Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Problem med tidsrekningi i Slidre kring 1832/1833 - opphavi til foreldri og utvandringsåret til sonen?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg er på leiting etter opplysningar om Ole Torstenson Hegge frå Slidre i Valdres og støtte på desse opplysningane i kyrkjebøkene frå Slidre:

 

* Torsten Olson Hegge, gardbrukar, 27 år og Anna Torstensdotter Haugen(?), gardbrukardotter, 19 år, gifte seg i Slidre 20.6.1833: https://media.digitalarkivet.no/view/9391/205

 

* Men sonen Ole var tilsynelatande «ektefødd» alt 25.1.1832 og døypt 25.2.1832 av foreldri, gardbrukarar på Hegge: https://media.digitalarkivet.no/view/9391/156

 

Ole Torstenson Hegge utvandra til Amerika før 1858, for kring dette året vart han «naturalisert» i Atchison, KS.

 

Kan nokon med lokal kunnskap og eventuelt bruk av ei bygdebok hjelpa meg finna svar på følgjande:

 

** Kan de stadfesta at Torsten og Anna vart buande som gardbrukarar på Hegge i Slidre?  Eg har nemlig eit notat som seier at dei sidan vart innerstar same stad!?

 

** Er det tale om Vestre eller Austre Slidre?

 

** Frå kva gard/plass hadde Torsten Olson opphavet sitt?

 

** Frå kva gard/plass hadde Anna Torstensdotter opphavet sitt?

 

** Og kva år utvandra Ole Torstenson Hegge til Amerika?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum
Ole Torstensen

Norway Baptisms, 1634-1927

birth:
25 January 1832
 
christening:
25 February 1832
, OSTRE SLIDRE, OPLAND, NORWAY
residence:
1832
Østre Slidre, Oppland, Norway
father:
Tosten Olsen
mother:
Anne Tostensdr

 

----

 

Tosten Torstensen

Norway Baptisms, 1634-1927

birth:
28 February 1834
 
christening:
28 March 1834
, OSTRE SLIDRE, OPLAND, NORWAY
residence:
1834
Østre Slidre, Oppland, Norway
father:
Tosten Olsen
mother:
Anne Tostensdr

 

SAH, Slidre prestekontor, Klokkerbok nr. 2, 1814-1839, s. 362-363
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070603990335
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for interessante innlegg om denne ætti frå Hegge i Slidre.

 

Diverre kan eg ikkje sjå at det står noko om «status» til foreldri då Ole vart konfirmert i 1847, so kan henda lyt me likevel finna ei bygdebok for å få svar på spørsmåli mine frå innlegg #1?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden og opphavi deira...!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Leif B. Mathiesen

Utsnitt fra bygdeboken  Østre Slidre.

 

 

Hegge1.jpg

Hegge2.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Leif Bjørn for eit skikkeleg godt og nyttig innlegg!

 

Desse sidene frå bygdeboki gjev meg svar på alle spørsmåli mine, og problemet er soleis med eitt løyst!

 

Nok ein kjempetakk for framifrå bistand med denne utfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×