Gå til innhold
Arkivverket
Ivar Moe

Sogn og Fjordane - Søker aner til Anne Andersdatter Wallager f. ca 1791 i Hafslo, gift i Bergen 1821 med Absalon Johnsen fra Lunde i Nordfjord.

Recommended Posts

Ivar Moe

Anne Andersdatter Wallager , er oppgitt ved vielsen å være født 1791 i Hafsloe i Leerdahl.

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000001215165

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8727/85389/20

 

Absalon Johnsen f. 1798 finner jeg igjen i Lunde ytre, Innvik i Nordfjord i folketelling 1801.

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058410001768

 

De får minst 5 barn alle født i Bergen

 

!822 - Rasmus

1824 - Berthe

1826 - Johan

1829 - Randine

1831 - Cornelius

1834 - Anne Gurine

 

Men mora Anne er det verre med. Kan det være hun er født i Lærdal og ikke i Hafslo ?

 

 

Mvh

Ivar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
Grethe Flood
Ivar Moe

Hei og tusen takk Grethe

 

Dette var en spennende vinkling på saken. Det kan virke som noen har surret med Wallager i Innvik og Wallaker i Hafslo.

 

Og kjempehyggelig at du fant disse hjemstavnsprotokollene , veldig interessant lesning.

 

Jeg får la innlegget "henge" litt her å se om andre har noe de vil bidra med

 

Mvh

Ivar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Heisan Ivar!

 

Du skal nok til Hafslo ogso denne gongen.  Her er huslyden til Anna som prenta under husmannsplassen Botnen 3 under gnr, 155 Hillestad på Hafslo (bygdeboki band X):

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

 7. Anna Andersdotter, døypt (Hafslo) 6.7.1791,

Anna Andersdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 11.2.1821 gifte seg med Absalon Johnson frå Lunde i Ned-Stryn, Innvik, i Bergen kjend som Absalon Johnsen.  Han var son av strandsitjar John Simonson på ein plass under Lunde ytre, opphavleg frå Lunde, og kona Britha Endresdotter frå Ytreeide og vart døypt i Innvik 23.2.1799.  Absalon var smedsvein og sidan dagarbeidar, og han og Anna budde ulike stader på Nordnes i Bergen, men Absalon d. på sjukehuset i Bergen 19.7.1843.  Anna Johnsen d. som enkje og almisselem (legdelem) i Bergen 2.1.1861.  Dei fekk sju born i lag:

a. Johan Andreas Absalonsen, f. i Bergen 25.12.1819, d. i Bergen 23.3.1820.

b. Rasmus Olai Absalonsen, f. i Bergen 1.6.1822, d. i Bergen 17.8.1843.  Rasmus var blokkmakarsvein og budde i Bergen, men d. ugift.

c. Bertha Marie Absalonsen, f. i Bergen 9.8.1824, d. i Bergen 27.3.1887.  Bertha gifte seg første gongen i Bergen 4.7.1847 med Ole Nilsson frå Ystebø på Radøy, Lindås, kjend i Bergen som Ole Nilsen, f. på Lindås 10.12.1821.  Ole var matros, og han og Bertha vart buande i Bergen, men Ole vart visstnok borte på sjøen kring 1852, og etter sju år utan livsteikn kunne Bertha 26.6.1859 gifta seg att i Bergen med Christian Bentson frå ein plass under Hove i Feios, Leikanger, i Bergen kjend som Christian Bentsen.  Han var f. i Leikanger 8.9.1833 og d. i Bergen 23.4.1893.  Christian var stuert i mange år, men vart sidan flyttmann.  Han og Bertha budde i Bergen levetidi ut.  Bertha fekk i alt fem born, fire frå første ekteskapet og eitt medan ho i fleire år levde separert frå Christian.

d. Johan Andreas Absalonsen, f. i Bergen 28.10.1826, reiste visstnok ut som matros, men vart i 1846 stroken av rullen ”som død paa en Reise med skipper Jacob Christensen".  Johan var ugift.

e. Randine Absalonsen, f. i Bergen 30.3.1829, d. som skomakarkone i Ålesund 18.4.1884.  Ho flytte kring 1850 til Ålesund der ho 31.10.1854 gifte seg med Severin Daniel Jacobson Weibust frå Ålesund, f. i Ålesund (Borgund) 3.1.1832.  Han d. som enkjemann i Ålesund 28.2.1911.  Severin Weibust var skomakarmeister, og han og Randine vart buande i Ålesund levetidi ut.  Dei fekk fem born i lag, men Randine hadde òg ei dotter frå før.

f. Cornelius Absalonsen, f. i Bergen 1.9.1831, skal alt i 1844 vera faren til Nordland og budde i 1865 på fattighuset på Kortvik i Vågan med ”nogen Understøttelse” derifrå.  I 1866 ser me so at han utvandra til Amerika, men lagnaden hans der borte er førebels ukjend.

g. Anna Gurine Absalonsdotter Johnsen, f. i Bergen 13.9.1834, d. i Bergen 31.10.1908.  Anna var dagarbeidar og reingjeringsassistent og budde i Bergen levetidi ut.  Ho var ugift, men fekk to søner.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Foreldri til denne Anna flytte ganske ofte, og dei budde under Valaker då Anna var fødd, men hamna altso som plassfolk i Botnen under Hillestad:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Iverson Botnen, opphavleg frå Alme, var f. kring 1752 og vart gravlagd frå Botnen 8.10.1814.  Han gifte seg 29.10.1777 med Randi Haaversdotter frå Haugen i Kinserdalen under Urnes.  Ho var f. kring 1752 og vart gravlagd frå Botnen 29.5.1814.  Anders og Randi budde mange stader.  Alt i 1781 er dei nemnde i Botnen, men i 1783 var dei i Halseteigen, i 1786 på Neshaugen, og i 1791 under Valaker.  Men på 1790-talet flytte dei inn att i Botnen, truleg på denne plassen.  Dei hadde vanskar med å greia seg og var frå 1801 understøtta av fattigkassa som legdelemar.  Dei vart likevel buande i Botnen levetidi ut.  Dei fekk åtte born i lag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Vonar dette er til hjelp for deg!

 

Og kan du supplera med fleire opplysningar om sønene Johan og Cornelius, tek eg imot med òpne armar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe

Hei der Lars og igjen takk for strålende hjelp

 

Den var litt "tricky" denne saken, så er svært glad den nå er oppklart

Skal gi beskjed om jeg finner noen nye opplysninger om Johan og Cornelius

 

Mvh

Ivar

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.