Gå til innhold
Arkivverket
Per S. Nestande

Ingvald Lange fødd 1876 i Kristiansund - kanskje flytta til Trondheim - død/utvandra mellom 1885 og 1900?

Recommended Posts

Per S. Nestande

Eg søker informasjon om Ingvald Lange fødd 1876, Kristiansund. Han er son til Hans A. Lange og Ågot (Agata) I. Stavem (som eg tidlegare har fått hjelp til her: https://forum.arkivverket.no/topic/204700-l%C3%B8yst-agate-%C3%A5got-fca-1843-fr%C3%A5-grytten-til-kristiansund-og-trondheim-%E2%80%93-foreldre/#comment-1725841)

I 1885 bur han saman med foreldra og 4 sysken i Kristiansund:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01053299009727

Broren Anton vart konfirmert der same år og systera Hanna vart konfirmert i Kristiansund i 1888 (nr. 157):

https://media.digitalarkivet.no/kb20071017620434

Eg har bladd gjennom den skanna versjonen av folkteljinga for 1891 i Kristiansund, men ikkje funne familien der det året.

Trass brende kantar ser konfirmantlistene i Kristiansund ut til å vere relativt komplette, men eg har ikkje funne konfirmasjonen til Ingvald og syskena Teodor og Adolfine der. Eg har heller ikkje funne dei tre konformerte i Trondheim eller Strinda.

Foreldra og syskena til Ingvald flytta etter kvart til Trondheim og bur der i 1900:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037426031505

Eldstebroren Anton bur framleis i Kristiansund i 1900:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037372007927

Eg har ikkje funne Ingvald i 1900 eller 1910 og heller ikkje gravlagt i Trondheim eller Kristiansund i før 1900 eller i emigrantlistene.

DIS Gravminner har ein Ingvald Lange som er gravlagt i Trondheim 16.11.1962, men ikkje informasjon om fødselsåret hans.

 

Er det nokon med betre augo som finn meir om Ingvald eller som har tips om når han døydde og eventuell etterslekt?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Kilde: Trondheimsbasen 2017

ingvald lange.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per S. Nestande

Tusen takk. Det ser jo lovande ut. 

 

Da er spørsmålet kor Ingvald var i 1900 og 1910 og om han var gift og hadde barn?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

?

 

Ingval Lang?

Massachusetts, Boston, Crew Lists
Name Ingval Lang?
Event Type Immigration
Event Date 1900
Event Place Boston, Massachusetts, United States
Gender Unknown
Age 24
Birth Country Norway
Ship Name Roger Drury

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:QKCB-LH8M

 

View the original document. 

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per S. Nestande

Hei!

 

Nordisk Tidenede nemner 11. mai 1899 at det er uavhenta brev til Ingvald Lange i sjømannskyrkja i Brooklyn:

 

Det same opplyser Nordisk Tidene 12. juli og 15. november 1900.

 

Stavanger Aftenblad 1. juli1912 nemner ein Ingvald Lange mellom dei som har greidd styrmannseksamen:

 
Boka Romsdalingar i Amerika nemner at ein Ingvald Lange var president i Romsdalslaget on the West Coast i åra 1936-1937 side 187.
 

Det kan sjå ut som Ingvald var til sjøs og kanskje seinare busett i USA? 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.