Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Skifte Bergen 1813 - hustransaksjon etter 1815?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ole Hansson (DAHL), dikselmann, døydde 8.11.1813 i 22-85 i Bergen: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=69965&merk=69965#ovre

 

FT1815 for 22-85 Bergen syner at enkja hans då var huseigar: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1815&gardpostnr=14133&merk=14133#ovre

 

Ole Hansson er i all hovudsak kalla DAHL, men ved dødsfallet i 1813 står han som HANSEN.

 

Enkja hans heitte Agathe Eriksdotter.

 

Er det mogeleg å finna:

 

** Eit skifte etter Ole Hansson/Dahl i Bergen (som truleg var barnlaus!)?

 

** Finst det opplysningar i panteregisteret som kan fortelja oss meir om lagnaden til Agatha Eriksdotter og huset deira i 22-85 - Søndre Stenkjeldersmug 7?

 

https://www.google.de/maps/place/Søndre+Steinkjellersmauet+7,+5003+Bergen,+Norway/@60.3983149,5.3274874,76m/data=!3m1!1e3!4m5!3m4!1s0x463cfea71a380349:0x9634c36936e5b675!8m2!3d60.3983123!4d5.3276296?hl=en

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
AnitaRiise (Statsarkivet Bergen)

Eg fann diverre ikkje Ole Hanson Dahl i skifteregistra for Bergen.

 

For å finne fram til panteregisteret gjer du slik: På lenka nedanfor vel du "bla i panteregistra". Deretter skriver du Bergen inn i feltet for kommune og trykker "enter". Du får då opp panteregistra for Bergen. Her kan du velje serien som går 1820-1850; protokoll A.d.B.4 inneheld rode 22, trykk deg inn på denne. Her står eigedommane sortert først etter rode og dernest etter nummer. På neste delen av side 94 finn du rode 22 nr 85. Så vidt eg kan lese der så står Ole Hansen Dahls enke som eigar og i 1834 får Agathe Hansen kår:

https://media.digitalarkivet.no/

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anita for eit spennande og utfordrande svar!

 

Med god rettleiing fann eg den nemnde sida: https://media.digitalarkivet.no/view/13160/97?indexing=

 

men det er noko eg ikkje heilt kan forstå.  Det står å lesa at det med denne skøyta frå 1834 følgde med løyve til enken «fra hendes mands myndige arvinger hvorved hun gives ret at disponere frit over hans ejendom»!

 

Men kvar er denne skøyti?  Eg kan ikkje sjå at det står nokon referanse til pantebok og sidetal slik det er vanleg «på landet»...  Eg er jo nettopp interessert i å få greie på kven desse ervingane hans var...?

 

Eg takkar igjen so mykje for hjelpi med denne saki!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×