Gå til innhold
Arkivverket
Thore Senneset

Christian Castensen Igland - Innvandra frå Holstein?

Recommended Posts

Thore Senneset

I arbeidet med nokre svært så fjerne aner kom eg over ein spennande fyr. Militærmanntalet for Kinn i 1704 nemner ein kar ved namn Christian Castensen, busett på garden Igland i Bremanger, 41 år gamal med fødestad Holstein. Albert Joleik nemner den same karen i si bygdebok for Bremanger, her omtala som "Kristen Kastenson (frå Holstein!)". Utropsteiknet kan vel tyde på at også Joleik fann dette overraskande... (Litt av utfordringa med Joleik er den konstante "fornorskinga" av namn som han dreiv med, Gregorius i originalkjeldene blir fort til Griggus i bygdebøkene...)

 

Christian er også nevnt i manntalet i 1701, dog utan referansen til Holstein. Bygdeboka nemner også ein "Kristjan" i 1709 som Joleik antydar kan vere den same som "Kristen" nokre år tidlegare. Den godaste Christian døyr i følge Joleik ein gong før 1723 (for då er det enkja hans som er brukar på garden).

 

Spørsmålet er: Kjenner andre til "innvandring" frå Holstein til Vestlandet (eller landet for øvrig) på 1600-talet? Er det kanskje andre som har Christian Castenson blant sine aner og som veit noko meir om han?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×