Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Anna Emilie Salberg fødd 2. januar 1876, Bakklandet (Bakke), Trondheim – gift/død/utflytta/utvandra mellom 1891 og 1900?


Recommended Posts

Eg søker informasjon om Anna Emilie Salberg. Ho vart fødd 2. januar 1876 og døypt 12. mars same år i Bakklandet (Bakke) sogn i Trondheim (nr. 21) som dotter til Hans Oluf Salberg og Marie Antonsdotter Graffershaugen:

https://media.digitalarkivet.no/kb20050610010939

I 1891 bur Anna Emilie saman med foreldra og 5 sysken i Strinda:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01053104002314

I 1900 bur faren som enkemann med dei to sønene i Trondheim:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037426037765

Mora og dei tre systrene er alle gravlagde Strinda og Trondheim (Bakklandet (Bakke) eller Vår Frue) i mellomtida. Ein eldre bror er gravlagt i Strinda i 1889. I folketeljinga i 1891 er det opplyst at faren ikkje står i statskyrkja (mora gjer det), men alle dødsfalla er ført i den ordinære kyrkjeboka og ikkje i dissenterlister.

Dei to brørne Oscar og Sverre utvandra seinare båe til USA og ser begge ut til å ha budde i Portland, Oregon.

Eg har ikkje klart å finne Anna Emilie i folketeljinga i 1900 eller 1910 og ikkje i emigrantlistene eller amerikanske kjelder. Eg har heller ikkje klart å finne ho gift eller gravlagt i Trondheim og Strinda i det aktuelle tidsrommet.

Er det nokon med betre augo eller andre kjelder som har tips?

Endret av Per S. Nestande

Legger for ordens skyld inn konfirmasjonen - nr. 75: 

Sør-Trøndelag fylke, Lade (Strinda, Moholt) i Strinda, Ministerialbok nr. 606A15 (1886-1893), Konfirmerte 1890, Side 214
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060613120154.jpg
 

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.