Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Martha Sjursdotter (1833-1881) - frå Luster til Bergen - gift med Torbjørn Hansen frå Tysnes - lagnaden til denne huslyden?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg ønskjer i dag å henta fram ein huslyd som eg første gongen arbeidde med sist på 1980-talet og der einskilde spørsmål stod utan svar.

 

Eg har i dag freista oppdatera dette manuskriptet, men har vanskar med å komma vidare.  Særleg synest det vera eit problem å identifisera det eller dei eldste borni i denne huslyden - Thurine Hansine/Hans - og likeins opphavet til kona til Severin Hansen frå Råde ved Moss?  Opphavet til andre kona til Torbjørn Hansen frå Hosanger er ogso vanskeleg å identifisera, særleg på bakgrunn av dei vanlege personnamni...  Det synest vera to samtidige par i Hosanger med namni Ole Olson og Britha Olsdotter!  Kanskje ei bygdebok for Hosanger kan «klara opp» i dette?

 

Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #10 nedanfor!

 

Eg takkar so mykje på førehand for allle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland
1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

 

 

 

Torbjørn Hansen livnærte seg ei tid som handelsmann, og han og Bertha vart buande i Bergen der Bertha d. 13.7.1906.  Torbjørn Hansen d. same staden 30.12.1912.  Han fekk i alt ti born; av dei var desse åtte frå første ekteskapet med Martha Sjursdotter:

 

a. Thurine Hansine Torbjørnsdotter Hansen, f.

 

 

 

     ##### (1858? – kvar? – d. i KK! – dei fekk ein son Hans fødd Tysnes 23.4.1860 – ei samanblanding?)

 

 

 

     d. i Bergen 15.8.1861.

 

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000692267   Far er oppgitt til å være Ole Andreas Poulsen

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NH76-PVC

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Nummer 72; ser at det står Galteland på gårdsnavnet

 

Hordaland fylke, Hosanger, Seim, Mo i Hosanger, Ministerialbok nr. A 7 (1835-1848), Fødte og døpte 1847, Side 96
Permanent bilde-ID: kb20070509620292
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070509620292
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070509620292.jpg

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/285/pi00000000020522

 

Første vielsen til Britha Olsdatter

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000001101205

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp
2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

a. Thurine Hansine Torbjørnsdotter Hansen, f.

 

     ##### (1858? – kvar? – d. i KK! – dei fekk ein son Hans fødd Tysnes 23.4.1860 – ei samanblanding?)

 

     d. i Bergen 15.8.1861.

 

Jeg antar at dette er dødsfallet til Hans. Farens navn er Thorbjørn Hansen Næss (nr. 56): https://media.digitalarkivet.no/view/8347/8

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Konfirmasjonen til Josefine, nummer 20

 

Østfold fylke, Svinndal i Våler, Ministerialbok nr. II 1 (1878-1896), Konfirmerte 1883, Side 88
Permanent bilde-ID: kb20060908050369
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060908050369
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060908050369.jpg
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

 

Kan dette være Josefines far?

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052688008931

 

Nummer 18

 

Østfold fylke, Onsøy i Onsøy, Ministerialbok nr. I 2 (1814-1840), Fødte og døpte 1830, Side 280-281
Permanent bilde-ID: kb20061023030108
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20061023030108
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061023030108.jpg
 

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven og Lars W. for kjempefine og nyttige inlegg om denne huslyden!

 

Eg har ingi forklaring på korleis denne Hansine Thurine er kommi inn i manuskriptet mitt, men no er i alle fall feilen retta!

 

Fleire andre detaljar er òg komne på plass, og eg er so langt kjempenøgd.

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Martha Sjursdotter (Præstegaard), f. i Luster 2.8.1833,

Martha Sjursdotter flytte i 1859 til Bergen, men gifte seg på Tysnes 7.5.1860 med Torbjørn Hansson frå Nese på Tysnes, i Bergen kjend som Torbjørn Hansen.  Han var son av husmann Hans Torbjørnson i Tre under Nese og første kona Agatha Olsdotter frå Skår og f. på Tysnes 24.1.1838.  Torbjørn var sjømann i unge år, men vart sidan dagarbeidar, og parfolket budde ulike stader i Bergen der Martha d. 1.6.1881.  Torbjørn gifte seg 13.1.1884 att i Bergen med enkja Bertha Olsdotter, opphavleg frå Galteland i Hosanger.  Ho var dotter av husmann Ole Olson på Galtelandsnaustet under Galteland, opphavleg frå

 

##### (kva gard/plass?)

 

og kona Britha Olsdotter frå

 

##### (kva gard/plass?)

 

og f. i Hosanger 7.7.1847. 

 

##### (Bertha gift 1ste gongen i Hamre 4.12.1871 med Ellef Olson frå Raknes, f. på Sjurset 28.2.1845, oph. Raknes - yrke og bustad samt dødsfall for Ellef Olson?)

 

Torbjørn Hansen livnærte seg ei tid som handelsmann, og han og Bertha vart buande i Bergen der Bertha d. 13.7.1906.  Torbjørn Hansen d. same staden 30.12.1912.  Han fekk i alt ti born; av dei var desse åtte frå første ekteskapet med Martha Sjursdotter:

a. Hans Torbjørnson Hansen, f. på Tysnes 23.4.1860, d. i Bergen 20.5.1863.

b. Andrine Severine Torbjørnsdotter Hansen, f. i Bergen 23.5.1862, d. i Bergen 27.5.1863.

c. Hans Turin Torbjørnson Hansen, f. i Bergen 27.1.1866, d. i Bergen 17.9.1872.

d. Andrine Severine Torbjørnsdotter Hansen, f. i Bergen 12.10.1868, d. i Bergen 5.2.1957.  Andrine var syerske og budde i Bergen levetidi ut, ugift.

e. Severin Martin Teodor Torbjørnson Hansen, f. i Bergen 25.4.1871, d. i Moss 14.9.1955.  Severin flytte i ung alder til Christiania (Oslo) og gifte seg i Johanneskyrkja i Christiania 22.5.1898 med Josefine Andreasdotter frå

 

     ##### (kva gard i Våler var ho oppvaksi på? – mor hennar var frå Slangsvold i Råde!)

 

     Ho var f. i Råde 4.6.1868 og d. i Moss 21.6.1944.  Severin var målarmeister, og han og Josefine budde nokre år i Christiania, men flytte kring 1901 til Moss der dei sidan budde levetidi ut. 

 

     ##### (sjekka? – 1910 i Rygge: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036359000878

 

     Dei fekk fem born i lag.

f. Thurine Hansine Torbjørnsdotter Hansen, f. i Bergen 24.12.1873, d. i Bergen 6.4.1874.

g. Thurine Hansine Torbjørnsdotter Hansen, f. i Bergen 23.8.1875, d. i Bergen 12.10.1950.  Thurine var syerske og budde i Bergen levetidi ut, ugift.

h. Aagot Marie Torbjørnsdotter Hansen, f. i Bergen 28.8.1878, d. i Bergen 18.4.1882.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Når det gjeld Josefine Andreasdotter, kan eg skriva at ho opphavleg var frå Slangsvold i Råde, men let det seg gjera finna ut kvar i Våler mori busette seg etter ho gifte seg dit?  Eg reknar med at Josefine flytte med til Våler, sidan ho vart konfirmert der...?

 

Når det gjeld gardsnamnet i Hosanger, ser det ut til at Gatland er ei «moderne» form av Galteland.  Kven av dei to pari Ole Olson og Britha Olsdotter i Hosanger som var foreldri, er ikkje godt å seia...

 

Her er det eine paret gift 7.9.1843 - han frå Løtveit og ho frå Haugstveit: https://media.digitalarkivet.no/view/11499/189

 

Her er det andre paret gift 21.4.1829 - han frå Bernæs indre og ho frå Bjørkeland: https://media.digitalarkivet.no/view/1914/183

 

Bygdeboki har sikkert svaret på dette??

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand med denne huslyden so langt og vonar på fleire «gullkorn»...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.