Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Josephine Martine Christoffersen (1858-1912) - frå Bergen til Chicago - opplysningar om mannen Peter Knudson og utvandringane deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har i kveld endå ei utfordring å presentera for Brukarforum.  Det gjeld denne jenta frå Bergen, Josephine Martine Christoffersen (1858-1912), som liksom mann hennar Peter Knudsen utvandra til Amerika, men som eg ikkje finn i passasjerlistene over Bergen hamn!  Er eg blind, eller??

 

Eg har òg spørsmål om opphavi til foreldri hans frå Fana, som eg reknar med at bygdeboki for Fana kan svara på?

 

Endeleg saknar eg dødsfallet til Peter Knudsen i Chicago, IL, men det vert sikkert verre å finna...

 

Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag (for heilskapen sin del tek eg like godt med heile søskenflokken Christoffesen der ogso to brør av Josephine utvandra til Chicago, IL):

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Torkildsdotter (Sandvik), f. i Luster 4.2.1821,

Anna Torkildsdotter flytte til Bergen i 1840-åri og gifte seg der 22.6.1851 med John Christopherson frå Flatset i Frei på Nordmøre, i Bergen kjend som Johan Christoffersen.  Han var son av husmann Christopher Arentsson og kona Maren Johnsdotter på Øyan under Frei og f. der 24.2.1821.  Johan Christoffersen var gesell, og han og Anna budde mellom anna i Ladegaardsgaten, men flytte kring 1860 inn i Rosesmuget i Sandviken der Johan d. 15.3.1893.  Anna Christoffersen d. same staden 14.8.1907.  Dei fekk seks born i lag; dessutan hadde Anna ei dotter frå før:

a. Martha Christophersdotter, kjend som Martha Christoffersen, dotter av Anna og husmann Christopher Olson på Sjøberget under Kroken (1819-1907), var f. i Luster 19.10.1842, men flytte med mori til Bergen i ung alder.  Ho vart buande heime hjå mori og stefaren so lenge som dei levde og arbeidde elles som hushaldar.  Ho d. ugift i Bergen 6.1.1920.

b. Marie Christine Johansdotter Christoffersen, f. i Bergen 24.5.1850, d. ugift i Bergen 29.1.1893.

c. Carl Theodor Johanson Christoffersen, f. i Bergen 24.6.1852, d. i Bergen 9.8.1866.

d. Arndt Johan Johanson Christoffersen, f. i Bergen 15.3.1855, d. i Bergen 4.2.1859.

e. Josephine Martine Johansdotter Christoffersen, f. i Bergen 9.1.1858, utvandra til Amerika i 1882

 

     ##### (year of her emigration to be verified!)

 

     og gifte seg i Chicago, Ill. 5.5.1883 med Peder Olai Johannesson Knudsen frå Bergen, i Amerika kjend som Peter Knudsen.  Han var son av snikkar Johannes Knudsen i Bergen, opphavleg frå Skeie i Fana, og kona Siri Pedersdotter frå Kaland i Fana

 

     ##### (sjekka om desse opphavi stemmer? – kva seier bygdeboki for Fana? – sjå vigsli deira i Fana 1.7.1849: https://media.digitalarkivet.no/view/1901/27

 

     og f. i Bergen 19.2.1856.  Peter utvandra til Amerika i

 

     ##### (year of his emigration? - sister Sara Knudsen (born Fana 1851) emigrated 1885 – married in Chicago, Ill. Nov. 16, 1889 to Carl Monson - Sara died in Chicago, Ill. 1928)

 

     og livnærte seg som ingeniør («engineer»), medan Josephine var syerske («seamstress»).  Dei budde i Chicago, Ill. der Peter d.

 

     ##### (date of his death? - after 1895/prior to 1900! - 1895/1896? - wife bur. Mt. Olive!)

 

     Josephine Knudsen d. same staden 20.11.1912.  Dei fekk tre døtrer i lag.

f. Arndt Johan Johanson Christoffersen, f. i Bergen 11.2.1862, utvandra til Amerika i 1882 og kalla seg der Arent Christofferson.  Han var utlært frisør («barber») frå Bergen, men busette seg i Chicago, Ill. der han livnærte seg som bokbindar («bookbinder»).  Arent d. i Chicago, Ill. 23.3.1926, ugift.

g. Herman Theodor Johanson Christoffersen, f. i Bergen 18.5.1864, utvandra til Amerika med bror sin i 1882 og kalla seg der borte for Herman Christofferson.  Han busette seg òg i Chicago, Ill. der han livnærte seg som pianolærar («piano teacher»).  Herman d. i Chicago, Ill. 2.12.1919, likeins ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven og Kurt for interessante og utfordrande innlegg!

 

Peder var ingeniør - eller kanskje me heller skulle seia maskinarbeidar - i Chicago, og då kan det godt høva med at han var smedsvein då han utvandra til Amerika.  Utvandringstidspunktet stemmer jo òg ganske so bra...

 

Derimot er eg mykje meir i stuss når det gjeld Christoffine, og eg kan vel med ein gong seia det kan IKKJE vera ho, av den enkle òrsak at ho utvandra i oktober 1883, nesten eit halvt år ETTER at ho gifte seg i Chicago...  Kanskje Josephine heller bør søkjast i passasjerlister på amerikansk side...?

 

Elles vonar eg at nokon kan gjera oppslag i bygdeboki for Fana for å sjekka opphavi til Johannes Knudsen og Siri Pedersdotter...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å komplettera dette manuskriptet og lever i voni om at fleire «gullkanta» innlegg vil dukka opp...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
17 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Peter utvandra til Amerika i

 

 

 

     ##### (year of his emigration? - sister Sara Knudsen (born Fana 1851) emigrated 1885 – married in Chicago, Ill. Nov. 16, 1889 to Carl Monson - Sara died in Chicago, Ill. 1928)

 

 

 

 

Her er vel Sara med familie og søsken i f.t. 1865:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038249021976

 

Da Sara ble døpt bodde foreldrene Johannes og Siri på Nedre Midthun i Fana - en av fadderne er Kari Monsdatter Kaland:

Hordaland fylke, Fana, Birkeland i Fana, Ministerialbok nr. A 11 (1851-1862), Fødte og døpte 1851, Side 7
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070221630247.jpg 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye

Her er en kandidat som ankommer 3. nov. 1880, må da ha reist fra Norge i oktober, men finner henne ikke igjen i den norske emigrantbasen.

Name:M Christoffersen

Arrival Date:3 Nov 1880

Birth Date:abt 1858

Age:22

Gender:Female

Ethnicity/ Nationality:Swedish

Place of Origin:Sweden

Port of Departure:Liverpool, England and Queenstown, Ireland

Destination:United States of America

Port of Arrival:New York, New York

Ship Name:Wisconsin

 

M. Christoffersen immigration 1880.jpg

Endret av Kurt Østbye

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

??? - dødsfallene til Siri Pedersdatters foreldre?

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000001754485

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000001754486

 

Peder Monsen Kaland og Sara Engelsdatter Kirkebirkeland giftet seg i Fana i 1822:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000000515086

 

Høyre side nr. 21 - dåpen til Siri: 

Hordaland fylke, Fana, Birkeland i Fana, Ministerialbok nr. A 7 (1816-1828), Fødte og døpte 1821-1822, Side 53
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070504620132.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Giftermålet til Johannes Knudsens foreldre:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000000515379

 

Nr. 21 - venstre side:

Hordaland fylke, Fana, Birkeland i Fana, Ministerialbok nr. A 7 (1816-1828), Fødte og døpte 1828, Side 89
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070504620168.jpg
 

Hans, 1837

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NCPY-24D

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.