Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Jens Jensson Urnes - fødd i Hafslo 1841 - utvandra til Amerika i 1866 - men kvar i all verdi vart det av han?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei utfordring som eg er nær ved å berre måtta gjḛ meg på å finna ut av, men so var det dette fantastiske Brukarforum då...  Kanskje nokon her har tips å komma med?

 

Jens Jensson Urnes, eldste son av Jens Jensson Urnes (Sr) (1810-1891) og Bertha Torkildsdotter Kroken (1815-1899), var fødd i Hafslo 8.11.1841 og utvandra i 1866 til Amerika!  Eg har so langt ikkje finne eitt einaste spor etter denne guten i Amerika!

 

Søsteri Anna (1839-1910) og broren Peder (1850-1930) utvandra båe i 1870 til Minnesota, Anna for å gifta seg i Fillmore Co., MN, og Peder med kona si til Goodhue Co., MN.  Men ingen av desse stadane kan eg sjå noko som helst til Jens!  Peder kalla seg i all hovudsak Urness i Amerika, men er ved eit par høve òg nemnd Jenson og Johnson...

 

Kvar kan Jens ha vorte av?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Randi Elisabeth Haugros

Navnet på kona til Peder Urness?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for nytt innlegg!

 

Her følgjer biografien til Peder Jensson og kona hans:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Jensson Urnes, f. i Hafslo 18.4.1850, gifte seg i Hafslo 10.12.1869 med Andrina Olsdotter frå Kleivi under Sviggum, f. 6.11.1843.

Peder og Andrena Urness utvandra til Amerika i 1870 og slo seg ned som farmarar i Cherry Grove township, Goodhue Co., Minn. der dei vart buande til dei kring 1902 flytte inn til Kenyon, Goodhue Co., Minn.  Andrena d. i Kenyon, Minn. 23.3.1914, medan Peder Urness d. same staden 12.9.1930.  Ho hadde ei dotter før ekteskapet, og so fekk dei fire born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Her følgjer for ordens skuld ogso biografien til søsteri Anna:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Iverson (Sandvig), f. i Luster 19.12.1842,

Andrew Iverson utvandra til Amerika i 1866 og gifte seg i Fillmore Co., Minn. 12.12.1870 med Anna Jensdotter frå Urnes i Hafslo, i Amerika kjend som Anna Urness.  Ho var f. i Hafslo 4.11.1839 og utvandra til Amerika i 1870.  Andrew og Anna slo seg ned som farmarar i Carrolton township, Fillmore Co., Minn. der Anna d. 3.1.1910.  Andrew Iverson d. same staden 23.5.1926.  Dei fekk sju born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kanskje kan desse opplysningane vera til hjelp for å finna att Jens?  Eg har leitt, men eg kan jo sjølvsagt ha oversett noko...  Augene mine er ikkje som dei ein gong var...

 

Eg takkar endå ein gong for alle gode tips som gjeld Jens Jensson!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

Er denne sjekket ut? alder 65 eller 63?, "sidste 25 år paa sindsygeasylet i Fergus Falls" - Lenke Ancestry


The U.S., Evangelical Lutheran Church of America, Records, 1875-1940
Name:    Jens Urness
Event Type:    Burial
Death Date:    25 Jul
Burial Date:    26 Jul 1905
Church Name:    West Moe Lutheran
Church Location:    Brandon, Minnesota

 

1905_Burial_Jens Urness.jpeg

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget!

 

Jau, denne namnebroren Jens Nilsson Urnes er sjekka ut før.  Her er biografien hans:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Jens Nilsson Urnes, f. i Hafslo 15.11.1840, gifte seg i Hafslo 20.4.1866 med Jensina Jørgensdotter frå Bakkane under Urnes.  Ho var f. i Hafslo 16.10.1844.

Jens og Jensena Urness utvandra til Amerika i 1867 og slo seg ned som farmarar i Urness township, Douglas Co., Minn. der Jensena d. 10.6.1888.  Jens Urness vart sjuk og flytte alt i 1880 til Fergus Falls, Otter tail Co., Minn. der han d. 25.7.1905.  Dei fekk fem born i lag:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Det er ofte ei ekstra utfordring når ein har fleire personar med same namn, men då er det ein stor føremon at ein kan studera heile «populasjonen» parallelt, so unngår ein, som regel, å gjera feil...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om Jens Jensson Urnes!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
13 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

utvandra i 1866 til Amerika!

 

Når i 1866 reiste han? Kilde til emigrasjon?

 

 

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Det er ofte ei ekstra utfordring når ein har fleire personar med same namn, men då er det ein stor føremon at ein kan studera heile «populasjonen» parallelt, so unngår ein, som regel, å gjera feil...

 

Kanskje du kan kort redegjøre om det er flere Jens Urness f. rundt 1841....

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for nye og utfordrande innlegg!

 

Her finn du utvandringi til Jens Jensson i 1866 - referanse #106: https://media.digitalarkivet.no/view/6870/57

 

Og her er han på Québec-lista i 1866: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=Quebec65&gardpostnr=1879&merk=1879#ovre

 

Når det gjeld andre Jens'ar frå Urnes med liknande fødselstidspunkt, har me, i tillegg til dei to som alt er nemnde, ogso desse to:

 

** Jens Samuel Hansson Bugge, Urnes, fødd 3.12.1841, utvandra i 1870 til Douglas Co., MN der han døydde i 1891.

 

** Jens Johnson Urnes, fødd 19.6.1839, døydde ugift i Hafslo i 1886.

 

Kanskje finst det ei liste hjå Norway Heritage som syner ankomsten hans til Québec?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden til Jens Jensson!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye

Her er hans immigrasjon i 1866

Name:Jens Jensen Urnass

Gender:Male

Age:25

Birth Year:abt 1841

Date of Arrival:May 1866

Vessel:Brodrene

Search Ship Database:Search for the Brodrene in the 'Passenger Ships and Images' database

Port of Arrival:Canada

Jens Jensen Urnes Immigration 1866.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

Given Name(s):    Jens Jensen - http://www.bac-lac.gc.ca/eng/discover/immigration/immigration-records/passenger-lists/passenger-lists-quebec-port-1865-1900/Pages/item.aspx?IdNumber=43581&
Surname:    URNAEF
Ship:    BRODRENE
Port of Arrival:    Québec
Date of Arrival:    1866/05/27
Year of Arrival:    1866
Microfilm Reel Number:    C-4521
Reference:    RG 76
Item Number:    43581

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kurt og Egil for nye interessante innlegg!

 

Då veit me i alle fall at Jens Jensson kom fram til Québec i 1866, men kvar kan han ha teke vegen derifrå...?

 

Eg har ingen nye tips å komma med, men vonar at ein eller annan kan komma over eit spor etter Jens ein eller annan stad...?

 

Kan han ha kalla seg Johnson??  Kanskje John Johnsn??  Då vert det vanskeleg...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.