usikkerhet rundt Christen Hansen, gift med Elen Hansdatter. Men aldersmessig kunne denne Christen, f. 1747, være far til Hans Christensen, født 1776...??? Jeg tror vi kan sjekke disse personene ut, Lars! 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for eit interessant innlegg!

 

Eg tykte òg denne innførsli frå 1801 såg spennande ut, hadde berre Christen Hansson òg vore enkjemann då han gifte seg med Elen Hansdotter!!  Kan det liggja føre ein feil i kyrkjeboki då han gifte seg i 1789 i Berg?  Det er vel lite truleg, for slike feil er sjeldne...  Då er det nok meir sannsynleg at feilen ligg i 1801-teljingi...

 

Elles har eg, som eg meiner eg før har nemnt, ein mistanke om at «vår» Christen Hansson kan ha vore skulemeistar, sidan dei to første fadrane i Luster òg var skulemeistrar.  Dette kan jo teoretisk vera ei forklaring på at han flytte litt på seg....

 

Men om han var skulemeister, KAN det ha vore ein danske som har «forvilla» seg oppover?  Eg spør, fordi det i Danmark faktisk er to svært spennnde «kandidatar» til Christen og Anna:

 

** Christen Hansen og Anna Andersdatter vigde i St. Mikkel i Slagelse, Sorø amt 4.9.1775

 

** Christen Hansen og Ane Andersdatter vigde i Vejleby, Maribo amt 3.3.1776

 

Kanskje dei originale innførslene fortel oss noko om yrke?

 

Status når det gjeld born etter Christen og Anna, ser førebels slik ut:

 

*** Hans Christenson, døypt i Luster 13.11.1776

 

*** Maria Christensdotter, døypt i Vang (V) 19.11.1778

 

*** Andreas Christenson, døypt i Viker, Norderhov 19.1.1783

 

Kanskje kan me òg rekna med:

 

*** Jute og Anna Christensdøtrer, døypte i Aukra 24.7.1791

 

Er det mogeleg å komma nokon veg med desse opplysningane?  Kvar vart det av tvillingane frå 1791?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand når det gjeld denne huslyden, og vonar på eitt og anna «gullkorn»...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ruben Mentzoni

 

På 17.4.2017 den 11.31, Lars E. Øyane skrev:

* Tvillingane fødde i Fræna (eigentleg Aukra) i 1791 KAN vera av interesse.  Gardsnamnet er oppgjeve med Nesset, men fadrane synes elles vera ukjende lokale folk...

 

 

Jeg vet ikke noe om disse folka, men de er døpt i Aukra kirke (ikke Vågøy kirke i Fræna) som tilsvarer dagens Aukra og Midsund kommuner. Jeg kjenner ikke til gårdsnavnet Nesset, men utifra gårdsnavnene på fadderne vil jeg tro de er fra Midsund. Kanskje det står noe om denne familien i bygdeboka for Misund?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ruben Eugèn for eit interessant innlegg!

 

Eg er ikkje kjend i Møre og Romsdal og har ikkje tilgjenge til bygdebøkene derifrå, men eg vil gjerne følgja opp tankane dine og vonar at ein eller annan med tilgjenge til bygdeboki for Midsund kan sjå på denne utfordringi (sjå til dømes innlegg #4) og eventuelt komma med ein kommentar!?

 

Det hadde vore skikkeleg moro om huslyden til denne Christen Hansson, som eg TRUR kan ha vore lærar eller kyrkjesongar, kunne sporast opp, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.