Lars E. Øyane

Sjur Olson Helle (1732-1786) - frå Aurland til Luster - på ny til Aurland og so til Fjaler - huslyden hans? - bygdebokoppslag?

20 innlegg i emnet

Skrevet (endret)

Dette er ein huslyd med røter i Aurland, men som flytte å seg mellom Aurland, Luster og Fjaler, og eg reknar med dei fleste av borni hamna der ute.

 

Men, lite ser ut til å vera transkribert av kyrkjebøker frå Fjaler, so med mindre me finn nokon som har spesialkunnskap om denne huslyden, er det kanskje ei bygdebok me lyt stola på?

 

Manuskriptet mitt ser for tidi slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye interessante opplysningar frå Torbjørn er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #7 nedanfor!

 

Det hadde vore kjekt å fått på plass litt fleire detaljar om borni til Sjur Olson, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Det er ikkje bevart kyrkjebøker for området frå før 1755, då det gamle Holmedal prestegjeld vart delt i Ytre - (Fjaler) og Indre Holmedal (Gaular). Elles meiner eg at samledatabasane frå Fylkesarkivet som ligg i "gamle" Digitalarkivet skal innehalde kyrkjebøkene frå 1755 til 1821, men at neste kyrkjebok (1821-1835) samt ein del av dei seinare kyrkjebøkene manglar i databasen. Om eg hugsar rett er derimot ikkje kyrkjebøkene for Gaular frå 1755 og utover med i databasane. Elles er det nok ein del opplysningar som manglar i kyrkjebøkene frå Fjaler, f. eks. er det få dødsfall som er registrerte i 1790-åra. Det er heilt sikkert også slik at ikkje alle opplysningane er komne med i databasane, og at enkelte namn eller andre opplysningar er mistolka.

 

(Som du truleg alt er klar over var det kommuneregulering i 1990, og dei fleste gardane du nemner er i dag i Askvoll. (Bakkebø er på sørsida av fjorden, og ligg dermed framleis i Fjaler).

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Fjaler gards- og ættesoge, bind 1, side 19:

591e26d08972a_utennavn.thumb.jpg.60b5eae543ef5a181b829eaf3326e81d.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Eg minner elles om at det finst ei folketeljing frå 1815 for Fjaler, og at denne er tilgjengeleg i både skanna og transkribert versjon hos Digitalarkivet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Om Krispinus Hansson Helle (side 14):

591e2a3e797d2_utennavn.jpg.8ea277838e7161c22d1de570e96d4f8b.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Side 52:

591e2bafea59b_utennavn.jpg.7e3b4192d207997e95b27f175d30aad8.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torbjørn for fleire spennande og nyttige innlegg om denne huslyden!

 

Eg freista gå inn på den digitaliserte versjonen av FT1815 for Fjaler men fekk berre feilmelding om at teljingi ikkje var å finna (feil 404).

 

Elles har eg oppdatert manuskriptet mitt so langt som eg fann opplysningar frå bygdebokutsnitti med hjelp av kyrkjebøkene, men eg forundra meg litt over:

 

** Det var tre av borni til Ole Sjurson og Orlaug Nilsdotter på Helle, som eg ikkje finn døypte.  Og det er eit langt sprang mellom Bernt i 1808 og Jannike i 1813.  Jannike er forresten ikkje nemnd i bygdeboki...?

 

** Eg finn ikkje noki dødsfall for Sjur Crispinusson eller andre kona Anna, sjølv om ho er oppført med dødsåret 1895...?

 

** Eg finn heller ingen born etter Hans Sørenson Rivedal og kona Mari Sjursdotter.  Står det kan henda noko om dei under Rivedal?

 

** Elles er det eit «mysterium» kvar det vart av dei yngste borni til Sjur Olson, Ingeborg, Britha og Gro...?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #1 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Sjur Olson Helle, frå Bakka i Aurland, var son av gardbrukar Ole Hansson på Bakka og kona Gro Olsdotter frå Bakka, og vart døypt i Aurland 27.12.1732.  Han gifte seg i Aurland 18.10.1764 med Britha Olsdotter frå Bjørgum i Aurland.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Monsson på Bjørgum og andre kona Synneva Jacobsdotter frå Otternes og vart døypt i Aurland 31.10.1739.  Sjur Olson fekk 12.3.1765 bygsel på heile Bollingberg hjå Sjur Wilkenson.  Men Sjur Olson dreiv ikkje garden lenger enn til 1767.

Sjur Olson og kona Britha flytte i 1767 attende til Aurland der me finn dei att som gardbrukarar på Kvam, men i 1785 flytte parfolket til Fjaler der dei vart gardbrukarar på Helle.  Sjur vart gravlagd frå Helle i Fjaler 14.5.1786, og Britha gifte seg 14.1.1787 att i Fjaler med Hans Hansson frå Åseberg i Gaular.  Han var son av

 

##### (foreldri hans?)

 

og vart døypt i Gaular

 

##### (1750!?)

 

Hans og Britha heldt fram som gardbrukarar på Helle i Fjaler der Hans vart gravlagd 6.7.1817.  Britha d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Sjur og Britha fekk ei dotter, medan dei budde i Luster:

 1. Synneva Sjursdotter, døypt 27.5.1765,

Synneva flytte med foreldri sine til Aurland i 1767 og flytte sidan til Bergen der ho 17.2.1799 gifte seg med Hans Monsson frå Ramsøy i Aurland, son av gardbrukardotteri Bertha Marie, kjend som Maria Olsdotter (Wedscher) frå Fuhr (1737-1811).  Hans vart døypt i Aurland 24.3.1765.  Hans var soldat i Bergen, men han og Synneva flytte alt i 1800 attende til Aurland.  Der var dei mellom anna plassfolk på Bakka, og likeins budde dei nok òg på Dyrdal, men kring 1816 flytte huslyden til plassen Hausahalsen under Vindedal i Lærdal der Synneva d. som husmannskone 30.3.1834.  Hans d. som husmann same staden 16.3.1839.  Dei fekk tre born i lag, men Synneva hadde òg ein son frå før:

a. Sjur Crispinusson, son av Synneva og gardbrukarsonen Crispinus Hansson frå Helle (1767-    ), vart døypt i Fjaler 16.12.1792 og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Sjur voks opp som fosterson hjå bestemori på Helle og gifte seg første gongen i Fjaler 11.8.1816 med Mari Pedersdotter frå Vårdal i Fjaler.  Ho vart døypt i Fjaler 4.3.1793 og d. som gardbrukarkone på Vårdal 29.6.1842.  Sjur gifte seg so 17.7.1845 att i Fjaler med Anna Andersdotter frå Stubseid i Askvoll, døypt i Askvoll 29.3.1806.  Ho d.

 

     ##### (dato 0g stad for dødsfallet hennar? – 1895?)

 

     Sjur var gardbrukar på Vårdal indre i Fjaler og fekk i alt sju born, som alle var frå første ekteskapet.

 

     ##### (sjekka at alle er medk0mne? – inkl.:

            * Christina Sjursdotter, f. Helle/Vårdal, Fjaler 5.11.1816

            * Ane Birte Sjursdotter, f. Vårdal, Fjaler 24.7.1820

            * Lovise Sjursdotter, f. gdb. Vårdal, Fjaler 13.10.1822

            * Søren Sjurson, f. gdb. Vårdal, Fjaler 13.10.1824

            * Peder Sjurson, f. gdb. Vårdal, Fjaler 30.10.1827

            * Petrine Sjursdotter, f. gdb. Vårdal, Fjaler 24.8.1830

            * Anna Sjursdotter, f. gdb. Vårdal, Fjaler 19.10.1833)

 

b. Bertha Marie Ørbech Hansdotter, f. i Bergen 18.3.1799, d. som legdelem på Øyre i Sogndal 6.2.1875.  Bertha flytte med foreldri til Hausahalsen og gifte seg i Lærdal 2.7.1823 med John Berntson frå Nåtasete i Sogndal.  Han vart døypt i Sogndal 15.11.1789 og d. som husmann på Øyre 22.5.1871.  Bertha og John var først innerstar på Hausahalsen i Lærdal og sidan på Frønningen i Leikanger, men kring 1840 slo dei seg ned som plassfolk i Øyrehagen under Øyre i Sogndal der dei vart buande levetidi ut.  Dei fekk visstnok fire born i lag.

c. Mons Hansson, døypt i Aurland 7.2.1802, d. på Lærdalsøyri i Lærdal 17.12.1880.  Han gifte seg i Lærdal 8.10.1826 med Mari Olsdotter frå plassen Espengarden under Vindedal i Lærdal.  Ho var f. i Lærdal 5.7.1801 og d. som legdelem på Kaupanger 26.7.1899.  Mons og Mari tok over heimeplassen hans på Hausahalsen i Lærdal, men flytte sidan inn til sjølve Lærdalsøyri.  Dei fekk elleve born, mellom anna desse sønene:

- Hans Monsson (1823-1894), vart gift første gongen med Inger Oline, kjend som Olina Olsdotter frå Onstad i Aurland (1817-    ), men utvandra i 1863 til Amerika og vart der borte attgift med Helvig Fredrikke Eriksdotter frå Lærdalsøyri i Lærdal (1842-1917), dotter av innerst Erik Jørgenson Natvig på Lærdalsøyri (1819-    ), som ei tid hadde vore husmann på Loi under Kroken i Hafslo (s.d.).

- Anders Monsson (1840-1879), vart gift med enkja Barbro Larsdotter, opphavleg frå Gjerdet under Lærdalsøyri i Lærdal (1829-1896), dotter av gardbrukarsonen Lars Torbjørnson frå Drevdal nordre (1795-1880) (s.d.).

d. Hans Hansson, døypt i Aurland 19.5.1805, reiste i ung alder til Hammerfest i Finnmark og arbeidde der som urmakar, men kom på kant med loven og vart sett i fengsel på festningi i Hammerfest.  Derifrå rømte han heimatt, og han d. på Hausahalsen i Lærdal 14.12.1833, ugift.

Dette var altso dotteri som Sjur og Britha fekk i Luster.

Men Sjur Olson og kona Britha fekk òg seks born i Aurland:

b. Gro Sjursdotter, døypt i Aurland 23.4.1768, vart gravlagd frå Kvam i Aurland 30.3.1770.

c. Ole Sjurson, døypt i Aurland 21.10.1770, d. som gardbrukar på Helle 25.9.1835.  Ole gifte seg i Fjaler 5.1.1802 med Orlaug Nilsdotter frå Bakkebø, døypt i Fjaler 4.12.1777.  Ho d. som kårkone på Helle 20.1.1845.  Ole og Orlaug tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Helle og fekk åtte born i lag.

 

     ##### (sjekka at alle er medkomne?

            * Sophia Olsdotter, døypt Helle 1.2.1803

            * Jacob Olson, f. 1806 (finn ikkje!)

            * Nils Olson, døypt Helle 17.2.1806

            * Bernt Olson, f. 1808 (finn ikkje!)

            * Jannicke Olsdotter, døypt Helle, Fjaler (Askvoll) 7.7.1813

            * Abraham Olson, f. Helle, Fjaler 12.1.1815

            * Jens Olson, f. 1817 (finn ikkje!)

            * Sjur Olson, f. Helle, Fjaler 21.11.1819)

 

d. Mari Sjursdotter, døypt i Aurland 20.3.1774, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Mari gifte seg i Fjaler 30.12.1804 med Hans Sørenson frå Rivedal, døypt i Fjaler 15.11.1779.   Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     ##### (yrke og bustad?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer?)

 

e. Ingeborg Sjursdotter, døypt i Aurland 7.4.1776,

 

     ##### (lagnaden hennar? – n. Helle 1801 med mor si!)

 

f. Britha Sjursdotter, døypt i Aurland 4.10.1778,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

g. Gro Sjursdotter, døypt i Aurland 20.10.1782,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar å ny for framifrå bistand med å kartleggja denne «vanskelege» huslyden og vonar framleis at nokre av dei manglande detaljane vil «dukka opp»...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Ole Sjurson Helle i FT1815:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01070683000061

 

016 7 Ole Sjursen 46     g Gaardmd.  
017 7 !! 36   Kone g    
018 7 Niels Olsen 9   Børn      
019 7 Jacob Ols.* 9   Børn      
020 7 Sofie Olsd.* 14   Børn      
021 7 Bærent Ols.* 5   Børn      
022 7 Kristian Ols.* 1/2   Børn      
023 7 Hans Hansen 65     g Kaarfolk  
024 7 !! 75   Kone g Kaarfolk

 

Sogn og Fjordane fylke, Ytre Holmedal, Statlig folketelling (1815-1815), Dokumentside, Side 6
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/ft10611815000006

 

 

Ein ser elles at Hans Hansson frå Årberg og kona var kårfolk i 1815.
 

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Anne Andersdtr. Stubseid f. 1806:

Askvoll IIA, side 77:

591f35f780e56_utennavn.jpg.91b974f0c7c12bea7aa235431403850f.jpg

 

Og Askvoll IIB, side 559:

591f370bbb56a_utennavn.jpg.0233639e7375df3c8f0a6b01145479c0.jpg

 

#30:

Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Vilnes, Hyllestad, Øn i Askvoll, Ministerialbok nr. A 11 II (1845-1878), Viede 1861, Side 296
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20050819010979

 

#8:

Sogn og Fjordane fylke, Askvoll i Askvoll, Ministerialbok nr. B 2 (1879-1909), Døde og begravede 1895, Side 246
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20050809050768
 

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Skifte på Årberg i Sande sokn i Gaular i 1795:

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 10 (1787-1798), Skifteprotokollside, Side 452b-453a
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081126680456
 

... afdøde Marthe Olsdatter Aareberg.

Arvingerne.

1. ??? Hans Joensen Aareberg

2. Den afdødes af 2de ægteskaber efterladne børn navnlig

A. Af første ægteskab

(...)

3. Sønnen Hans Hansen, myndig og boer paa gaarden Helle.

 

Frå det som står om Årberg, bruk nr. 2 i Gaular V (Sande sokn), side 79:

591f4f2e58984_utennavn.jpg.f5c35b7022b02492f0ff0c850fe9c346.jpg

591f4fc0ea652_utennavn.jpg.1198cf166d804d6c06e2f6bd9e5056c9.jpg

 

Og skifte i 1758 etter Hans Olsson Årberg, nede til høgre:

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 7a (1756-1761), Skifteprotokollside, Side 133b-134a
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081126650137

 

Enkja blir raskt gift på nytt, og ein finn familien (unntatt Hans Hansson) att i sjeleregisteret frå ca 1760:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=SJELIHOL&gardpostnr=270&merk=270#ovre

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Når det gjeld Hans Sørenson Rivedal er det diverre lite som står om han i bygdeboka. Bind 1, side 214:

591f5cf0d69c6_utennavn.jpg.6c81b24960578e795d17e704980891ac.jpg

 

Eg limer inn dåpen, sjølv om du alt har den:

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Holmedal, Guddal i Fjaler (Ytre Holmedal), Ministerialbok nr. A 2 (1779-1798), Kronologisk liste 1779, Side 12
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20050818030684
 

Søren skifta mellom borna i 1811:

Sogn og Fjordane fylke, Svanøy birk i Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 16a (1807-1814), Skifteprotokollside, Side 189b-190a
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081127630192
 

Her er Mathias, Nils og Anna nemnde, men ingen Hans. Dette tolkar eg som at Hans måtte vere død i 1811.

 

Skiftet etter siste kona (1810):

Sogn og Fjordane fylke, Svanøy birk i Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 16a (1807-1814), Skifteprotokollside, Side 142b-143a
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081127630145
 

Som forventa finn ein att Mathias og Nils, men ikkje Anna.

 

Skiftet etter Margrethe Arnesdtr. (1785) nemner dei felles borna Hans, 6 år gml. og Ane, 3 år gml. Også dette stemmer med bygdeboka.:

Sogn og Fjordane fylke, Svanøy birk i Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 15 (1779-1806), Skifteprotokollside, Side 99b-100a
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081127620102
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Hans i Rivedal i 1801:

00702Hans Sørensen22Hans børn efter andet ægteskabUgiftNational soldat

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058401000390

 

Vigsel 1804:

brudgomHans SørensenUngkarl og soldatRivdahl

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000002275298

 

Byrjinga på 1800-talet var ei uroleg tid med krig og svolt. Eg finn han ikkje i databasen over dødsfall 1799-1814, og ein kan berre spekulere på om han har blitt sendt i krigen og blitt borte der.

 

Ein mogeleg kandidat for Mari i 1815 blir då denne på garden Sletteland i Dale sokn:

02782Mari Sjursd.44Tjenere

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01070683001478

 

Og ein finn "Tjenestequinde" Mari Sjursdr. Sletteland, 63  år gml. som død 3/3 1837. #33:

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Holmedal, Guddal i Fjaler (Ytre Holmedal), Ministerialbok nr. A 6 (1835-1884), Døde og begravede 1837, Side 319
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20050818031300
 

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Skiftet etter Hans Hansson Helle (Årberg) i 1817 inneheld etter det eg kan sjå ingen opplysningar om borna til Brita Olsdtr.:

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 12b (1817-1821), Skifteprotokollside, Side 221b-222a
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081126700226

 

(Men skiftet stadfestar at ein fann rett person i Gaular).
 

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet (endret)

6 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

 

c. Ole Sjurson, døypt i Aurland 21.10.1770, d. som gardbrukar på Helle 25.9.1835.  Ole gifte seg i Fjaler 5.1.1802 med Orlaug Nilsdotter frå Bakkebø, døypt i Fjaler 4.12.1777.  Ho d. som kårkone på Helle 20.1.1845.  Ole og Orlaug tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Helle og fekk åtte born i lag.

 

 

 

     ##### (sjekka at alle er medkomne?

 

            * Sophia Olsdotter, døypt Helle 1.2.1803

 

            * Jacob Olson, f. 1806 (finn ikkje!)

 

            * Nils Olson, døypt Helle 17.2.1806

 

            * Bernt Olson, f. 1808 (finn ikkje!)

 

            * Jannicke Olsdotter, døypt Helle, Fjaler (Askvoll) 7.7.1813

 

            * Abraham Olson, f. Helle, Fjaler 12.1.1815

 

            * Jens Olson, f. 1817 (finn ikkje!)

 

            * Sjur Olson, f. Helle, Fjaler 21.11.1819)

 

 

Tvillingane Jacob og Nils døypt 17/2 1806, øverst på venstre side:

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Holmedal, Guddal i Fjaler (Ytre Holmedal), Ministerialbok nr. A 3 (1799-1814), Kronologisk liste 1806, Side 97
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070507640394

(I databasen frå fylkesarkivet står det at dei er døypte i Askvoll, men det står det ikkje noko om i kyrkjeboka)
 

"Bærent" døypt 3/7 1808, venstre side:

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Holmedal, Guddal i Fjaler (Ytre Holmedal), Ministerialbok nr. A 3 (1799-1814), Kronologisk liste 1808, Side 120
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070507640418
 

Jens, f. 22/11 og døypt 30/11 1817, høgre side:

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Holmedal, Guddal i Fjaler (Ytre Holmedal), Ministerialbok nr. A 4 (1814-1821), Kronologisk liste 1817, Side 28
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070507640497
 

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Jannike Olsdtr. Helle "jordet" 3/10 1813, 11 veker:

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Holmedal, Guddal i Fjaler (Ytre Holmedal), Ministerialbok nr. A 3 (1799-1814), Kronologisk liste 1813, Side 164
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070507640462
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Det ser ut til å vere fleire samtidige Ole Helle i perioden, noko som gjer det vanskeleg å vite kva for born som høyrer til kvar:

591f7d490a0d9_utennavn.thumb.jpg.8a849b63443142b5a18c088070e9e45c.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Mogeleg kandidat: Bothel. Ganske langt nede på høgre side:

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Holmedal, Guddal i Fjaler (Ytre Holmedal), Ministerialbok nr. A 3 (1799-1814), Kronologisk liste 1811, Side 146
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070507640444
 

Jordet 26/2 1812, høgre side:

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Holmedal, Guddal i Fjaler (Ytre Holmedal), Ministerialbok nr. A 3 (1799-1814), Kronologisk liste 1812, Side 149
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070507640447
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torbjørn for nye interessante innlegg om denne huslyden.

 

Eg har ikkje vore merksam på at kjeldegrunnlaget for Fjaler er so pass «tunt» når det gjeld kyrkjebøker sjølv so langt fram i tid og ser heilt klart at det må ha vore ei skikkeleg utfordring å skriva bygdebøker for Fjaler...!

 

Eg fann ut at gravlagde for Fjaler frå 1854 og utover ikkje ligg inne i databasen hjå Fylkesarkivet, so eg tenkte eg skulle vera «smart» og leita i originalprotokollen etter dødsfallet til Sjur Crispinusson, men den gang ei...  Kanskje flytte han og Anna til Askvoll, og han døydde der?

 

Når det gjeld Mari Sjursdotter og Hans Sørenson, kan du sikkert ha rett i at Hans er utkomandert som soldat og vorten borte på det viset.  Mari Sjursdotter Helløe, fødd i 1774, budde ikkje på Helle i 1801, so ho er truleg den Mari som i 1801 tente på Hellevik, medan Mari Sjursdotter Sletteland truleg er ei heilt anna...?

 

Når det gjeld dei mange borni som er døypt av Ole på Helle, ser det ganske klart ut som om Bottolf frå 1811 høyrer til søskenflokken «vår», og då er «hòlet» i fødselsrekkja fyllt, men kva med Amund i 1805 og Lars i 1807?  Var det ein annan Ole på Helle på same tid??  Nemner bygdeboki noko om dette?

 

Uansett, eg har på ny oppdatert manuskriptet mitt med dei nye detaljane, til erstatning for manuskriptet i innlegg #7 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Sjur Olson Helle, frå Bakka i Aurland, var son av gardbrukar Ole Hansson på Bakka og kona Gro Olsdotter frå Bakka, og vart døypt i Aurland 27.12.1732.  Han gifte seg i Aurland 18.10.1764 med Britha Olsdotter frå Bjørgum i Aurland.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Monsson på Bjørgum og andre kona Synneva Jacobsdotter frå Otternes og vart døypt i Aurland 31.10.1739.  Sjur Olson fekk 12.3.1765 bygsel på heile Bollingberg hjå Sjur Wilkenson.  Men Sjur Olson dreiv ikkje garden lenger enn til 1767.

Sjur Olson og kona Britha flytte i 1767 attende til Aurland der me finn dei att som gardbrukarar på Kvam, men i 1785 flytte parfolket til Fjaler der dei vart gardbrukarar på Helle.  Sjur vart gravlagd frå Helle i Fjaler 14.5.1786, og Britha gifte seg 14.1.1787 att i Fjaler med Hans Hansson frå Årberg i Gaular.  Han var son av gardbrukar Hans Olson på Årberg, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – var han òg derifrå?)

 

og k0na Martha Olsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og var f. i Gaular kring 1750.  Hans og Britha heldt fram som gardbrukarar på Helle i Fjaler der Hans vart gravlagd 6.7.1817.  Britha d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1817!)

 

Sjur og Britha fekk ei dotter, medan dei budde i Luster:

 1. Synneva Sjursdotter, døypt 27.5.1765,

Synneva flytte med foreldri sine til Aurland i 1767 og flytte sidan til Bergen der ho 17.2.1799 gifte seg med Hans Monsson frå Ramsøy i Aurland, son av gardbrukardotteri Bertha Marie, kjend som Maria Olsdotter (Wedscher) frå Fuhr (1737-1811).  Hans vart døypt i Aurland 24.3.1765.  Hans var soldat i Bergen, men han og Synneva flytte alt i 1800 attende til Aurland.  Der var dei mellom anna plassfolk på Bakka, og likeins budde dei nok òg på Dyrdal, men kring 1816 flytte huslyden til plassen Hausahalsen under Vindedal i Lærdal der Synneva d. som husmannskone 30.3.1834.  Hans d. som husmann same staden 16.3.1839.  Dei fekk tre born i lag, men Synneva hadde òg ein son frå før:

a. Sjur Crispinusson, son av Synneva og gardbrukarsonen Crispinus Hansson frå Helle (1767-    ), vart døypt i Fjaler 16.12.1792 og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1861!)

 

     Sjur voks opp som fosterson hjå bestemori på Helle og gifte seg første gongen i Fjaler 11.8.1816 med Mari Pedersdotter frå Vårdal i Fjaler.  Ho vart døypt i Fjaler 4.3.1793 og d. som gardbrukarkone på Vårdal 29.6.1842.  Sjur gifte seg so 17.7.1845 att i Fjaler med Anna Andersdotter frå Stubseid i Askvoll, døypt i Askvoll 29.3.1806.  Som enkje etter Sjur gifte hjo seg att i Askvoll i 1861, og ho d. som kone på Sellevoll i Askvoll 23.4.1895.  Sjur var gardbrukar på Vårdal indre i Fjaler og fekk i alt sju born, som alle var frå første ekteskapet.

 

     ##### (sjekka at alle er medk0mne? – inkl.:

            * Christina Sjursdotter, f. Helle/Vårdal, Fjaler 5.11.1816

            * Ane Birte Sjursdotter, f. Vårdal, Fjaler 24.7.1820

            * Lovise Sjursdotter, f. gdb. Vårdal, Fjaler 13.10.1822

            * Søren Sjurson, f. gdb. Vårdal, Fjaler 13.10.1824

            * Peder Sjurson, f. gdb. Vårdal, Fjaler 30.10.1827

            * Petrine Sjursdotter, f. gdb. Vårdal, Fjaler 24.8.1830

            * Anna Sjursdotter, f. gdb. Vårdal, Fjaler 19.10.1833)

 

b. Bertha Marie Ørbech Hansdotter, f. i Bergen 18.3.1799, d. som legdelem på Øyre i Sogndal 6.2.1875.  Bertha flytte med foreldri til Hausahalsen og gifte seg i Lærdal 2.7.1823 med John Berntson frå Nåtasete i Sogndal.  Han vart døypt i Sogndal 15.11.1789 og d. som husmann på Øyre 22.5.1871.  Bertha og John var først innerstar på Hausahalsen i Lærdal og sidan på Frønningen i Leikanger, men kring 1840 slo dei seg ned som plassfolk i Øyrehagen under Øyre i Sogndal der dei vart buande levetidi ut.  Dei fekk visstnok fire born i lag.

c. Mons Hansson, døypt i Aurland 7.2.1802, d. på Lærdalsøyri i Lærdal 17.12.1880.  Han gifte seg i Lærdal 8.10.1826 med Mari Olsdotter frå plassen Espengarden under Vindedal i Lærdal.  Ho var f. i Lærdal 5.7.1801 og d. som legdelem på Kaupanger 26.7.1899.  Mons og Mari tok over heimeplassen hans på Hausahalsen i Lærdal, men flytte sidan inn til sjølve Lærdalsøyri.  Dei fekk elleve born, mellom anna desse sønene:

- Hans Monsson (1823-1894), vart gift første gongen med Inger Oline, kjend som Olina Olsdotter frå Onstad i Aurland (1817-    ), men utvandra i 1863 til Amerika og vart der borte attgift med Helvig Fredrikke Eriksdotter frå Lærdalsøyri i Lærdal (1842-1917), dotter av innerst Erik Jørgenson Natvig på Lærdalsøyri (1819-    ), som ei tid hadde vore husmann på Loi under Kroken i Hafslo (s.d.).

- Anders Monsson (1840-1879), vart gift med enkja Barbro Larsdotter, opphavleg frå Gjerdet under Lærdalsøyri i Lærdal (1829-1896), dotter av gardbrukarsonen Lars Torbjørnson frå Drevdal nordre (1795-1880) (s.d.).

d. Hans Hansson, døypt i Aurland 19.5.1805, reiste i ung alder til Hammerfest i Finnmark og arbeidde der som urmakar, men kom på kant med loven og vart sett i fengsel på festningi i Hammerfest.  Derifrå rømte han heimatt, og han d. på Hausahalsen i Lærdal 14.12.1833, ugift.

Dette var altso dotteri som Sjur og Britha fekk i Luster.

Men Sjur Olson og kona Britha fekk òg seks born i Aurland:

b. Gro Sjursdotter, døypt i Aurland 23.4.1768, vart gravlagd frå Kvam i Aurland 30.3.1770.

c. Ole Sjurson, døypt i Aurland 21.10.1770, d. som gardbrukar på Helle 25.9.1835.  Ole gifte seg i Fjaler 5.1.1802 med Orlaug Nilsdotter frå Bakkebø, døypt i Fjaler 4.12.1777.  Ho d. som kårkone på Helle 20.1.1845.  Ole og Orlaug tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Helle og fekk ni born i lag.

 

     ##### (sjekka at alle er medkomne?

            * Sophia Olsdotter, døypt Helle 1.2.1803

            * Jacob Olson, døypy Helle 17.2.1806

            * Nils Olson, døypt Helle 17.2.1806

            * Bernt Olson, døypt Helle 3.7.1808

            * Bottolf Olson, døypt Helle 29.9.1811, gravlagd 26.2.1812

            * Jannicke Olsdotter, døypt Helle, Fjaler (Askvoll) 7.7.1813, gravlagd 3.10.1813

            * Abraham Olson, f. Helle, Fjaler 12.1.1815

            * Jens Olson, f. Helle, Fjaler 22.11.1817

            * Sjur Olson, f. Helle, Fjaler 21.11.1819)

 

d. Mari Sjursdotter, døypt i Aurland 20.3.1774, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Mari gifte seg i Fjaler 30.12.1804 med Hans Sørenson frå Rivedal, døypt i Fjaler 15.11.1779.   Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1811!)

 

     ##### (yrke og bustad?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – ingen i Fjaler?)

 

e. Ingeborg Sjursdotter, døypt i Aurland 7.4.1776,

 

     ##### (lagnaden hennar? – n. Helle 1801 med mor si!)

 

f. Britha Sjursdotter, døypt i Aurland 4.10.1778,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

g. Gro Sjursdotter, døypt i Aurland 20.10.1782,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Når det gjeld dei yngste døtrene i søskenflokken på Helle, Britha Sjursdotter 1778 og Gro Sjursdotter 1782, som bokskrivaren kallar for Grethe, ser eg i FT1801 to «kandidatar» som det kanskje kan vera verd å sjå litt meir på:

 

** Bertha Sjursdotter, 24 år gamal kone til Mads Nilsson Fusche på Loftet: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058401000223

 

** Grethe Sjursdotter, 17 år gamal tenar hjå Henrik Nitter på Tysse: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058401000348

 

Kva meiner du, Torbjørn?  Eg ser ikkje nokon av desse korkje vigde eller avlidne i Fjaler!

 

Ein ny kjempetakk til Torbjørn for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!


Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.


Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive